7. juni 2026

Litt bonde i byen






Med ein gong med har konsert med orkesteret, går helga altfor fort. Ei øving på laurdag, ein liten ein i dag og sidan konsert, då har me plutseleg brukt nokre timar på å spele musikk. Men det er jo kjekt, så sånn sett kan eg ikkje klage. Likevel skulle eg ønskje at helga gjerne var tre dagar og ikkje "berre" to, tihi. Framleis er det nokså travle dagar på jobb, men antal meldingar på kundeserviceportalen har byrja å minke, så det er noko mindre trøkk. Samstundes er ein del av dei sakene me får no, saker som tar tid, dimed sit me ein del på kontoret og jobbar på enno. Litt lagerarbeid blir det også, og eg er takksam for at det er varierte oppgåver i løpet av ei arbeidsveke. I tillegg skal bedriften snart opne ei liten gardsbutikk i sentrum, både kjekt og spennande. Innimellom jobb og orkester, har me komme vidare i ferieplanlegginga i tillegg til å setje av tid til lesing. Godt å leggje frå oss elektronikk og ei digital verd og heller vere til stades i eit analogt univers. Meir av det, kva dag som helst:
  
 skrivestilen til Jon Fosse er ein heilt eigen stil, også Vaim som er hans nyaste bok 
 småhumre av Tønes sine herlege funderingar i vekesavisa Dag og Tid
 knallgod pizza (heimelaga) og filmen Four Weddings and a Funeral 
 "Top 10 Broadway Actors Who Reprised Their Roles for Films" – mellom anna frå RENT og JCS
 rosa konfetti på bakken 
 sommaretemperatur nokre av dagane 
 ferieplanlegging 
 øving og sidan konsert med orkesteret, kjekt å spele denne Wagner-overtyren 
 Thomas Korsgaard skriv så himla bra, uavhengig om det er sakprosa eller skjønnlitteratur!
 skuggspel på den eine kontorveggen 
 siste episode med Vidar Magnussen som saman med Leseklubben har lese Kafka på stranden
 fargerik klesvask 
 apropos musikalen Jesus Christ Superstar: alltid like gøy å høyre songen "Superstar" på radioen 
 ei dryg veke igjen til Littbonde-butikken opnar i sentrum, og det var kjekt å ta ein snartur innom 
 tovefilta dompapar på ein genser som var utstilt på Vågens vgs.
 sitje ute i hagen i går med kaffi, scones, litt iskake og bok, for det fortente me etter orkesterøving 
 lesestunder på veg til jobb, på veg frå jobb, på orkersterøving og her heime 
 herleg kommentar om Noregs VM-bronse i ishockey
 høyre på lydbok medan eg jobba på kontoret 
 gå ein omveg til biblioteket i dag for å levere og låne bøker
 detaljerte og fargerike illustrasjonar frå Svein Nyhus i denne bileteboka om kong Olav og dysleksi

Legg igjen ein fin tanke