Kanskje ikkje så mange bilete denne veka, men det likevel vore ei bra og fin veke. Dagane har gått fort med nokre ekstravakter på jobb i tillegg til helgejobbing. Noko av det kjekkaste har vore å verkeleg kose meg med Fremdeles meg, den siste boka av Jojo Moyes om Louisa Clark og hennar eventyr. Einaste er at eg gjerne kunne ha lese tre bøker til i den serien. Sidan eg jobba i går, har også helga gått fort, men me avslutta den på topp med mamma og pappa på lunsj- og kaffibesøk. Morsdag og fastelavn går jo som hand i hanske ;) Og med det er det på tide å poste sundagslista:
✦ storkose meg med kaffi og boka Fremdeles meg
✦ er jo ein draum å sitje på ein kafé eller bar som alle har bøker til felles
✦ ha på meg ullgenseren med dei fine blomane på jobb
✦ ei tidlegare klasseveninne skriv veldig bra om det å bruke mindre plast og leve meir minimalistisk
✦ gå til jobb ein av dagane då det låg eit lite lag med snø rundt Mosvatnet
✦ fordi eg sjølv har vore den jenta som følte at ingen bukser passa
✦ TTT – ting tar tid – men å lage eit lite album frå bryllaupsfesten vår
✦ tøff, nydeleg og rørande adopsjonshistorie inne hos The Larson House
✦ halde fram med å øve på fransk med Duolingo og Cofffee Break French
✦ "Bohemian Rhapsody Goes To The Movies" – kul versjon med mange filmreferansar
✦ dagslys inn gjennom dei store takvindauga på jobb
✦ humorprogrammet Hit for hit på NRK Nett-TV
✦ småhumra for meg sjølv då eg såg dette Donald-kartet over "Stavander"
✦ gjere i stand til boksal på jobb
✦ er så einig med Julianne om det å ha personlege ting i heimen, ting som verkeleg betyr noko
✦ høyre meir på det nyaste albumet til Glen Hansard
✦ den søtaste hunden eg har sett på lenge
✦ gode kveitebollar med vaniljekrem i samband med fastelavn og morsdag
11. feb. 2018
10. feb. 2018
Reiseguide og ordbøker når det bøttar ned ute
Kjekt å sjå fram til ein Canadatur når vêret er slik det var i går. Grått og regntung frå ende til annan. Regndropar på ruta, stearinlys i vindauget. Det er endå ei stund til mai (og godt er det, for viss ikkje hadde året gått altfor fort), men det må vere lov å glede seg litt. Kanskje særskilt på slike grå dagar. Tidlegare i dag var eg på jobb, og i denne augneblink ventar te og ei bra krimbok.
9. feb. 2018
Ny musikk rett før helga
Glen Hansard er ute med med nytt album. Eg lurte ei stund på om eg skulle kjøpe det eller ikkje, for eg må innrømme at no når Spotify er så tilgjengeleg, kjøper eg sjeldan CD-ar. Men det er jo eit eller anna ved å ha noko fysisk i staden for å "berre" ha det på dataen. Det forrige albumet som kom ut i 2015, har eg også i eit fysisk format, så eg enda opp med å også kjøpe det nyaste albumet, Between Two Shores. Har foreløpig høyrt gjennom det ein gong, og eg liker det. Didn't He Ramble, hans forrige album, er noko meir rocka og variert. Det nye albumet er roleg og litt melankolsk der mange av songane er om kjærleik og samlivsbrot. Kanskje er det klisjé og når det gjeld samlivsbrot, er det ikkje akkurat der eg er i livet. Likevel – Hansard har ei stemme eg aldri blir lei. Det er godt å setje meg ned ein kveld med den nye CD-en og eit stearinlys medan det er mørkt og regntungt ute.
Merkelapp
musikk
7. feb. 2018
Beina fatt til jobb
Stas å sykle til jobb etter nokre veker med snøføre og ein sykkel til reparasjon. Stod opp i dag, og ute var det jaggu meg kvitt. Såpass kvitt at eg lot sykkelen stå. Kjipt, men vêret får ein ikkje gjort noko med (og når ein bur i Stavanger, må ein rett og slett vere førebudd på at vêret skiftar før ein aner det). Men sidan eg skulle ha seinvakta på jobb, hadde eg passe med tid til å gå til jobben i staden for å busse. Heilt kvitt og med eit hint av blått rundt Mosvatnet då eg traska i veg. Kjekk dag på jobb med blant anna lesestund, klargjering av nye bøker og ommerking av filmar. No i kveld blir det franskøving, te og til slutt det supre programmet Eides språksjov med Linda Eide i spissen.
