10. jul. 2015

Om brudebuketten min

Eg har lenge visst at om eg ein gong skulle gifte meg, skulle brudebuketten min vere av det enkle slaget. Ikkje noko særskilt stor, men akkurat passe. Den tanken var også gjeldane då eg tidleg i vår tinga brudebuketten min hos Floriss i Solakrossen. Leita ein del rundt på Pinterest for å finne inspirasjon, og det er nok denne buketten her som blei den største inspirasjonskjelda. I staden for liljekonvallar og ranuklar, ble det kvite peonar og brudeslør i min bukett. