21. juni 2026

Liten bursdagsis






Synest nesten at desse vekesoppsummeringane kjem fortare og fortare. Det er ikkje fyrste gongen eg skriv at eg ikkje skjønner kor våren blei av, men eg meiner det framleis. Juni er godt over halvvegs og sommaren godt i gong. Her i byen vekslar sommarkjensla veldig, for sjølv om det har vore heilt nydeleg i dag (og eit par andre dagar), har det også vore dagar med mykje vind og regn, og ein av morgonane låg det tjukk tåke då eg stod opp og var på veg til jobben. Angåande jobb; det er litt mindre trykk på kundeservice no, men det er likevel ein god del å gjere med å ordne klikk og hent-ordrane, rydde ved kasseområdet og på lageret og så klart var me alle med på opninga av Littbonde-butikken i sentrum. Min betre halvdel hadde bursdag på torsdag – hipp, hipp hurra for han som gjer dagane lysare! Helga var både tur, handlerunde, avslapping og til slutt middag med historisk sus:
 
✦ ungdomstida er vanskeleg for mange, og Grimaldis En skjør tid skildrar dette sårt og med ei nerve
✦ lesing i hagen og ein is til dessert, såpass måtte det vere når mannen i huset hadde bursdag
✦ alt det grøne ved Mosvatnet på denne tida av året! 
✦ mange flotte og gode produkt i Littbonde-butikken
✦ og stas at dei skreiv om butikkopninga i Aftenbladet 
✦ å vere tilbake i Fjällbacka med Sørgekonen var kjekt sjølv om eg ikkje var heilt nøgd med slutten 
✦ crème brûlée til dessert i dag ute på Kronen Gaard
✦ trass gråvêr nokre av dagane, har me hatt eit par kveldar med lesing i hagen 
✦ gjorde godt å gå ein tur akkurat passe lang tur langs Hafrsfjord i går før regnskolet kom
✦ geitekillingar i fargerike genserar – det blir ikkje søtare enn dette! 
✦ lesestund (ein klassikar i mitt hjarte) og ein liten drink til kvar av oss 
✦ bruktbutikkar har alltid mykje kjekt å sjå på 
✦ kaninbesøk på jobb, det er kvardagsglede, det! 
✦ 10 uavhengige bokhandlarar i Storbritannia, kanskje me kan besøke nokre av dei i sommar?! 
✦ skuggespel på sofaen 
✦ knallgod, heimelaga pizza og fyrste halvdel av ein fransk film i lag med mannen min 
✦ høyre på lydbok medan eg gjorde kontorarbeid 
✦ ny bok med Leseklubben: Brødrene Løvehjerte av Astrid Lindgren, ein ekte barnebokklassikar 
✦ om ein snau månad kjem siste del av Heartstopper ut på Netflix, og traileren er nettopp sluppe 
✦ ha, ha, me følte at nokon glodde på oss langs turstien i går 
✦ eg er ingen Excel-ekspert, men gøy å prøve meg litt fram der i samband med jobboppgåver  
✦ Aslaug Vaa med Skjenkarsveinens visur er den sjette forfattaren i mi eiga leseutfordring for 2026

18. juni 2026

Gardsbutikken er open!






Og der var butikken open! Kjempegøy å vere med på opninga av Littbonde-butikken på tysdag. Superstolt av all jobben den gode gjengen har gjort til siste sekund, og like stolt over gutta som har hatt dette som ein draum ei god stund: ein liten gardsbutikk i byen. Varaordføraren var med på opninga, pressen var der og ikkje minst kom det mange kundar som alle ville sjå butikken og handle fine gåver og lokale matvarer. Eg vil påstå at her er det noko for ein kvar smak.
 





Kleppes mikrobakeri leverer knallgode surdeigsbrød og andre bakevarer, frå Chewy's finn ein cookies som får ein til å sikle, hudkrem frå Symre, fine bivokslys frå Bolstadøyri, kaffi og diverse krydder står stabla i hyllene, og så kan ein også finne søte og koselege interiørartiklar. Så neste gong du er i Stavanger sentrum, må du ta deg ein tur innom Littbonde i Pedersgata 57.