Merkelapp
kvardag
5. feb. 2018
Liten og fin sundagstur i solskin og kaldt vêr
Sola stod høgt på himmelen i går, og etter å ha unnagjort nokre småting i heimen, tok me på oss godt med klede og gjekk ein liten tur. Kanonutsikt frå Ullandhaugtårnet, for det var så opent og klart. På tårnet hang framleis juletrelysa tett i tett. Skuggane var lange og før me vende nasen heimover, delte me ein vaffel som me kjøpte i kaféen der oppe. Det var minusgradar og kaldt, men det er så mykje i naturen som med eitt blir hakket vakrare. Og eit lite silhuettbilete av oss to blei det også før me traska heim til kaffi, fransk med Duolingo og ein elles roleg sundagskveld.
Merkelapp
tur
4. feb. 2018
Franskøving og ei reise til Canada
Som tittelen på blogginnlegget seier, skal eg skrive noko om fransk og Canada. Fyrst vil eg likevel få seie at denne veka har vore mykje meir enn "berre" det med konsertar, teammøte på jobb, sol, kinobesøk, besøk hos eit venepar og ikkje minst timar med lesing. Men over til tittelen. Me skal nemleg til Canada no i vår. Mannen min skal til byen Moncton i tre månadar i samband med phd.-graden han held på med. Eg skal besøke han dryge tre veker i mai. Det er difor me prøver å lære oss fransk, for Moncton ligg i New Brunswick, den einaste provinsen som offisielt er tospråkleg (fransk og engelsk). Rett og slett veldig spennande! Under er veka mi i mange kjekke og fine punkt:
✦ tinge flybillettar til Moncton i Canada
✦ date med høgtlesing av lappane frå minneglaset og eit glas med vin
✦ 8 flotte bruktmarknadar i Europa som eg gjerne tar turen til
✦ lese ut den rå og samstundes fine boka Call Me By Your Name
✦ boka er forresten nominert til Oscar, og her er det ei som har gått i filmens fotspor
✦ gå forbi eit fint hus i like fine fargar på veg til jobb
✦ konsertdag med orkesteret omtrent heile fredagen
✦ "5 Literary Heroines Who Were Feminists Before Feminism Even Existed"
✦ heimelaga latte og ei bra krimbok er alltid ein slagar
✦ øve meir på fransk med Duolingo og Coffee Break French
✦ "Cavatina" med 2CELLOS
✦ sjå dokumentaren Ex Libris: New York Public Library på Cinemateket
✦ vinter kan vere vakkert, noko Emily verkeleg har klart å fange
✦ nydeleg solnedgang på veg til bussen i halv seks-tida i går kveld
✦ liten sundagstur opp til Ullandhaugtårnet (beste utsikta) i herleg vintervêr
✦ denne lista med dei beste britiske filmkarakterane med blant anna Mary Poppins, Billy Elliot, Harry Potter og James Bond
✦ laurdagskveld hos eit venepar med god mat, mykje prat, latter og koseleg borddekorasjon
✦ "Hjerneflukten fra Norge" – bra ytring om mastergrad og flerkulturell bakgrunn
✦ kaffipause med bok og finaste handlenettet, for sånt må til når ein har fire konsertar på ein dag
✦ bra, effektivt og kjekt møte med mine nærmaste kollegaer
✦ eg har kanskje delt denne før, men ein liten artikkel med 14 nydeleg bokbutikkar
✦ lange skuggar laga av sola, så herleg at det stadig blir lysare ute

sundagsliste
2. feb. 2018
Konsertdag
Og kva har ei bok med konsert å gjere?! Vel, med tre skulekonsertar på dagtid og ein vanleg konsert på kveldstid, må det vere lov til å ta ein pause eller to med ei god bok. For akkurat slik har denne fredagen vore. Me spelte skulekonsertane tidlegare i dag og ventar no på at klokka skal bli seks. Ute skin sola, solstrålane tittar inn i stova og ei god bok ligg foran meg. Ein travel og herleg fredag.
Merkelapp
bøker,
korps og orkester
Abonner på:
Innlegg (Atom)