5. mai 2025

Orkesterbukett



Tysdag for nesten ei veke sidan, var det årsmøte med orkesteret, og då gjekk eg av som kasserar etter to år. Det vil jo vere ein overgangsperiode med gammal og ny kasserar, så heilt ferdig er eg ikkje, men eg fekk no med meg denne blomebuketten heim etter møtet. Og den står enno og lyser opp sofabordet vårt, lyser opp heimen vår. Eg er ikkje storfan av rosa, likevel er dei rosa rosene i denne buketten nydelege i lag med gule roser, kvite blomar og gåsungar. Orkesterbukett på ein måndag.

4. mai 2025

Krimkomedieopera på fredag, dagsbesøk på laurdag






I fjor var me på biltur til Egersund den fyrste helga i mai, i år tok me ein dagstur til kjente i Haugesund. Me tok bussen i ti-tida i går morgon, og var tilbake igjen halv seks på kvelden. Greie nok dagar på jobb, og eg blir ikkje lei av å gå til jobben, trass i regnet som datt den eine dagen. På torsdag var me nok ein gong på UiS, han for å spele fotball og eg for å sjå meir på dei rosa blomane på trea og sidan spasere heim. Noko av det aller kjekkaste denne veka, var å få med oss operetteversjonen av Agatha Christie-klassikaren Og dermed var det ingen (And Then There Were None). Tihi, det var litt av forestilling det hadde fått til med ei bok som eigentleg er ganske mørk og dyster. Og eit morosamt samantreff etter forestillinga, var å prate med ei eg nyleg hadde selt boka til på jobb. Nytt prosjekt og årsmøte med orkesteret må eg også nemne, og snart er det "god natt":
 
ho, ho, eg blir ikkje lei bøker om bøker, og The Echo of Old Books var ei bra leseoppleving
likte godt Nicholls Du er her frå mellom anna Lake District og Yorkshire Dales
nytt prosjekt med orkesteret 
høyre Murray Head med "One Night in Bangkok" på radioen på veg heim frå orkesterøvinga
Zalo som kjem ut for å sitje på hovuda våre
høyrest jo litt artig ut med "mystery tourism", sett inne hos Et dryss kanel
dei rosa blomane på trea er no utruleg vakre
to kjekke bruktkupp frå finn.no: utgått favorittgarn og ei bok eg har sett etter ei stund
ballongar i ein busk
lesing, vaffel (på meg), svele (på han) og kaffi på ferja på veg til Haugesund i går
herleg med sol i andletet då eg gjekk til jobb på onsdag
ete ute på Fish and Cow før fredagens forestilling
And Then There Were None som ein krimkomedieopera, var supergøy å få med oss!
og artig å treffe ei som – etter tips frå meg – nyleg hadde lese boka på halvannan dag 
laurdagsgraut og prat i Haugesund hos tanta og onkelen til mannen min
raudstrupen på kjøkkenet vårt
Olive ser ut til å kose seg på ein liten tur i parken
tusenfryd i graset på veg til jobb
å, eg kunne ha vore fleire timar i Den lille bokbutikken midt i Haugesund sentrum
og stikke innom flotte Haugesund folkebibliotek
serien om Jodie "Nosey" Parker er gøy å lese, og The Perfect Cornish Murder er den tredje i rekkja

1. mai 2025

Kveldslyset over Moslivatnet



Å, kveldslyset om våren! I alle fall var minst to av påskekveldane ved Moslivatnet sånn at eg måtte ut for å berre nyte kveldslyset. Ordentleg fargespel: fyrst eit litt skarpt og gult lys før det gjekk over i eit dust, rosa lys. Neste kveld var lyset endå meir rosa, ein magisk solnedgang over eit stille vatn.
 



Fargespelet fortsette over hytta. Blått, oransje, rosa og eit lite hint av lilla. Slike kveldar der eg kan stå eit par minuttar og berre titte opp. Ha ei stille stund for meg sjølv. Nyte synet. Kveldsmagi.

30. apr. 2025

Raudstrupe på kjøkkenet


Raudstrupen er kanskje ikkje ekte, men fin er den likevel. Eg kjøpte den på Varatun julemarknad i fjor av Tove Helen Barstad (Boblende art). Raudstrupen er jo ein av dei aller vakraste fuglane (The Secret Garden), og fargane passar perfekt på kjøkkenet vårt, den lyser opp kva dag som helst.

Små aprilglimt


Midt i arbeidsveka, onsdag den trettiande april. Endå ein vårmånad er over, i morgon er ein ny i gong. April med blomar på trea, fuglekvitter, bursdagsblomar i heimen, ei lita fjør i graset, lesing ute, humlar som suser og gjæser som pratar. Små glimt frå april, fleire av dei langs min jobbveg.

28. apr. 2025

Universitetsblomstring




Snøklokkene er det vakraste vårteiknet, men blomane på trea er ein god nummer to. Kanskje delt fyrsteplass, faktisk. Og slik ser det ut i nærområdet akkurat no. Ved universitetet fann eg tre der blomane er kvite med eit ørlite hint av rosa og ein ekte vårrosa allé. Når ein berre tar seg tid til å sjå.

27. apr. 2025

Hundre år gammal klassikar






Ofte tar det litt tid å komme i gong med kvardagen etter ein ferie, og det var det også denne gongen. Eg hadde jo faktisk fri i ei veke før det var på'an igjen. Men det er no slik det er. Fleire kundar som takkar for god hjelp og som stoppar opp og prater litt om kjekke bøker eller strikkagenserar, løftar det heile eit hakk og to. To av dagane gjekk eg til jobb i strålande vêr, og sjølv om det ikkje er meir enn ein dryg halvtime å gå, er det noko som gir meg både glede og energi. Han der fine måtte jobbe ein del i helga, så me har ikkje hatt nokre store planar, men eg har i alle fall lese ganske mykje og fått unnagjort orkesterets rekneskap (årsmøte på tysdag). Og no tenkjer eg at eg rundar av for i kveld:

Den store Gatsby er hundre år i år, og det var ein fryd å lese Nils H. Smiths nynorske omsetting
mykje strikketid
blomar på trea 
det har vore gøy å følgje med på Travels with Agatha with David Suchet
og like kjekt å lese dette bokbrevet om nettopp Agatha Christie (med helsing frå sjølvaste Suchet)
engkarse 
prate om And Then There Were None med ein kunde som skulle kjøpe den
grøne tre mot ein lyseblå himmel
morgonsola på kjøkkenet
ein artikkel om årets fyrste jordbær på Sola, og det er stilig at veninna mi er sitert
lukta av heimebibliotek på Universitetet i Stavanger ;)
innimellom les eg bøker eg ikkje synest er bra, og The Teacher av Freida McFadden var ei slik bok
stort smil på jobb med ein heimestrikka favorittgenser
treffe på ein ordentleg pelsete katt på veg til jobb, og den var veldig interessert i å helse på meg :)
gå heim frå universitetet i dag, høyre trea knirke og fuglane syngje
alltid kjekt å ha på meg min svarte retrokjole, kjøpt i Canada, og ei sennepsgul strømpebukse
måtte jo finne fram fleire gode bøker på jobb på onsdag sidan det var verdas bokdag 
sjå ferdig Nedgravde hemmeligheter på NRK Nett-TV
kraftfull versjon av Snow Patrols "Run"
balkonglesing ei god stund i går
og lese på veg til jobb både onsdag og fredag
Bladlus av Mats Michael Sandstad var ei litt underfundig og annleis leseoppleving