16. juni 2026

Ikkje lenger nærmaste nabo





I elleve år, var Mosvatnet ein av våre nærmaste naboar. No er det ikkje det lenger. Men i går tok me syklane fatt, sette dei ved kunstmuseet og traska ein runde rundt vatnet. Vêret var sånn akkurat passe junivarmt. Svanefamilien låg i graset og slappa av, me såg dei rare og søte sothøneungane, og i eit av dei små tjerna som ligg på den andre sida av løypa, fekk me auge på gule vassliljer. 
 



Grøne tre overalt, lukta av sommar. Stilla på vatnet, lyden av alle fuglane som song. Stor rododendron ved ei gangbru, og blomane var knallilla. Tilbake ved sykkelstativet, stakk me innom Mostun natursenter som var ope. Me sat på ein benk og delte ein vaffel og ein kopp med kaffi, prata litt og slappa av. Høyrde kråkene seie "kra-kra" medan dei spankulerte rundt oss og ville ha mat. Slik sat me ei lita stund før me sette oss på syklane og sykla heim til vårt nye nabolag.

14. juni 2026

Alt mogleg og litt av kvart







Juni kom nesten litt brått på, me er jo snart halvvegs og hovudet mitt er framleis i mai. Puh. Dei siste dagane, det vil eigentleg seie denne veka, har eg kjent meg litt utafor, det er som om eg ikkje heilt heng med i svingane. Kanskje ikkje så rart med travle veker (du veit, det er no det er høgsesong for hage) i ny jobb, og slik som denne veka har eg jobba ein annan plass ein dag og vore aleine på kontoret to av dagane. Litt av kvart. Men det er berre slik det er innimellom, og eg veit at det kjem til å gå over. Mykje lesing, små turar, sol i andletet og treffe fine folk på ein loppemarknad i går har løfta det heile. Lurer på om eg berre går rett over til mi vanlege vekesoppsummering:
 
✦ sjølv om eg hugsa kven som hadde gjort det, var det gøy å lese Doktoren mister en pasient 
✦ om det er kortroman eller små noveller, Claire Keegan skrive, også med Over blå enger
✦ fargane eg ser når eg traskar den lille vegen frå huset vårt til busshaldeplassen
✦ ha broremann på besøk her i helga 
✦ å, hallo, for ein søtnos: eit lite lam som ligg og slappar av med ein finfin katt
✦ eit venepar hadde loppemarknad i hennar bardomsheim, og der var det så mykje fint
✦ og superkoseleg å treffe fleire kjenningar og fine folk og slå av ein god prat med dei! 
✦ jobbe vidare med fotoboka frå fjorårets ferie 
✦ ete lunsj i byen ein av dagane 
✦ sjå siste episode av Skottar på noregsflørt 
✦ kanskje ikkje så mykje, men regnbogeflagg ved inngangsdøra og kvart vårt regnbogearmband 
✦ etter tur og hagearbeid, sat me i hagen og las, drakk kaffi og åt siste rest av oreoiskaka 
✦ ta bussen forbi vår gamle blokk og sjå kor langt dei har komme på dei innglassa balkongane
✦ Flokk og fjell lager nydelege ullmåleri 
✦ kaffi og vaffel på deling ved Mostun natursenter etter at me hadde gått ein tur rundt Mosvatnet 
✦ finne to kjekke LP-ar då me var innom nemnde loppemarknad 
✦ hint av blått høgt der oppe 
✦ sjå ferdig andre halvdel av den fyrste Ringenes herre-filmen 
✦ Miranda og Donna har flytta, og i denne vloggen fekk me sjå litt av den nye heimen
✦ svanefamilien som låg og slappa av i sola ved Mosvatnet i dag 
✦ asfaltfint på ein regntung dag, syrinversjon 
✦ vere med på å gjere i stand Littbonde-butikken klar til opning
✦ godt å gå ein liten kvardagstur i lag med ei veninne etter jobb på tysdag

11. juni 2026

Grønt er skjønt og blått er flott



Plommer, potetar, grønnkål, urter og tomatar ute, inne har me i tillegg agurk. Så gøy å sjå at det gror i hagen vår, og ekstra stas er det å gå ut og hente diverse grønsaker til å putte i middagssalaten! Og høgt der oppe, blant skyene, var det hint av ein blå himmel i dag trass alt regnet som har komme i bøyer. 

