Mosvatnet i går. Kvitt overalt. I alle fall nesten. Mange av måkene og endene hadde funne seg ein plass i vatnet der isen hadde sprokke og smelta. Andre sat så stille på isen dekka av snø.
Ganske vanskeleg å sjå no med alle den snøen, alle gjerda og gravemaskinene, men om ca. halvanna år vil den nye Gamlingen vere klar, og den vil liggje akkurat her. For oss blir det berre eit par minuttar å gå, noko som blir konge, og eg har trua på at det kjem til å bli så himla bra!
Eit snødekt landskap og eit tuttedekt tre (tutt = smokk om ein lurte). Rundt Mosvatnet er det eit tre der ungane kan komme og hengje frå seg smokken sin når dei ikkje lenger skal bruke den, akkurat som ein kan i Smokkariumet til Kaptein Sabeltann. Sånn elles var det mange barn som hadde laga seg ein snømann i går, men eg får dele bilete av desse i neste blogginnlegg :)
11. jan. 2016
10. jan. 2016
Godt og blanda i veke 1
Her hos oss har me brukt mykje av helga til å jobbe med skulearbeid og essayskriving. Det er slik det er nokre gongar, at sjølv om helga kjem, har ein ikkje heilt fri. Men me har jo fått gjort andre ting også, som å henge opp ei hylle ved senga på soverommet, unnagjort nokre ærend på Kilden, gått ein liten tur rundt Mosvatnet og slappa av med gammal film, tacosalat og stearinlys. Den fyrste heile veka i 2016 har vore ganske fin med tørt vêr og sol, stearinlys, kaffi og orkesterspeling. Håper at også dykkar veke har vore bra :) Mykje godt og blanda her i denne vekas sundagsliste:
✦ finne glede i den lille stripa av sol inne i stova vår
✦ "Mina DIYs från 2015" – så mykje fin og kjekk inspirasjon hos Sandra
✦ spele "Party Alias" saman med mamma, pappa, broren min og mannen min. Latterkrampe de luxe med rimet "Du er så vakker, og jeg liker pakker" :D
✦ kikke i dei to kokebøkene me fekk til jul, hente inspirasjon og prøve ut ein middagsrett
✦ dette blogginnlegget om mobbing, og denne kommentaren om det same temaet
✦ få unnagjort ein del småærend på Kilden
✦ både mannen min og eg kjenner oss igjen i denne (ha, ha)
✦ nydelege kaninar her og her, ein skjønn minigris og kattungen som hermar etter mammaen sin
✦ tenne stearinlys med ein gong skumringa byrjar
✦ så mykje vakkert i ein og same heim
✦ sjå den morosame kollasjen av Stavangerord og -uttrykk der me øver med orkesteret
✦ kan hende eg har delt denne før, men eg gjer det igjen: "50 sätt att bli mer kreativ" hos HejRegina
✦ spele med orkesteret på symfoni nr.4 av Bruckner
✦ "I'm not crying. I'm crying because I always cry when people are getting married." – Rusty Parker (Rita Hayworth) i filmen Cover Girl frå 1944
✦ tur i Åsenløypa saman med mannen min og broren min etter å ha ete god middag heime på Sola

Merkelapp
sundagsliste
8. jan. 2016
2015 i tolv bilete
Inspirert av denne lista hos Erin vil eg oppsummere 2015 i tolv bilete, eit for kvar månad. I tillegg til eit bilete for kvar månad, har eg skrive ned nokre høgdepunkt for den aktuelle månaden og lenkja til bloggarkivet, ei lenkje til januar, ei til februar og så bortetter. Og fyrst ut er januar:
Tilbakeblikk til Reykjavik og New York, nye emne på skulen, sniktitt på bryllaupsinvitasjonane, årets fyrste loppemarknad og tur til Ski og Billy Elliot på Folketeateret.
Februar: Fleire gåturar, gjenbruksprosjekt, polaroidbilete på veggen, vårteikn og bytur og spelekveld med gode vener.
Mars: Meir tilbakeblikk til New York, blogginnlegg om interiør, lilla skjørt frå Fretex, kveldstur, lage noko med leire og ordentleg titt på bryllaupsinvitasjonane.
April: Knallgrøne retrogryter, den fyrste boka om Cormoran Strike, to loppemarknadar på ein dag, ein månad til bryllaupet, Kingsman på kino og hyttepåske.
