14. mars 2013

"Å lese en god bok er den største lykken på jord"

Det er så godt skildra, for det er akkurat den kjensla eg får når eg les ei god bok (sitatet i innleggstittelen: Brikt Jensen). Ei god bok kan vere rørande, den kan vere morosam, den kan vere spennande, eller kanskje er boka ei blanding slik at du den eine augneblinken ler og i det andre bit negler av spenning. Du kan gøyme deg bak ei bok, kanskje fordi du græt eller fordi du prøver å kvele ein latter. Du kan bruke ei bok til å vifte vekk ei fluge eller du kan leggje den over ansiktet når det er mykje sol ute og du vil sove litt. Det å lese gir meg mykje glede og nokre bøker drar meg inn i eit eige univers der berre eg og boka finst, berre oss og ingen andre. Nokre gongar har eg ikkje fått sove, for boka har vore så spennande at eg berre måtte lese den ferdig, då ofte krim skrive av Agatha Christie. Det har også hendt at eg har gråte meg i søvn, godt over midnatt, fordi boka var så rørande (til dømes Idas dans og Minnenes melodi) Eg har alltid likt å lese, og gjer det enno, men eg merkar det at no når eg har så mange skjønnlitterære bøker på pensumlista, går det litt for lenge mellom kvar gong eg verkeleg gleder meg til å lese. Slik som Samuel Johnson sa, så skal ein lese det ein har lyst til; det ein leser av plikt, har ein liten glede av. Nokre av bøkene på lista har vore heilt ok å lese, mens andre har eg verkeleg slitt meg gjennom. Men no, dei siste vekene, har eg endeleg fått tilbake leselysten igjen; fyrst var det Ildvitnet av Lars Kepler (på lesebrett, må få seie at det er ein eigen sjarm med papirbok, det er det aller beste) og no er det den nyaste boka til J.K. Rowling, nemleg Den tomme stolen. Det er ei fantastisk kjensle å berre kunne setje seg ned med ei god bok, ta pause frå pensumlesinga, kanskje med ein kopp kaffe i handa og eit teppe som er breidd godt over meg. Snart er jo også påska her, og då blir det i alle fall tid til litt lesing. Og for ein lesehest som meg, har eg sett meg ut ein del bøker eg gjerne vil låne på biblioteket allereie. "Jeg husker den dagen jeg kunne lese. Det har jeg aldri glemt. Jeg satt på gulvet ved siden av bokhyllen, og så kunne jeg lese. Det betød at jeg kunne velge selv." (Anne-Cath. Vestly).

Legg igjen ein fin tanke