14. mars 2013

"Å lese en god bok er den største lykken på jord"

Det er så godt skildra, for det er akkurat den kjensla eg får når eg les ei god bok (sitatet i innleggstittelen: Brikt Jensen). Ei god bok kan vere rørande, den kan vere morosam, den kan vere spennande, eller kanskje er boka ei blanding slik at du den eine augneblinken ler og i det andre bit negler av spenning. Du kan gøyme deg bak ei bok, kanskje fordi du græt eller fordi du prøver å kvele ein latter. Du kan bruke ei bok til å vifte vekk ei fluge eller du kan leggje den over ansiktet når det er mykje sol ute og du vil sove litt. Det å lese gir meg mykje glede og nokre bøker drar meg inn i eit eige univers der berre eg og boka finst, berre oss og ingen andre. Nokre gongar har eg ikkje fått sove, for boka har vore så spennande at eg berre måtte lese den ferdig, då ofte krim skrive av Agatha Christie. Det har også hendt at eg har gråte meg i søvn, godt over midnatt, fordi boka var så rørande (til dømes Idas dans og Minnenes melodi) Eg har alltid likt å lese, og gjer det enno, men eg merkar det at no når eg har så mange skjønnlitterære bøker på pensumlista, går det litt for lenge mellom kvar gong eg verkeleg gleder meg til å lese. Slik som Samuel Johnson sa, så skal ein lese det ein har lyst til; det ein leser av plikt, har ein liten glede av. Nokre av bøkene på lista har vore heilt ok å lese, mens andre har eg verkeleg slitt meg gjennom. Men no, dei siste vekene, har eg endeleg fått tilbake leselysten igjen; fyrst var det Ildvitnet av Lars Kepler (på lesebrett, må få seie at det er ein eigen sjarm med papirbok, det er det aller beste) og no er det den nyaste boka til J.K. Rowling, nemleg Den tomme stolen. Det er ei fantastisk kjensle å berre kunne setje seg ned med ei god bok, ta pause frå pensumlesinga, kanskje med ein kopp kaffe i handa og eit teppe som er breidd godt over meg. Snart er jo også påska her, og då blir det i alle fall tid til litt lesing. Og for ein lesehest som meg, har eg sett meg ut ein del bøker eg gjerne vil låne på biblioteket allereie. "Jeg husker den dagen jeg kunne lese. Det har jeg aldri glemt. Jeg satt på gulvet ved siden av bokhyllen, og så kunne jeg lese. Det betød at jeg kunne velge selv." (Anne-Cath. Vestly).

12. mars 2013

Dansk uge

Seks skuletimar (forelesningstimar) på dansk har gått utruleg fort. Hadde to timar i går og fire i dag, og eg må få seie at det har gått over all forventning! Til no har me lært om dansk litteratur og litteraturhistorie dei siste femti åra; i morgon og på torsdag er det det danske språket me skal lære meir om. Forelesaren som me hadde i går og i dag, var veldig strukturert, og sjølv om eg ikkje forstod absolutt alle orda som blei sagt, var det enkelt og også kjekt å følgje med. Så får me sjå korleis det blir med den forelesaren me skal ha dei to neste dagane :) På sundag var me jo på besøk hos eit venepar, og sjølv om det var litt kaldt, fekk me grilla. Men det var for kaldt til å sitje ute, så sjølve etinga måtte me ta inne ;) Ein kjempekoseleg kveld med mykje fin prat, og eg håper det ikkje blir så altfor lenge til neste gong. Ein av tekstane som me gjekk gjennom i dag, var "Hjulet", ei novelle frå novellesamlinga Eftersøgningen og andre noveller. Ei litt artig og merkeleg novelle skrive av Peter Seeberg i 1962. Det er her eg har henta teksten som de kan lese på biletet (trykk på biletet for å få det større). Kjekk øving i går, og i kveld blir det jobb på Grim.

10. mars 2013

Draumereisemål

Eg følgjer jo nokre bloggar via bloglovin', og på fabelaktive.com er det kvar månad ei utfordring. Denne månaden er utfordringa å skrive noko, vise noko, om sitt draumereisemål. Sjølv så har eg så mange, alt fra Roma til Praha til Australia til Korfu. Eller kanskje ein tur til Tromsø (eg har ikkje vore lenger nord enn Trondheim), eller til Paris (mykje for å sjå Euro Disney, og litt for å shoppe). Og så klart står både New York og London høgt på lista på grunn av Broadway og West End. Eg er jo ein stor fan av musikalar! For litt over tre år sidan var eg jo på tur til Aust-Afrika saman med klassen min frå folkehøgskulen, og det er også land eg gjerne skulle ha besøkt igjen. Okei, ein ny tur vil jo aldri bli det same som den turen eg hadde for tre år sidan, men likevel. Me var i Kenya, Uganda og Tanzania, og dei har alle så mykje meir å by på enn det me er klar over. I tillegg hadde det ikkje gjort noko å reise endå ein tur til finaste Krakow. Men å skulle komme fram til berre eit draumereisemål, det er vanskeleg, det. Eg er kanskje ikkje den største draumaren eller den som reiser mest, men som nemnt ovanfor, er det mange stadar eg gjerne vil sjå og oppleve før det er for seint. Så konklusjonen på denne utfordringa er... MANGE! Eg har mange draumereisemål, og då gjerne saman med han eg bur i lag med, ei av mine beste veninner eller ein jentetur med mamma (sa du London?!). Det må vere ein stad der eg kan oppleve ting, gjerne historiske; ikkje berre gå rundt og sose eller berre shoppe. Eg legg difor med ein kollasj med bilete av desse reisemåla som eg har nemnt i innlegget, og dette blir då mitt bidrag med tanke på denne utfordringa. Klarar de å sjå kva bilete som er frå kva by, område eller land? Nokre av bileta har eg tatt sjølv (dei plassane eg har vore på før og som eg har lyst til å besøke igjen); dei andre er frå colourbox.com (Australia, Paris, Roma, New YorkTromsø og Praha) Elles så gjekk det veldig bra med speleoppdraget i går; me fekk til og med tatt ein tur innom skulen også denne laurdagen (etter spelinga vel og merke). Det blei ein vanleg laurdagskveld heime, og så gleder eg meg til i seinere i dag, for då skal me på grilling (viss vêret tillater det) hos eit venepar av oss :)

