9. nov. 2018

Spelekveld med god mat og godt selskap

Innimellom startar me helga på torsdagen, og det gjorde me i går: då hadde me invitert eit venepar på middag og spelekveld. Kjempekos, ingen tvil om det! Laga god pastasalat til middag, noko som slo an. Me prata og koste oss, lo ein heil haug, spelte litt "Party Alias" og åt ein ypperleg cookie som dei hadde med seg (og ja, eg skriv ein cookie, for dette var eigentleg ein megakjeks som dei delte opp inne på kjøkkenet då dei kom). Ja, takk til fleire slike kveldar! Ønskjer dykk alle ei super helg!

7. nov. 2018

Topptur i Ryfylke

Ryfylkeheiane ein laurdag i oktober. Då me var på hytta for halvanna veke sidan, vakna me opp til strålande sol og lite vind. Heilt ypperleg turvêr. Ikkje at me gjekk særskilt langt, men det var uansett godt å strekkje på beina. Og utsikta oppe på den toppen er heller ikkje noko å klage på! Såg ned på Moslivatnet og hytta vår, titta ned på bakken der frosten endå låg på blada og sola som skein på lavet. Blå himmel, skog i haustlege fargar og vestlandske fjell så langt auga kan sjå.

5. nov. 2018

Stearinlys no når det mørknar

Mørketida er her for fullt. Eg finn fram stearinlys og set meg godt til rette under eit teppe i sofaen. Prøver å kose meg trass mørket, vinden som uler og regnet som dett ned. Vel, det er ikkje så ille ute i dag, men mørkt ute er det. Gjer godt å tenne lysa, det gir ei varm kjensle og skaper hausthygge.

4. nov. 2018

Kjekk bytur og nytt bruktkamera

Har du hatt ei fin veke? Det har eg, og kanskje særskilt sidan den starta oppe på hytta. Roleg og god start på denne veka med andre ord. Dagane har vore fylt med kafébesøk med ei av mine beste veninner, eg har testa ut det nye spegellause kameraet som eg kjøpte brukt, vore på møte med jobben, lese mykje i kjekke bøker (inga bra veke utan) og slappa av med ein serie og to om kveldane. Helga har vore akkurat passe avslappande med få planar samstundes som me fekk gjort husarbeid og gått ein liten tur rundt Vannassen. Er ikkje alltid det treng å skje så mykje når ein har helg, godt å berre ta det som det kjem. Nesten klar til ei ny veke, under kan de sjå vekeslista:

✦ teste ut det nye kameraet, ein Olympus OM-D E-M5 II, med eit solnedgangsbilete
✦ for nokre små, nusselege surikatar
✦ kafébesøk på ein av favorittkaféane saman med ein favorittperson
✦ og ta ein liten shoppingrunde i byen etterpå med den same, fine personen
✦ 2CELLOS med ein kul versjon av Pirates of the Caribbean-temaet
✦ lese den søte bileteboka Atsjo – verdens søstese pandabjørn med verdens villeste nys
✦ liker nok aller best Megan Follows som Anne, men kjekt å sjå denne miniserien frå BBC
✦ investere i ein knallfin sekk som eg kan ha kameraet oppi, frå merket Orla Kiely
✦ blir så glad av ein heim med mykje fargar (abo. aftenbladet.no)
✦ kose meg med ein kopp heimelaga latte
✦ dei mjuke, sennepsgule hanskane frå Gudrun Sjödén (og eit crazy sjølvknips)
✦ to flotte songar der Markéta Irglová er med på å syngje saman med Lizzie Weber
✦ spennande å lese "locked-room"-mysteriet An unwanted guest av Shari Lapena
✦ byrja å sjå serien Lykkeland på NRK
✦ oktoberinnlegget inne hos Niina – ho klarer alltid å fange stemninga så himla bra
✦ snartur rundt Vannassen med framleis mykje haustfargar
✦ ein katt på catwalken – måtte le litt av denne herlege videosnutten

