12. juni 2020
Lesehest, eller skal eg seie lesefugl?!
Seinvakt på jobb, og dimed ein roleg start på dagen. Ute er det blå himmel, og om ikkje så altfor lenge tenkjer eg å setje meg ut på balkongen med ei bok i fanget. Herleg med dagar som liknar på sommar. Som er sommar. I helga skal eg jobbe, så dei neste dagane kjem til å gå i eitt. Elles ikkje så mykje nytt å fortelje, men tenkte eg skulle spreie litt glede med fire bilete av kulaste Zalo. Han var jo på besøk hos oss to gongar førre månad, og med alt det rare han finn på, var kameraet framme støtt og stadig. Mat er alltid ein slager, og det å sitje på handa eller hovudet til mannen min, det er noko av det aller finaste. Og eg som er ein ekte lesehest synest det er litt ekstra stas når han kjem flygande for å setje seg ned på boka som eg les – det er akkurat som om han vil vere med på å lese den same boka. Tihi! No byrjar sola å skine på balkongen, så det einaste som gjenstår er: god helg!
Merkelapp
hygge
10. juni 2020
Sommarlyset
Alt det grøne. Lyset gjennom dei grøne blada ute i skogen. Skarpt, samstundes som det er gyllent. Den skarpe sommarsola. Ikkje lenger mørkt ute når eg syklar til jobb tidleg om morgonen, eller når eg skal heim etter kveldsvakta. Skogstur i nærområdet blant alt det grøne. Eg går rundt og smiler, samlar energi. Sommarlyset, særskilt om morgonen og utpå dagen. Vakkert. Sommarlyset.
8. juni 2020
God sundagsmiddag på ein fin restaurant 🍽
Lenge sidan førre gong me var ute og åt ein betre middag. Mykje har jo vore stengt, men fleire og fleire plassar er no opne. Kvart år prøver me å komme oss til Kronen Gaard omtrent på denne tida. For det var der me hadde bryllaupsfesten vår, og me feirar bryllaupsdagane våre med ein god middag kvar vår eller tidleg sommar i restauranten. Kronen Gaard er ein del av De Historiske, og interiøret og stilen er fint og klassisk. Me fekk bord ved eit vindauge og kunne sjå rett ut på den vakre og grøne bjørka, den bjørka der me stod ute med forlovarane våre for dryge fem år sidan.
Bjørka farga håret mitt gjennom vindauget, så eg ser litt grøn ut på den eine sida. Tihi! Me valde kvar vår middagsrett, og til dessert hadde eg sjokoladefondant og han vaniljeparfait. Alt smakte heilt fortreffeleg! I glaset hadde me kjempegod bringebærsaft frå Safteriet, og eg synest det er stas og veldig bra at dei bruker mange lokale råvarer. Koseleg date på ein av våre favorittplassar!

bryllaup,
mat og drikke
7. juni 2020
Tilbake i hallen
Å stå opp halv fem om morgonen, eller skal me seie midt på natta, er ikkje det eg er størst fan av. Men eg kan ikkje seie noko anna enn at det er kjekt å vere tilbake på jobb. I svømmehallen om det ikkje var klart. Rart å vere tilbake etter fem veker i uteavdelinga, samstundes gjekk det fort å komme inn i rutinane igjen. Så klart, det er meir fokus på reinhald og foreløpig ikkje billettlukevakt sidan det ikkje er opent for publikumsbading, men elles er det som det pleier å vere. Gøy å sjå kollegaene mine også sidan me har jobba på forskjellige plassar i uteavdelinga. Etter jobb har eg lese mykje og slappa av med ein serie eller to. Innimellom prøver eg å lese litt om og forstå kvifor det no er fleire demonstrasjonar i samband med #blacklivesmatter. For eg innrømmer at eg synest det kan bli mykje og vanskeleg å skjønne alt. Men eg ønskjer å lære meir, ønskjer å ha meir kunnskap om kvifor det har blitt slik og korleis me kan få til ei endring. Generelt sett håper eg på eit varmare samfunn. Det er lov til å håpe. No er det snart leggjetid her hos oss, men fyrst ei liste:
✦ Det store ødet, kjempegod bok med sterke kvinnekarakterar (minner meg om denne og denne)
✦ spennande å sjå sesongfinalen av Outlander