9. juni 2026

Tid for scones i vår eigen hage



Framleis litt rart at me har ein hage som berre er vår. Det har ikkje vore den varmaste våren, så mykje hagetid har det ikkje blitt til no. Heller ikkje i dag, for regnet verkeleg plaska ned store delar av dagen. Men etter orkesterøvinga på laurdag, sat me ei lita stund ute og senka skuldrene. Heimelaga scones med heimelaga sitronkrem, kaffi, kvar vår bok og ein liten dæsj med oreoiskake. Så må me nok beise plattingen på sikt og kanskje også terrassen, men pyttsann.

7. juni 2026

Litt bonde i byen






Med ein gong med har konsert med orkesteret, går helga altfor fort. Ei øving på laurdag, ein liten ein i dag og sidan konsert, då har me plutseleg brukt nokre timar på å spele musikk. Men det er jo kjekt, så sånn sett kan eg ikkje klage. Likevel skulle eg ønskje at helga gjerne var tre dagar og ikkje "berre" to, tihi. Framleis er det nokså travle dagar på jobb, men antal meldingar på kundeserviceportalen har byrja å minke, så det er noko mindre trøkk. Samstundes er ein del av dei sakene me får no, saker som tar tid, dimed sit me ein del på kontoret og jobbar på enno. Litt lagerarbeid blir det også, og eg er takksam for at det er varierte oppgåver i løpet av ei arbeidsveke. I tillegg skal bedriften snart opne ei liten gardsbutikk i sentrum, både kjekt og spennande. Innimellom jobb og orkester, har me komme vidare i ferieplanlegginga i tillegg til å setje av tid til lesing. Godt å leggje frå oss elektronikk og ei digital verd og heller vere til stades i eit analogt univers. Meir av det, kva dag som helst:
  
✦ skrivestilen til Jon Fosse er ein heilt eigen stil, også Vaim som er hans nyaste bok 
✦ småhumre av Tønes sine herlege funderingar i vekesavisa Dag og Tid
✦ knallgod pizza (heimelaga) og filmen Four Weddings and a Funeral 
✦ "Top 10 Broadway Actors Who Reprised Their Roles for Films" – mellom anna frå RENT og JCS
✦ rosa konfetti på bakken 
✦ sommaretemperatur nokre av dagane 
✦ ferieplanlegging 
✦ øving og sidan konsert med orkesteret, kjekt å spele denne Wagner-overtyren 
✦ Thomas Korsgaard skriv så himla bra, uavhengig om det er sakprosa eller skjønnlitteratur!
✦ skuggspel på den eine kontorveggen 
✦ siste episode med Vidar Magnussen som saman med Leseklubben har lese Kafka på stranden
✦ fargerik klesvask 
✦ apropos musikalen Jesus Christ Superstar: alltid like gøy å høyre songen "Superstar" på radioen 
✦ ei dryg veke igjen til Littbonde-butikken opnar i sentrum, og det var kjekt å ta ein snartur innom 
✦ tovefilta dompapar på ein genser som var utstilt på Vågens vgs.
✦ sitje ute i hagen i går med kaffi, scones, litt iskake og bok, for det fortente me etter orkesterøving 
✦ lesestunder på veg til jobb, på veg frå jobb, på orkersterøving og her heime 
✦ herleg kommentar om Noregs VM-bronse i ishockey
✦ høyre på lydbok medan eg jobba på kontoret 
✦ gå ein omveg til biblioteket i dag for å levere og låne bøker
✦ detaljerte og fargerike illustrasjonar frå Svein Nyhus i denne bileteboka om kong Olav og dysleksi