12. mars 2018

Bort med Kong Vinter

Mannen min sa til meg no i helga at han nettopp hadde sett nokre små snøklokker i nabolaget. Eg lurer på korleis dei har det no; då me vakna i dag var det nok ein gong snø ute. Og eg som eigentleg skulle sykle. Kong Vinter kan godt trekke seg tilbake no. La våren komme med alt det grøne, endå varmare vêr og null snø. Tok bussen til jobben i dag sidan eg ikkje kunne sykle og traska heim igjen. Dette er Mosvatnet i dag. For som eg har nemnt før, er det på eit vis fint når snøen ligg på bakken som eit kvitt teppe. Som ein lys kontrast til det gule eller brune. Og plutseleg oppdagar ein nokre søt, små spor etter endene og svanene. Veit ikkje om svanene heller er så nøgde med den lille snøen som kom i natt. Røyken frå bassenget på Gamlingen ved skulpturen var også noko eg såg før eg til slutt kom meg heim. Ein måndag med snø, men også sol og gåtur. Så eg skal ikkje klage.

11. mars 2018

Ei veke etter min smak

Gode bøker, koppar med kaffi, franskøving og spelekveld med to flotte personar. Veka i korte trekk. På jobb har me byrja å rykke ein god del av samlinga (rykke = i tyding av å flytte), og det er så kjekt å sjå korleis det blir betre og meir oversiktleg. Ei lita bokhylle inne på kontoret er også på plass, og det blei mykje betre plass (og finare) der inne i og med at me tidlegare hadde ei stor og stygg hylle i metall. Elles så har eg sykla, gått og tatt bussen om kvarandre, for vêret har nok ein gong vore både det eine og det andre. Men heldigvis ikkje altfor ille. Tilbake til bøker. Eg har storkost meg med Lingo, og eg tar gjerne i bruk det litauiske "rudenėja" som er ordet for dei fyrste haustteikna i naturen eller det sorbiske "swjatok" som beskriv dei gode timane etter arbeidsdagens slutt. Språk, altså. Tøft! Kjekk orkesterøving er også ein del av denne veka, ei veke heilt etter min smak:

✦ Lingo, ei fantastisk bok om det europeiske språket
✦ sykle til laurdagsvakta på jobb med solbrillene på
✦ så vakre takstein i den flottaste grønfargen
✦ skulpturen "Bubblor" av Annika Olsson som står inne på Gamlingen
✦ plutseleg finne ut at det er komme nye sesongar av Murdoch Mysteries
✦ følgje nokre amerikanske turistar til Fretex (så kult at dei hadde høyrt om den bruktbutikken)
✦ innmari koseleg med middagsbesøk i går, og det blei mykje prat, latter og litt "Bezzerwizzer"
✦ eg er jo lei vinteren, men det var likevel fint å gå til jobb og sjå eit lite kvitt lag på bakken i skogen
✦ veit ikkje om eg hadde tort, men tenk å overnatte her; for ei fantastisk utsikt
✦ Duolingo og Coffee Break French omtrent kvar dag
✦ kaffi og den morosame, franske filmen Les Fugitifs (Hjelp, vi flykter!)
✦ alltid gøy å lese nokre små og underfundige bøker; denne gongen var det Katt savnet
✦ Emma har skrive eit lite blogginnlegg om deira tur til Noreg
✦ knalloransje blomar i kule vaser i skranken på jobb
✦ Eides språksjov, for som eg nettopp sa: språk!
✦ stearinlys på den fine skjenken vår på ein heilt vanleg måndag
✦ diggar desse bøkene for dagens unge om historiske, kvinnelege forbilete
✦ kaffi latte i ein kopp og Ferrante-boka Kvelande kjærleik i fanget

9. mars 2018

Ofte kaffi, men av og til te

Kaffi er alltid ein klassikar, men nokre gongar er det te som gjeld. Særskilt med smak av mango, fersken eller Twinings sin Four Red Fruits. Her om dagen var det fram med det søtaste kruset og ein god te. Og eg har sikkert vist fram den kulaste tekanna før, men eg berre måtte igjen. Eit tesett i miniatyr på loket av kanna, det er så tøft og stilig! Sjeldan eg bruker den, men den står så klart framme på kjøkkenbenken slik at me kan sjå den kvar dag. Lita fredagshelsing før helga byrjar for fullt. Eller, eg skal no på jobb i morgon, men ein laurdag på jobb i ny og ne er heilt greitt.