Mai: Oppgåveskriving, bryllaupsførebuingar, blomar på trea, svaner, Beecake, konfirmasjon på Årnes og så klart bryllaupet 30.mai. Absolutt årets høgdepunkt!
Juni: Sommarjobb, spelekveld x2, fleire svaner, tur på Egeland (Stavanger Øst), fleire blogginnlegg om bryllaupet, feiring av mannen min som blei tretti år, tur med alle fire foreldre ut på Jæren og han og eg aleine på hytta helga etter bryllaupet.
Juli: Reisemånad med tur til hytta på Kråkerøy, Vinjerock og ei veke på Sunnmøre. Hadde også nokre dagar på jobb, men fyrst og fremst var me på reisefot denne månaden.
August: Eitt år som huseigarar, fotobok i posten, med gutta på tur, tur rundt Hålandsvannet, gjestebokplakaten og ute på ordentleg bærtur.Tilbakeblikk til Reykjavik og New York, nye emne på skulen, sniktitt på bryllaupsinvitasjonane, årets fyrste loppemarknad og tur til Ski og Billy Elliot på Folketeateret.
Februar: Fleire gåturar, gjenbruksprosjekt, polaroidbilete på veggen, vårteikn og bytur og spelekveld med gode vener.
Mars: Meir tilbakeblikk til New York, blogginnlegg om interiør, lilla skjørt frå Fretex, kveldstur, lage noko med leire og ordentleg titt på bryllaupsinvitasjonane.
April: Knallgrøne retrogryter, den fyrste boka om Cormoran Strike, to loppemarknadar på ein dag, ein månad til bryllaupet, Kingsman på kino og hyttepåske.
Mai: Oppgåveskriving, bryllaupsførebuingar, blomar på trea, svaner, Beecake, konfirmasjon på Årnes og så klart bryllaupet 30.mai. Absolutt årets høgdepunkt!
Juni: Sommarjobb, spelekveld x2, fleire svaner, tur på Egeland (Stavanger Øst), fleire blogginnlegg om bryllaupet, feiring av mannen min som blei tretti år, tur med alle fire foreldre ut på Jæren og han og eg aleine på hytta helga etter bryllaupet.
Juli: Reisemånad med tur til hytta på Kråkerøy, Vinjerock og ei veke på Sunnmøre. Hadde også nokre dagar på jobb, men fyrst og fremst var me på reisefot denne månaden.
September: Bileteoppheng av greiner, tur ute på Lundsneset, orkesterspeling etter fem månadar utan, tur i Sørmarka, Fargegaten og tre loppemarknadar på ein dag!
Oktober: Tur til Ski og Mary Poppins, haustfargar, tips om bryllaupsplanlegging, 50 ting som gjer meg glad, bruktfunn, finaste kaffikoppen og ikkje minst Rhodosturen :)
November: Kongeblå hatt, halvt år som mann og kone, Siddis Brass, kjekk CD, "Nøtteknekkeren", om brudekjolen og oppgåveskriving og topptur ved Moslivatnet.
Desember: Lese Matilda, feire jul saman med mannen min, brunsj med den finaste gjengen, gågata i Sandnes i førjulstidar, sju år som kjærastar, julehygge, kjekk nyttårsfeiring og lys i mørketida.
Merkelapp
kjekke lister
6. jan. 2016
Laurdagstur tidleg i januar
Fire bilete, fire veldig forskjellige bilete. Alle dei fire bileta er tatt då me var ute og gjekk vår fyrste tur i dette året på laurdag. Eit bilete av eit bryllaupsbilete, bilete nr.to av eit gjerde ved ein busshaldeplass. Det tredje er utsikt over byen og det siste biletet er av ein haug med tømmer. Sola var nok ikkje framme, men det var opphald og herleg frisk vinterluft, så det var berre heilt herleg å traske opp Ullandhaugvegen, sjå utover byen og nyte den fyrste laurdagen i det nye året!
