Juni kom nesten litt brått på, me er jo snart halvvegs og hovudet mitt er framleis i mai. Puh. Dei siste dagane, det vil eigentleg seie denne veka, har eg kjent meg litt utafor, det er som om eg ikkje heilt heng med i svingane. Kanskje ikkje så rart med travle veker (du veit, det er no det er høgsesong for hage) i ny jobb, og slik som denne veka har eg jobba ein annan plass ein dag og vore aleine på kontoret to av dagane. Litt av kvart. Men det er berre slik det er innimellom, og eg veit at det kjem til å gå over. Mykje lesing, små turar, sol i andletet og treffe fine folk på ein loppemarknad i går har løfta det heile. Lurer på om eg berre går rett over til mi vanlege vekesoppsummering:
✦ sjølv om eg hugsa kven som hadde gjort det, var det gøy å lese Doktoren mister en pasient
✦ om det er
kortroman eller små noveller, Claire Keegan skrive, også med Over blå enger
✦ fargane eg ser når eg traskar den lille vegen frå huset vårt til busshaldeplassen
✦ ha broremann på besøk her i helga
✦ eit venepar hadde loppemarknad i hennar bardomsheim, og der var det så mykje fint
✦ og superkoseleg å treffe fleire kjenningar og fine folk og slå av ein god prat med dei!
✦ jobbe vidare med fotoboka frå fjorårets ferie
✦ ete lunsj i byen ein av dagane
✦ kanskje ikkje så mykje, men regnbogeflagg ved inngangsdøra og kvart vårt regnbogearmband
✦ etter tur og hagearbeid, sat me i hagen og las, drakk kaffi og åt siste rest av oreoiskaka
✦ ta bussen forbi vår gamle blokk og sjå kor langt dei har komme på dei innglassa balkongane
✦ kaffi og vaffel på deling ved Mostun natursenter etter at me hadde gått ein tur rundt Mosvatnet
✦ finne to kjekke LP-ar då me var innom nemnde loppemarknad
✦ hint av blått høgt der oppe
✦ sjå ferdig andre halvdel av den fyrste Ringenes herre-filmen
✦ svanefamilien som låg og slappa av i sola ved Mosvatnet i dag
✦ asfaltfint på ein regntung dag, syrinversjon
✦ vere med på å gjere i stand Littbonde-butikken klar til opning
✦ godt å gå ein liten kvardagstur i lag med ei veninne etter jobb på tysdag


Legg igjen ein fin tanke