8. mars 2013

Vår og speleoppdrag

No blomar miniorkidéen sånn heilt på ordentleg (det er åtte dagar mellom dei to bileta), og det blomar jo også ute, så no er den her – våren! Det er lysare ute, og sola skin så mykje at det faktisk går an å gå til skulen uten å ha på ullstrømpebukse! Denne veka har vore som dei fleste veker, nemleg fylt med skule, jobb og korps. I morgon tidleg skal nokre av oss i brassbandet ut på eit lite speleoppdrag, noko me alltid er på jakt etter, både for å marknadsføre oss sjølv og også får å få inn litt til korpskassa. Speleoppdrag er jo den kjekkaste måten å gjere det på, for då får me faktisk spele og ha det gøy :) Ikkje for det; ein vanleg dugnad, som til dømes parkeringsvakt, er jo greitt og kan vere gøy det også, men det er jo spelinga me verkeleg brenn for. Og som vanleg blir det nok ein del lesing i helga; neste uke er det nemleg "dansk uge" på mitt studie, og det er ein del pensum som skal lesast til då (og det på dansk så klart). Eg tar jo nordisk språk og litteratur som siste året i bachelorgraden min, så det at me skal ha ei veke med danske forelesarar, er ein del av studiet dette semesteret. Eg trur det kan bli interessant og lærerikt. Håper berre eg greier å forstå det dei seier ;)

6. mars 2013

Noko søtt og herleg



Nokre gongar er det så lite som skal til for å gjere ein grå dag litt lysare, eller berre det å få le litt og slappe av midt i ein travel kvardag. Youtube (og også cuteoverload.com) er ei fin kjelde til å finne noko søtt, noko artig, noko å le av. Videoen over er akkurat slik. Den får meg til å le samtidig som eg sit og sukkar fordi den er så søt. I tillegg vekker den gode minne frå den gongen eg var i Afrika saman med klassen min frå folkehøgskulen. På den turen besøkte me nemleg eit senter for foreldrelause elefantungar. Ikkje at elefantungen i videoen er foreldrelaus, men den er like søt og herleg for det om :) Forelesningsfri i dag, men det betyr ikkje at eg tar meg heilt fri i frå skulearbeidet. Har fått lese ein del pensum, jobba litt meir med den norrøne grammatikken, og seinare i dag skal me rydde litt i skuffar og skap her i heimen. Ikkje fordi det er så himla rotete, men det er jo greitt å ta ein liten opprydding i ny og ne, og no er det lenge sidan sist ;)

4. mars 2013

Vårteikn

Sjå her! No har eg endeleg sett snøklokker, det eg ser på som sjølvaste Vårteiknet (nettopp med stor V). Me var ute og gjekk ein liten tur rundt om i nabolaget i går, og det var då eg fekk auge på dei – snøklokkene. Eg har alltid likt desse kvite og grøne blomane. Eg veit ikkje kvifor, men eg berre synest at dei er så utruleg fine. Kanskje er det fordi dei er så enkle?! Ved det huset mormor budde då me var små, vaks det snøklokker i fleng. Eg hugsar at me gjekk og plukka dei, satte dei i eggeglas, eller andre små glas, med vatn oppi. Satte dei på kjøkkenbordet og der sto dei til dei var visne. Gode minne! Var jo ein tur innom skulen i dag, og bortsett frå forelesning, fekk eg prata lenge med to veninner som eg ikkje hadde sett på år og dag. Kjempehyggeleg! Blir middag om ikkje så altfor lenge. Og frå halv sju til halv ti blir det korpsøving, noko eg også i dag gleder meg til :)

2. mars 2013

Nummer femhundre!

Innlegg nummer femhundre - 500! Sidan september 2009 har eg skrive her på bloggen om mitt liv slik at dei der heime på Sola (og andre som er, og har vore, interesserte) veit korleis eg har det. Det starta på folkehøgskulen ute på Bømlo, den nydelege øya, og sidan har eg berre fortsatt. Så får me sjå kor lenge eg held på ;) Har utruleg nok vore ein tur på skulen i dag. Hadde ingen oppgåve som skulle skrivast, ei heller noko spesifikt pensum som måtte lesast (det gjorde eg nemleg i går). Men eg fekk melding på mobilen i går om at dei to bøkene som eg hadde resevert no var klare til å bli henta. Og dimed tok me oss ein tur til skulen i dag. På ein heilt vanleg laurdag. Tok like godt med meg ei av pensumbøkene sånn at eg fekk gjort noko fornuftig sjølv om eg ikkje var absolutt nøydd til å gjere det i dag :) Har også fått printa ut nokre dokument, og er no klar for ein ordentleg laurdagskveld! No som våren byrjar å nærme seg, fekk eg så utruleg lyst til å gå med kjole i går; det var sol og knallblå himmel ute. Som sagt, så gjort! Og her ser de bilete av kjolen, ein herleg, rød kjole som har eit litt gammalt preg over seg. Denne kjem til å bli ein av mine favorittar – både utover våren og også når sommaren kjem :D