7. nov. 2023

Søtnosar





Smeltar litt av desse små geitene ute på vift og dei endå mindre kattungane. Treng å sjå slike søtnosar innimellom, smilet kjem til og med på ein dårleg dag når eg ser ein slik video eller to. Ikkje at det er ein dårleg dag i dag, men så klart: med alt som skjer i verda no i tillegg til travle kveldar med orkesterspeling, er dette noko som for meg gjer dagen litegrann mildare og mjukare.

6. nov. 2023

Kvardagsmåndag


Orkesterspeling i går kveld, orkesterspeling seinare i kveld. Akkurat denne veka, slik eg skreiv i går, kjem det til å gå i orkester og musikken frå Czardasfyrstinnen, utan tvil. Eg satsar likevel på greitt vêr slik at eg kan komme meg ut å eit par spaserturar i nærområdet, framleis nyte fargane som er å finne på tre, buskar og på bakken. Litt frisk luft i andletet. Dagen i dag starta grått, men jaggu meg skin sola inn i heimen nett no. Eit lite "hei" frå meg til deg på denne novembermåndagen.

5. nov. 2023

Oppsummeringsliste, eller ei sundagsliste om du vil




To dagar med oktober, fem dagar med november. Sola skein fyrst og fremst måndag og tysdag, altså i oktober, men det er jo lov å håpe på nokre novemberdagar som ikkje er fullt så grå. Har i alle fall fått vore ute og gått eit par små turar og sykla ein tur ned til byen på torsdag. Kontor- og kafébesøk med to venar, fleire lesestunder, jobbmarkandsoppdatering, litt strikking på kveldane og orkesterspeling. For om berre eit par timar er det øving med orkesteret, og sidan blir det øving i morgon, tysdag og onsdag og sidan forestillingar torsdag-sundag. Hui og hei, kor det går:
 
fascinerande, skremmande, vakker og opplysande bok: Forlatte steder av Cal Flyn
den der varme haustsola som stakk fram gjennom dei gule haustblada
koseleg å sjå ein Great Canal Journeys-episode med Giles og Sheila
og i den episoden: bli fascinert over keramikkdesignaren Clarice Cliffs spesielle fargebruk
finne flotte julegåver på Solamessen som me var innom på fredag
Mosvatnet, ein okei spasertur med haustutsikt
Odd René Andersen og Adam Douglas som syng "Everyone Needs a Friend Sometimes" – mektig!
onsdagsformiddag på eit koseleg kontor med to fine folk, og sidan kafébesøk med dei same folka
alle dei farga blada som ligg på bakken no for tida
kåringa er fem år gammal, men stas at Inspector Morse er den beste britiske krimserien
gå tur i solskinet
ein skjønn liten pus som fyrst er skeptisk til hunden, men som etter kvart blir gode venar
bøkene til Vestly var ein stor del av barndommen min, og eg måtte jo lese den nye biografien
det nye galleriet og kontoret til Jonna, kjekt å sjå prosessen i denne videoen
når rustfargen på porten matchar haustlauvet
å, Vindmakeren av Maja Lunde og Lisa Aisato, koste meg med den og ein kopp kaffi 
Michael Sheen som framfører diktet "Do not go gently into that good night" av Dylan Thomas
seinare i dag byrjar oppkøyringa på Czardasfyrstinnen, og det blir åtte dagar på rad med speling 
blir glad av å sjå på Tove Jansson-illustrasjonen 
Catharina Vus versjon av "Trassvisa hennes Tora" på Beat for beat – så utruleg fint!
lesestund på kafé med ein cappuccino og noko smått attåt
og lesestund i dag tidleg etter frukosten, kvar vår bok ved sidan av kvarandre i sofaen

