20. sep. 2018

Haustfargar i fleng

Fargerikt og flott ute no. På veg til jobben i går (eg hadde som vanleg seinvakta), måtte eg stoppe nokre gongar for å nyte synet av haustfargane. Tok eit par bilete med mobilkameraet og det er dei du ser rett over. Dei gule blada blant dei som framleis er grøne, dei raudoransje som ligg på bakken og dei rosa som veks tett inntil Siddishallen. Regndropane som ligg som små perler på eit blad.

19. sep. 2018

The Perky Peacock

På vår andre dag i York var det nokså grått ute og me traska rundt i byen med hetta på og med ein paraply på deling. Det gjekk nokre timar på hente leigebil og å gå innom ein par butikkar, og etter kvart måtte me ha lunsj. Mannen min såg plutseleg denne lille kaféen ikkje langt unna togstasjonen og me gjekk dit. Kaféen heiter The Perky Peacock, og for ein herleg, liten kafé. Det spesielle taket, bøkene som ein del av interiøret og ei koseleg stemning. Slike små og unike kaféar er dei aller beste. Ser du forresten den fargerike paraplyen som nokon gjekk med ute medan me sat der inne?!


Kaffien var veldig god og det same var maten: meiner å hugse at me tinga kvar vår vegetarwrap med couscous ved sidan av. Måtte berre slenge med biletet av mannen min i leigebilen – det var nemleg fyrste gong med venstrekøyring. Men heldigvis gjekk det veldig greitt utan dei store utfordringane. Artig å sjå trea ved elva, gule på den eine sida og grøne på den andre. Bymuren og ein dobbeltdekkar blei også sett før me kom oss til neste post på programmet, nemleg togmuseet.

17. sep. 2018

Fyrste møte med York og Yorkshire

Seint blogginnlegg i dag, men no er det no her. Gjekk i eitt på jobben i dag med blant anna rydding og registrering av nye bøker; måndag er alltid ein travel dag. Tenkte eg skulle starte veka med dei fyrste bileta frå Englandsturen. Me reiste frå Sola til Manchester og tok toget vidare til York. Før me tok toget, måtte me ha ein liten matbit og medan han stod i kø og venta på maten, tok eg bilete av bokveggen og det fine mønsteret på golvet. Kan ikkje alle kaféar sjå slik ut?! Og så den gamle teboksen! Fin stasjonsklokke i York og eit koseleg hotellrom hos Crossways Guest House.


Sidan me kom til byen midt på dagen, hadde me god tid. Den ettermiddagen gjekk me rundt i gatene og berre tok til oss det byen hadde å by på. Er så mange kule og flotte hus i England, små og store. Gjekk forbi katedralen York Minster og katedralen er ein av dei største frå middelalderen i landet (og også Nord-Europas største katedral). Den blei bygd i 1220 av Henry III. Såg også såvidt ein del av bymuren. Er ordentleg fint å gå rundt og bli kjent med ein by i vårt eige tempo.


Kanskje inga overrasking at me stakk innom den gamle gata The Shambles. Her var det mykje artig! Dei småskeive husa, fargane på bygningane og så klart namn på butikkane som Fugde Pantry York (var det nokon som sa "fudge"?!) og The Shop That Must Not Be Named. Altså, alt som har med Harry Potter å gjere er eg littegrann svak for. Kjekt å titte i butikkane, men eg fann ikkje noko å ha med heim. Ikkje for det – eg kunne gjerne ha hatt ein liten Niffler ståande på nattbordet mitt, men det kan kanskje bli for mykje ;) Fleire gamle bygg og stilige klokker såg me også på vår veg.


Lyset om kvelden var vakkert, ordentleg septemberlys gjennom hautslauvet. Gjekk forbi butikken Heima og synest jo namnet var fint. Smilte av det, men sidan den var stengt for dagen, tok me ikkje turen inn før dagen etterpå (og der fann me noko til å ha med heim, til heimen vår, "heima"). Fann ein restaurant og åt god og frisk kyllingsalat til middag og traska etter kvart tilbake til gjestehuset