✦ sykle til jobben ti over fem om morgonen, lite trafikk, (nesten) berre fuglane og meg
✦ tihi, ein søt kvalp i lag med ein grøn papegøye
✦ Anna María har måla og brodert på ei heilt vanleg, kvit T-skjorte, og resultatet er kjempekult
✦ blomar ute på ein gåtur i nærområdet
✦ Judi Dench og barnebarnet på TikTok, eg ler høgt, for ei herleg dame
✦ ein god lesehaug til helga
✦ minielefant ute i gjørma, så artig å sjå på
✦ stilig lys i Ryfylketunnelen
✦ lange skuggar og grønt tre ein solskinsdag
✦ reklamefilm for NiS, og om ein ser etter, kan ein skimte meg inne i svømmehallen ;)
✦ ha sundagsbesøk eit søskenbarn me ikkje hadde sett på lenge
✦ og sidan sundagsmiddag og litt quiz i lag med broremann
✦ ny vlog frå Jonna, ho er så dyktig på å fange stemninga og Grundtjärn ser så vakkert ut
✦ kaffi, månadens litteraturprisvinnar og Kvikk lunsj – akkurat passe sundagsmorgon
✦ kapittel åtte frå den fyrste HP-boka, er kjempegøy å høyre denne boka bli lesen av fleire personar
✦ Sally Thornes 99 Percent Mine var for klisjé, men den tok seg opp mot slutten
✦ "Litt hverdagsnytt" inne hos Et katteliv – sånt som kan lyse opp grå dagar
✦ gledeleg gjensyn med Downton Abbey-gjengen då eg såg filmen nyleg

sundagsliste
5. juni 2020
Fredagsbøker og eit par tankar
Som vanleg har eg mange bøker som ligg og ventar på meg, og denne fredagen er akkurat slik. Fyrste veke tilbake i svømmehallen er unnagjort, det er langhelg og vêret for helga – om ein ser på vêrmeldinga – viser litt sol og ein god del regn. Eg satsar difor på å kunne lese ein god del i løpet av dei neste dagane. Ikkje for det, innimellom blir det kanskje ein liten gåtur, kryssord og ein episode av ein kjekk TV-serie. Men du skjønner kva eg meiner. Akkurat no er eg i gong med litt for mange bøker på ein gong, men ha, ha, det er akkurat slik det pleier å vere ;) Skal i alle fall lese ein litteraturprisvinnar og ei Christie-bok i løpet av juni. Juni er også årets pridemånad, og eg har difor funne ei bok som kan passe bra. Til no liker eg den veldig godt. Sidan det også er fokus på rasisme og #blacklivesmatter i desse dagar, ønskte eg å finne ei bok der hovudpersonen, i tillegg til forfattaren, ikkje er kvite. For sjølv om eg ikkje er veldig politisk av meg, kjenner eg at no har eg, me, alle saman, ein sjanse til å lese, forstå, lytte, lære meir. Det handlar om kunnskap, det handlar om å sjå at dette er strukturelt, ikkje berre i USA, men i store delar av verda. Rasisme skjer også her i Noreg, og me må ikkje vere redde for å ta diskusjonen. Eigentleg skulle eg berre blogge eit bittelite innlegg om bokhaugen min for tida, men eg kjente at eg berre måtte skrive ned eit par tankar.
Merkelapp
bøker,
kvardag,
tankar og skribleri
3. juni 2020
Perfekt badeplass!
Dalevatnet, eg trur eg har funne den perfekte badeplassen! Okei, eg skal innrømme at det var litt kaldt, slik som det ofte er når ein badar i fjellvatn, men likevel innmari herleg. Kunne gjerne ha bada meir, men eg får ha det til gode, for vatnet var berre fyrste målet på turen, og me ønskja å komme oss vidare. Ei and var også ute og tok seg ein badetur, og det skjønner eg godt ;)
Merkelapp
tur
2. juni 2020
Ein bryllaupsdagsbukett
Godt å vere tilbake i svømmehallen igjen. Mykje info i dag om alle tiltaka og korleis dei neste vekene kjem til å bli. Me ser allereie no at sjølv om hallen opnar litt etter litt, vil det gå ei god stund før me eventuelt kan gå tilbake til ein slags normal, men det var me førebudde på. Dette er nytt for oss alle, og vegen blir til medan ein går. Her heime har eg lese littegrann og elles titta på den vakre buketten me fekk av mamma og pappa på bryllaupsdagen vår. Herlege fargekombinasjonar!
Merkelapp
bryllaup,
interiør og bustad
Abonner på:
Innlegg (Atom)