Som eg skreiv førre veke, er det krokusane eg ser flest av ute for tida. Og sjølv om dei ikkje er like vakre som snøklokkene, er dei no ganske fine lell. Foreløpig er det dei kvite og lilla eg ser når eg traskar av garde til jobb, dei tittar opp av den grøne jorda. Seier liksom "tittei" og får meg til å smile.
27. mars 2025
Ikkje berre snøklokker
Som eg skreiv førre veke, er det krokusane eg ser flest av ute for tida. Og sjølv om dei ikkje er like vakre som snøklokkene, er dei no ganske fine lell. Foreløpig er det dei kvite og lilla eg ser når eg traskar av garde til jobb, dei tittar opp av den grøne jorda. Seier liksom "tittei" og får meg til å smile.
25. mars 2025
Konditori i Oslos gater
Sjølv om me berre var i Oslo i tjuefire timar, synest eg me nytta dagen godt med litt av kvart – utan å stresse. Etter frukost og bittelitt lesing, drog me alle fire til sentrum. Gjekk i gatene, stakk innom eit par butikkar og åt gode kaker på Halvorsens Conditori. Seier berre "nam"! Knipsa eit bilete av det eine småbordet inne på konditoriet, for det var pynta av kanonflotte fliser. Ein av butikkane me var innom, var Norway Designs, og nede i kjellaren, såg eg mellom anna ein vegg full av papir i alle mønster og fargar. I løpet av helga fekk me, så vidt, helse på finaste Bambus (ho er no litt småskeptisk til nye folk), og ein varm og gyllen solnedgang etter musikalen fekk me også oppleve.
Merkelapp
hygge,
mat og drikke,
reise
24. mars 2025
23. mars 2025
Trollmannsklassikar i same veke som ein heksemusikal
Tjuefire timar i Oslo. Ei stund sidan sist me gjorde det, men fredagskveld tok me altså nattoget til hovudstaden, for midt på dagen i går skulle me sjå musikalen Wicked på Folketeateret. Me budde hos onkelen min og kona hans, og sett bort frå musikalen, hadde me få planar. Eigentleg veldig digg å berre ta det litt som det kom, vandre i bykjernen og sidan ta ein roleg kveld. Dagane etter disputasen har gått i eitt, på jobb har det vore nok av varer å få på plass og generelt ei siste rydding etter Mammut-salet, samstundes har det vore nydeleg vêr ute, og eg har verkeleg nytt det å gå og sykle til jobb. Rett og slett ein stor forskjell, det der når dagane er lyse og det roper vår i motsetnad til grå og regntunge dagar. Mesteparten av dagen i dag, gjekk med til å sitje på toget, noko som var ganske okei med ei sol som følgde oss heile vegen heim. På tide å skru av her no snart:
✦ måndagsmorgon med kaffi, bok og ein liten blome på bordet
✦ lyseblå himmel og alle vindauga som reflekterte solstrålane – ikkje feil å gå til jobben i eit slikt vêr
✦ eit par snøklokker trass at det er krokusane eg ser mest av no✦ Anne Marit Jacobsen på Kongen befaler er berre så herleg og morosam
✦ koseleg og avslappa å ha god tid både før og etter musikalen i går
✦ kult med ein liten bakomfilm frå Wicked på Folketeateret
✦ fargar og mønster i fleire variantar hos Norway Designs
✦ arkitekturen midt i Oslo sentrum
✦ lange skuggar då eg sykla til jobb i morgonsola
✦ liggje på sovesofaen i går og titte rett opp på stjernehimmelen før me sovna
✦ å lese Queenies kjærlighetssang av Rachel Joyce, ein vakker oppfølgar til Harold Fry-boka
✦ kveldssola ved Hafrsfjord på veg til REKO-ringen
✦ småhumra litt, for det var mykje gjenkjenneleg i The Diary of a Bookseller av Shaun Bythell
✦ krokus blant dei ikkje fullt så nye snøklokkene