16. sep. 2018

Ei veke i England og litt anna på ein sundag

Hei på deg. No er me tilbake frå England. Ei heil veke i Yorkshire, og eg kunne fint ha vore der ei veke til. Utan tvil. Me hadde god tid, køyrde rundt i eit fantastisk landskap, gjennom store og små byar. Nye opplevingar på dagtid, las mykje om kveldane. Draumen om den engelske landsbygda. Det einaste skaret i gleda var at kameraet mitt tok kvelden etter berre to dagar. Heldigvis har me begge to heilt greie mobilkamera, så det blei ein god del bilete likevel (men om nokon har forslag til eit systemkamera eller eit lite speilreflekskamera, legg gjerne igjen ein liten kommentar i feltet under). Og som vanleg vil det komme nokre blogginnlegg litt etter litt frå turen vår. I morgon er det tilbake på jobb, men etter ein slik avslappande ferie gjer det ingenting. Sundagslista denne gongen blir nok fyrst og fremst ei lita Yorkshire-liste, men et par andre ting finst det no også:

✦ haustfargane som no har byrja å poppe opp litt overalt
✦ køyre ein liten tur langt ute i skogen med North Yorkshire Moors Railway
✦ kjekt å lese om bruktfunna til Synne
✦ gå rundt i gatene i York, besøke det nasjonale togmuseet
✦ britisk krim (bok nr. tre i serien om Vera Stanhope av Ann Cleeves) og ein kopp med kaffi
✦ at Megan Follows (Anne of Green Gables) dukkar opp i ein Murdoch Mysteries-episode
✦ og at dei i den same episoden nemner Oslo
✦ besøke (den fiktive) Aidensfield i Goathland (frå TV-serien Heartbeat veit du)
✦ ein liten flodhest og eit lite nashorn som blir gode vener – så søte dei er
✦ klosterruinar i Whitby, nærmare bestemt Whitby Abbey
✦ alle dei små, søte husa som me såg på turen vår i England
✦ sjå to søte piggsvin ved naboblokka på veg heim frå orkesterøving (førre veke)
✦ ein liten piknik i skogen inne hos Niina, må gjere det ein gong
✦ laurdagstaco og spelekveld med eit venepar i går
✦ sukk, har lyst til å feriere på Gotland og stikke innom Visby når eg ser denne bloggposten
✦ sjå på programmet Historiske eiendommer, for me budde på ein slik eigendom no nettopp
✦ og den eigedomen var Cawood Castle i Selby
✦ lese YA-boka Nå er alt og den illustrerte utgåva av Harry Potter og mysteriekammeret
✦ lyngheiene i Yorkshire
✦ vakker hage ved Newby Hall

14. sep. 2018

Eit magisk mysteriekammer

Veit ikkje kor mange gongar eg har lese Harry Potter-bøkene, men for ikkje så lenge sidan las eg i alle fall bok nr. to, Harry Potter og Mysteriekammeret, for ørtande gong. Las den illustrerte utgåva der illustrasjonane er laga av Jim Kay, akkurat som den fyrste. Synest desse bøkene er så ordentleg fine. Joda, store og tunge er dei, men akk så vakre. Fargebruken, streken, stemninga. Elskar biletet av Dobby (Noldus) i denne boka. Sukk. Blir glad av å ha desse magiske bøkene i bokhylla vår.

12. sep. 2018

Og slik kan ei reise med Flåmsbana sjå ut


Kjosfossen, Huldra, musikk og eit magisk sollys. Å sitje i ei togvogn høgt oppe i ein dal, sjå det vakre landskapet frå togvindauget. Klokka var ikkje meir enn ni-halv ti om morgonen. Mange turistar sjølv om det ikkje var midt i høgsesongen, men eg synest likevel me fekk ein flott tur og ei fin oppleving sånn på tampen av ferien vår. Toget som køyrde inn og ut av tunnelar, tjue stk på tjue kilometer. Kanskje blir det ein togtur på oss i Yorkshire også, det hadde vore kjekt, det.

10. sep. 2018

Noko smått på heklenåla

Pleier ofte å bla i strikke- og heklebøkene eg finn på jobb og innimellom ser eg nokre oppskrifter eg gjerne vil prøve. Å hekle bomullspads er ei av dei. Oppskrifta fann eg i boka Maritparit: Hekling for alle av Marit K. Skjong. Eg ønskjer å kutte ned på eingongsartiklar, til dømes bomullspads. Har mange nøster igjen etter å ha hekla løparen til sofabordet, så eg har no brukt det same garnet. Burde kanskje ha funne eit noko mjukare garn, men trur likevel dei kjem til å bli gode å bruke (og vil jo bruke det eg har i heimen). Skal vaske dei før eg bruker dei, men er nok ikkje så lenge igjen til eg har nok. Gøy med slike små prosjekt når ein sit under eit teppet om kvelden. Og så passar dei ypperleg oppi denne krukka som eg fann på sal då me var på Hadeland Glassverk i sommar.