23. mars 2018

Fredagsrapport

Fyrste dagen aleine heime. No er eg offisielt grasenkje. Så langt alt vel; eg har besøkt ei veninne i dag, jobb i morgon og i kveld blir det ei god bok medan det regnar ute. Kanskje sjå noko på TV-en. Ein liten fredagsrapport med eit par av tinga i heimen vår som gjer meg glad: den heimelaga LP-klokka, retrotallerkenar i bokhylla (og den oransje tekanna), polaroidbilete på veggen og haugen med bøker skrive av sjølvaste krimdronninga. Eg snakkar så klart om Agatha Christie!

21. mars 2018

Vårvêr i byen

Blå himmel og null snø på bakken. Den lille turen frå leilegheita til busshaldeplassen ved Tjensvollkrysset på sundag gjorde godt. For med herleg sol og ingen nedbør, blei det fort vår i staden for vinter. På ein god måte, om du skulle lure. Plutseleg oppdagar ein eit eldre bygg med dei finaste raude karmane og ein set litt ekstra pris på den fargerike mosaikken i Tjensvollkrysset. Slike dagar håper eg det blir fleire av framover. Viktige kvardagsgleder. Stavanger, du er ganske fin.

19. mars 2018

Lita kjensle av vår

Skulle ikkje ha sagt noko om våren i går, for då eg sykla til jobben i dag, datt det ned nokre små, kvite dun frå himmelen. Heldigvis smelta det ganske raskt og no er det sol ute. Då eg traska bort til bussen i går, tok eg ein liten omveg i håp om å få sjå nokre snøklokker. Og eg blei ikkje skuffa! Det aller vakraste vårteiknet, så kvite og grøne. Dei var ikkje mange, men nok til at eg fekk vårkjensla.

18. mars 2018

Sundagsliste med over tjue fine punkt!

Ingen løyndom at veka starta med snø, noko eg likte svært dårleg. Heldigvis blei vêret betre og betre for kvar dag, og sola har stått høgt på himmelen i heile helga. Jamt over har det vore ei superfin veke med mykje lesing, sol, god lunsj midt i veka, flotte fargar og ei sabla god ryddeøkt på jobb. Og når det gjeld lesing – eg sukkar så søtt av Anne og Gilbert: "[...] There was nobody else – there never could be anybody else for me but you. I loved you ever since that day you broke your slate over my head in school.". Koser meg med å lese den serien. Eg har sykla til jobb i fantastisk solskin, og eg har hatt eit stort smil om munnen omtrent resten av dagen. No er det verkeleg snart vår! Snøklokker blei sett i dag og snøen er borte (håper den ikkje kjem igjen før neste vinter). Ser at det er mange, mange punkt på sundagslista mi i dag, for det har som nemnt vore ei god veke:

✦ komme heim kvart på seks og få oppleve at sola framleis stråler inn i stova
✦ tredje bok i Anne-serien: Anne of the Island
✦ fargar i heimen, det er tingen
✦ rørande å (nok ein gong) sjå Anna og Mr. Bates seie ja til kvarandre i Downton Abbey
✦ lese under slumreteppet om kvelden
og å lese på senga om morgonen medan solstrålane tittar inn
✦ fortsetje å flytte bøker og rydde på jobb; trur det blir superbra til slutt
✦ "Top 10 Interrail Destinations to visit in 2018" – kan godt dra av garde på togtur med ein gong
✦ heimebakt brød, alltid ein slager
✦ kose meg med nokre episodar av Murdoch Mysteries
✦ tinge ein liten tur til Yorkshire i september
✦ må le littegrann av katten Maru som er ute og leikar i snøen
✦ det vakraste vårteiknet: snøklokker
✦ lunsjdate på Espresso House saman med den finaste
✦ ete sundagsmiddag heime på Sola, og då stod desse vakre keramikklyshaldarane framme
✦ veit det er opptatt ut neste år, men tenk å besøke denne Harry Potter-leilegheita i Edinburgh
✦ sitje og vente på bussen medan sola varma i andletet
✦ overraske mannen min på flyplassen då han kom heim i dag frå NM janitsjar
✦ gå heim frå jobb på måndag og sjå fuglelivet ved Mosvatnet
✦ kan hende eg har delt denne før, men tips til ein miljøsmart garderobe hos Emma
✦ 70-talskjensle når eg har på meg genseren med det kulaste mønsteret på kragen og mansjetten
✦ stoppe opp for å ta eit bilete av ei kvit, eldre bygning med raude karmar i strålande solskin
✦ liten lunsjpause i kantina på jobb i går blant flotte fargar

16. mars 2018

Den beste frukosten

Bra start på helga når det er sol på veg til jobb og også når ein syklar heim frå jobb klokka halv seks. Det gjer noko med humøret, ingen tvil om det. Noko anna som også kan lyse opp ein lang vinter, er heimelaga brød. Eg er ikkje den som skal ha æra for å ha laga desse, den må eg nok gi til min betre halvdel. Å starte dagen med god frukost der nokre skiver med heimebakt brød og nytrakta kaffi er hovudingrediensane, det er alle tiders! Jobb i morgon også, men har elles lite planar for helga.

15. mars 2018

Om berre ei veke

Du reiser snart. Om berre sju dagar, blir borte i tre månadar. Eg veit ikkje om eg liker det, for eg liker best når du er nær meg. Heldigvis skal eg besøke deg i mai, men likevel. Det er ikkje det same når du ikkje er her. Heime. Vår heim. Kjem til å bli rart. Men samstundes: tre månadar er ikkje så lenge, eg veit det inst inne. Plutseleg er du heime igjen. Du som er den finaste eg veit 

14. mars 2018

Under eit slumreteppe

Etter timar på jobb med flytting av bøker i tillegg til å vere i skranken og ha seinvakta, var det godt å komme heim til ferdig middag. Og etter det ei god bok under det beste slumreteppet i sofaen. For det treng ein i blant. Berre slappe av, leggje bort jobb, sosiale medium, datamaskin generelt. Eg skal prøve å ha ein slik kveld i kveld. Ville fyrst berre leggje igjen ei lita onsdagshelsing her.