7. mars 2018

Håper på vårteikn

Kanskje ikkje like fint ute i dag som mange av dagane førre veke. Men no er det blitt litt, sånn bittelitt, varmare i vêret. Det går nesten an å seie at no nærmar det seg vår. Om ikkje anna, så er de i alle fall lov til å håpe. For no er eg lei av vinteren. Eg lengtar etter snøklokker, meir sol og varme, grønt gras, lysare og endå lengre dagar. Mars har berre så vidt byrja, men eg "velger meg april".

5. mars 2018

Artig bok

Vil starte veka med å dele ei bok med dykk. Boka er lita og lettlesen, men sjølv om eg las den ut på ein ettermiddag, er det ei bok ei koste meg med. Småhumra litt innimellom både av teksten og av dei kule illustrasjonane. Boka eg snakkar om, er Katt savnet – en sann historie om kjærlighet, desperasjon og GPS-teknologi, skriven av Caroline Paul. Tittelen seier eigentleg det meste om kva boka handlar om, men den er skriven med ein snert som i alle fall traff meg. Illustrasjonane passar ypperleg og dei er teikna i ei leiken tone. Ei herleg, lita bok som du fint kan lese no i kveld.

4. mars 2018

Solnedgangar og kalde, men flotte dagar

Nok ein gong sundag. Ei kald veke er nesten over, men trass kulda, har det vore flotte dagar. Det har vore bart på bakken, sola har skine, kjekke dagar på jobb og vore sosial med gode vener. For min eigen del merkar eg så godt at det no er lysare dagar, for det er lettare å komme seg av garde til jobb og humøret er generelt betre. Einaste er at eg innimellom kjem på at mannen min snart skal reise til Canada og eg ikkje veit om eg er klar for akkurat det. Det går i rykk og napp, og på eit vis, sånn inst inne, veit eg at det kjem til å gå fint. Skal jo besøke han i tre og ei halv veke i tillegg, så eg kan ikkje klage ;) Blei visst ein del punkt på sundagslista mi i dag, og her kjem dei alle saman:

✦ finne vårlege T-skjorter i økologisk bomull, den blå frå Gudrun Sjöden og den raude frå KappAhl
✦ "Innefrose" – flotte vinterbilete som gir ei eiga stemning
✦ barnebokklassikaren Den lille prinsen var så fin å lese
✦ ser veldig fint ut i Uppsala
✦ solstråle i skogen på veg til jobb
✦ ha besøk av ei god veninne på torsdag, og då blei det mykje prat, latter, traktorvaflar og te
✦ ein rosalilla solnedgang ved Mosvatnet på veg heim frå jobb den siste dagen i februar
✦ blomane inne på kontoret som får ein finfin silhuett når sola skin
✦ skuggane på blokka vår
✦ at "Falling Slowly" frå Once er med på denne topp ti-lista
✦ blir aldri lei av å stå ute på balkongen for å oppleve den nydelege solnedgangen
✦ gå heim frå jobb den eine dagen i herleg solskin og med dei kongeblå hanskane mine
✦ alltid fin gatekunst å sjå midt i byen
✦ dei typografiske plakatene som ein finn på veggen på Vågen vgs.
✦ ein kaffi på kafé medan eg las ut oppvekstromanen Det vokser et tre i Brooklyn; ei veldig bra bok
✦ byrje å hekle saman dei sekskanta lappane mine
✦ tinge billettar til musikalen Anne & Gilbert i tillegg til anna Anne-relaterte opplevingar
gå på sundagsbesøk til eit venepar og ungen deira

2. mars 2018

Jobbvegen min ein solrik fredag

På to hjul til og frå jobb. Ein del av ruta går langs stien ved Mosvatnet. Dei siste dagane har dette området verkeleg vist seg frå si beste side med sol som får det gamle lauvet til å skine der det heng på greinene. Gyllent. Vatnet er frose. Himmelen er knallblå og eføyen på trea viser fram sin flottaste grønfarge. Kaldt er det, men likevel: snart er det vår! For ein super start på helga!