Merkelapp
tur
4. jan. 2016
Nyttårsfeiring 2015
På nyttårsaftan var me som nemnt hos eit venepar av oss som bur berre ein liten gåtur unna. Dette året (les: 2015) hadde eg lakka neglane med ein knallblå fargen, ein neglelakk eg fekk frå ei av veninnene mine på julebrunsjen. Må innrømme at eg var litt skeptisk, men det blei jo ganske så "snasent". Hadde på meg mamma sin gamle kjole, den same som eg hadde på nyttårsaftan 2013. Den er altfor fin til å berre henge i skapet, så eg prøver å bruke den når høvet byr seg :) Fekk god punsj då me kom, og sånn elles så kan ein trygt seie at eg stort sett lot kameraet liggje. Hadde det så koseleg med mykje prat og god mat, og då er det godt å ikkje tenkje på at "dette må eg fotografere". Men når ein får servert kaffi i ein retrokopp, kunne i alle fall ikkje eg dy meg med å ta bilete.
I halv tolv-tida tok me på oss yttertøy og traska opp til ein topp ikkje langt unna. Fekk bra utsikt over byen, og så kunne me sjå tvers over til Vålandstårnet der det kommunale fyrverkeriet blei skote opp. Ei av julegåvene frå mannen min var eit kamerastativ, og det skulle eg jo hatt med meg på nyttårsaftan. Men, men. Bileta blei jo greie nok i mine auge. Etter å ha stått oppe på haugen i ein halvtime, traska me tilbake til huset der venene våre bur, og me prata og hadde det veldig hyggeleg fram til klokka var halv fire og me var stuptrøtte alle saman. Takk for ei tipptopp nyttårsfeiring!

hygge
3. jan. 2016
Inn i det nye året
3. januar 2016. Det nye året er allereie tre dagar gammalt. Har hatt to rolege dagar før det var jobbsundag i dag. Me har begge slappa av, lese i ei bok, gått tur, sett på film og byrja det nye året med å berre vere. Sjølv om det var kaldt og utruleg mykje vind, sykla eg til jobben i dag, og det var eigentleg greitt å vere der i dag etter ei ganske så roleg jul. Håper de alle har hatt ei bra helg, den fyrste i 2016. Her kjem mi sundagsliste med fine ting frå denne veka, ei veke både i 2015 og 2016:
✦ gå ein bitteliten tur i den friske vinterlufta, kjenne sola varme
✦ så innmari nusselege kaninar og ein knallsøt minipingvin
✦ Mamma Mia, nachos og mykje prat og latter her heime med ei av mine beste veninner
✦ ei nettside der ein kan søke på ein stad og sjå kartet i akvarellstil
✦ "All was well" – å lese ferdig den siste Harry Potter-boka for tredje gong
✦ at me nådde hundretursprosjektet vårt; i år har me auka det til 104 (minst to turar i veka)
✦ få fotokalender i julegåve frå tante- og onkelbarna våre :)
✦ eit interessant essay, og denne om ein familie som planla si store reise i ni år
✦ lese høgt frå minneglaset der ein av dei finaste lappane var ein mannen hadde skrive: "Brura som gjekk ned kyrkjegolvet"
✦ denne søte instagramkontoen, og for nokre herlege selfies
✦ fyrste gåturen i det nye året
✦ Mariell som skriv om det nye og det gamle året, og Sandra sitt innlegg "Såhär kommer du fram til dina bästa idèer"
✦ kose meg med Love Actually sjølv om det var nærmare nyttår enn jul
✦ dette vil eg prøve å bli bettre på i år, for kor mykje ting og tang treng ein eigentleg?!
✦ feire nyttårsaftan hos eit venepar (me var til saman seks stk.) med god mat, sjå på fyrverkeri frå ein topp i nærområdet og prate fram til klokka halv fire om natta :)

1. jan. 2016
Familiemiddag i heimen
Fyrst og fremst: godt 2016, alle saman! Me hadde ei kjempefin og kjekk nyttårsfeiring hos eit venepar av oss! Rart å ikkje feire med den faste gjengen, men me hadde det jo veldig hyggeleg, og så var det kjekt å prøve noko nytt :) For akkurat ei veke sidan, då det framleis var 2015, hadde mannen min og eg invitert familien og dei to andre som var her i jula heim til oss på kalkunmiddag. Mao. var me sju til bords, dei same personane som på julaftan. Veldig stas å dekke på med mormorserviset, Hardangerbestikk og fine glas, og middagen blei vellykka. Etterpå åt me dessert, og me drakk kaffi frå dei fine koppane me fekk til bryllaupet. Hadde ein quizrunde og tre og hadde rett og slett ein veldig fin kveld. Koseleg å kunne invitere på ein større middag i ny og ne :)
Merkelapp
hygge,
mat og drikke
Abonner på:
Innlegg (Atom)