✦ så sukkersøtt: ein bitteliten kvalp og ein mykje større hund som blir gode venar
✦ sjå Wicked på Folketeateret, og dei to som speler Elphaba og Glinda er som skapte for rollene
✦ kaffi og bok på toget
✦ solstrålane langs Sørlandsbanen i dag
✦ heimelaga latte og klassikaren The Wizard of Oz – berre måtte lese denne før me såg musikalen
Merkelapp
sundagsliste
21. mars 2025
Festmiddag førre fredagskveld
Akkurat ei veke sidan disputasen, og den blei så klart avslutta med ein festmiddag. Me rakk jo ein svipptur heimom for ta ein liten pust i bakken mellom sjølve disputasen og middagen, noko eg trur me trong begge to. Han hadde invitert familie, venar og kollegaar, og det blei ein veldig koseleg kveld. Før alle gjestane kom, rakk eg ein tur ut på takterrassen for å ta bilete av ein varm og gyllen solnedgang. Etter ønskje frå mannen min, blei det ikkje mange lange talar, men nokon ville jo seie eit par ord. Og eg skulle i alle fall ikkje halde tale, likevel kjente eg at ville seie noko til han der eg er så stolt av, han som eg elskar. Noko av det mest morosame, var ein kollega som gav disputanten ein "doktorgradshatt". Tihi, eit artig påfunn sjølv om den ikkje passa heilt og datt fort av ;)
Middagen var ein buffe, og etter talar og drøs, blei det kaffi og kaker. Nokon prøvde å løyse eit matematisk problem som kom med hatten (det var noko med omkrets og pi, ein kjem jo ikkje unna at det var pi-dagen), og det såg til at folk koste seg. Dagen etterpå samla eg saman blomebukketane for å ta bilete av alle fargane i lag. Så mange flotte helsingar frå fine folk, tusen takk! ♥
Merkelapp
hygge
19. mars 2025
Å, dei kvite, dråpeforma blomane
Ute nett no, er det krokusane eg ser flest av, men snøklokkene har ikkje heilt gitt slepp. Sjølv om snøklokkene kom i februar, er mars den fyrste vårmånaden, og det har eg merka når eg har vore ute og gått. Og om det ikkje har byrja å poppe opp overalt, ser eg teikn til at det kjem snart. Ganske snart. Dei kvite, dråpeforma blomane, eg smiler. Våren, du er noko av det aller vakraste.
Merkelapp
foto
18. mars 2025
Disputasdag med stor D
Kvart over ni fredagsmorgon, var me framme ved UiS og nesten klare. Mannen min skulle i ilden klokka ti med prøveførelesing, og viss den blei godkjent, venta sjølve disputasen klokka (etter ein lunsjpause). Eg kjente eg hadde nervar og var spent, både på om dette kom til å gå bra og om eg kom til å forstå noko. For det må eg berre innrømme: matematikkdidaktikk og det han skreiv oppgåve om, er ikkje akkurat min ekspertise ;) Eg skjønte meir enn det eg hadde trudd på førehand, og det var faktisk litt gøy å høyre på! Både hans og min familie var med gjennom heile dagen, svograr, svigerinne og ei av niesene våre vår der også, i tillegg til kollegaar og disputaskomitéen.
Prøveførelesinga gjekk bra, og etter lunsjen, venta det ein kort presentasjon av avhandlinga og så var det tid for dei to opponentane. Puh, alt gjekk på engelsk og det varte ei stund, men plutseleg var det over og komitéen sa at avhandlinga var "godkjent". Kan ikkje leggje skjul på at det kom nokre tårer då, ja. Så innmari glad og stolt! Rett etter disputasen, var det ei lita mottaking med småmat og noko søtt attåt. Ei letta stemning, fint å berre mingle litt og etter kvart komme oss heim for ein rask pustepause før middag på kvelden med mange gode folk. Ein bra disputas på sjølvaste pi-dagen.
Merkelapp
hygge
Abonner på:
Innlegg (Atom)