3. nov. 2023

Neonskilt på eit koseleg kontor




Starta november slik, for på onsdag var eg nemleg på eit lite jobbesøk. Han eine eg jobba i lag med då eg jobba i svømmehallen, starta for nokre år tilbake ein eigen bedrift, og no driv han og sambuaren Spiselighage på heiltid (i tillegg til å drive ein liten gardskafé i helgene). Og nei, dette er ikkje reklame, berre eit lite skryteinnlegg sidan eg er stolt over alt det dei har fått til! Kjekt å komme og sjå både lageret og kontorplassen som dei leig ute på Forus. Eg fekk ei lita omvisning, og medan dei gjorde unna dagens arbeid, sat eg i ein gul og kul stol og las. Etterpå drog me på kafé der det blei prat, latter, kaffi og noko attåt. Kvardagshygge nokre timar i lag med to fine personar.

2. nov. 2023

Kameranytt


Er du lei av å sjå haustbilete? Synd for deg, for her kjem det fleire slike bilete ;) Tidlegare i haust byrja lukkaren på Olympus-kameraet mitt å fuske. Det aller beste hadde jo vore å få fiksa den, men skal ein fikse det hos Olympus, må ein sende det ut av landet. I tillegg er det heile fem år sidan eg kjøpte det brukt og det har blitt flittig brukt av meg gjennom dei fem åra. Eg starta jakta med å finne eit likt kamera, helst brukt på Finn, og enda til slutt opp med eit brukt kamera av den same typen, men ein generasjon nyare. Gøy å gå turar, teste kameraet og prøve å fange alle dei flotte fargane ute.




Med på kjøpet, fekk eg eit nytt fastobjektiv, så no har eg to slike i tillegg til eit enkelt zoomobjektiv. Fastobjektiva har forskjellige brennvidder, og over kan du sjå forskjellen. Mitt gamle fastobjektiv er 25 mm (noko som er tilsvarande 50 mm i fullformat) medan det nye er 17 mm (ca. 34 mm fullformat). Biletet nr. ein og tre er tatt med det gamle, nr. to og fire er tatt med det nye. Spennande å sjå korleis avstanden verkar annleis sjølv om eg har stått på nøyaktig same plassen! Dei har litt forskjellig bruksområde, til dømes er 25 mm betre å bruke om eg vil ta eit portrett medan 17 mm er bra til gatefotografering. Kjem nok til å bruke objektiva litt om kvarandre alt etter behov.

Krøllebøllehelg



November kom med sludd og trist gråvêr. Men eg har no hatt ei grei dag i lag med nokre venar, og desse bileta av Balto gjer også dagen litt lysare. For det var så ganske triveleg med besøk av krøllebølle i helga. Hundespråk snakkar me ikkje, med andre ord er det ikkje alltid me skjønner kva det er Balto prøver å fortelje oss, men stort sett går det greitt. På sundag gjekk me ein akkurat passe lang tur i Sørmarka, og me koste oss på tur alle tre. Og ein liten blund blei det også tid til.

1. nov. 2023

Togreise i midten av oktober




På Austlandet har det komme snø no dei siste dagane i oktober. For berre dryge to veker sidan var det bert ute med sol og haustfargar overalt. I motsetnad til turen frå Stavanger til Oslo, var togturen heim utan regn. Eg koste meg med ein kopp capuccino (eller var det kaffe latte) og las i ei god bok medan hovdustaden blei mindre og mindre. Til slutt var eg ute av Oslo og på god veg mot heimbyen.




Himmelen var lyseblå, trea gule og gylne. Las endå meir, strikka eit par omgangar, høyrde på musikk og titta jamt og trutt ut av vindauget. For som eg har nemnt mange gongar før, får eg ei ro når eg sit slik og landskapet fyk forbi ute. Både når det regnar og solstrålane treff meg i andletet.








Set pris på slike togreiser, og akkurat den kvelden fekk eg i tillegg til solskin og haustlauv oppleve ein mjuk solnedgang. Klagar ikkje på ei finfin slik avslutning på ei kjempekjekk helg!