3. nov. 2018

Hygge og kos på hytta

Ingen store planar denne helga, slik det også var førre helg då me var på hytta. Når ein er på hytta, er det alltid mykje kaffi og lesing på gong. Noko snacks attåt må ein også ha. Stearinlys og parafinlampe om kvelden. Sola som skin om morgonen og lager skuggar på sofaen. Glasbåten i vindauget, den me kjøpte til hytta på marknaden i Moncton. Og så klart teikneseriar, denne gongen Fantomet. "Når Fantomet slår til, står lynet stille." Akkurat slik det skal vere på hytta.

2. nov. 2018

Togtur med historisk sus langt ute i skogen

Fredag og helg, den fyrste i november. At dette året går litt for fort, det er det i mine auge ikkje noko tvil om. Men – det er ikkje det eg skal skrive om i dag. Eg vil gjerne starte helga med eit tilbakeblikk til dei engelske heiene og ein fin, liten togtur. Me hadde nemleg på førehand sett oss ut den historiske ruta med toget som går ute på North York Moors. Den heiter North Yorkshire Moors Railway og blir køyrd av frivillige. Ruta går frå Pickering til Whitby og tar omtrent halvannen time. Togturen me skulle ta, tok ikkje meir enn ein halvtime, for me skulle av på Newtondale Halt. Men for ein tur! Stasjonen i Pickering ser jo ut som den i Harry Potter, togvognene er akkurat passe retro både utanpå og inni og stasjonen midt ute i skogen er noko heilt for seg sjølv.


Newtondale Halt er eit "request stop", det vil seie at ein må gi beskjed at ein vil av på det aktuelle stoppet og ein må faktisk vifte med handa til toget og stoppe det når ein vil på – viss ikkje køyrer det rett forbi. Kvifor ville me av her, lurer du vel på no. Jo, for det fyrste ønska me å prøve eit slikt "request stop" og for det andre var planen å gå ein tur ute på heia, ute i skogen. Den ruta me tenkte å gå, fann me ut ikkje var så smart: på ei infotavle stod det at ein ikkje bør gå den turen utan kart. Men me fann ei anna rute, så sjølv om me ikkje kom så høgt opp i heia som det me hadde tenkt, gjekk me ein passe skosgtur der me også fekk noko utsikt. Flott er det der, det er no sikkert! Hi, hi, eit lite etebilete midt ute i skogen er jo sjølvklart ;) Medan me åt lunsj, måtte me også nyte utsikta. Tøft å sjå togskjenene langt der nede, og me såg faktisk eit tog tøffe forbi, eit lite godstog.


Turen me gjekk var ikkje av den lengste sorten, så etter ein dryg time var me tilbake til stasjonen igjen. Eller, me sprang dei siste minutta, for me såg at me kanskje kunne nå eit tidlegare tog enn planlagt. Me venta ei lita stund, og medan me venta, såg me oss omkring på lille, spesielle togstasjonen (kan vel eigentleg ikkje kalle det ein stasjon, men heller ein plattform). Aner ikkje kva tog me eigentleg rakk, men etter å ha venta eit kvarters tid, kom det eit tog. Og attpåtil tog med eit damplokomotiv! Så kult å stoppe toget, og det var ein fin togtur tilbake til Pickering. På køyreturen heim til Cawood, berre måtte me stoppe ved minnesmerket til slaget ved Stamford Bridge. Var ikkje store greiene, men artig å seie at me har vore der ;) Stoppa også langs ein koseleg marknadsbutikk langs vegen, for vêret var nydeleg og det gjorde godt med iskrem etter ein tur i skog og mark.

1. nov. 2018

Blikkstille vatn oppe på fjellet

Blikkstille vatn. Runde fjell. Sola som byrja å gå ned. Vår utsikt då me kom opp til hytta om ettermiddagen førre fredag. Så stille og fredeleg. Tok ikkje lang tid før fjellroa kom sigande.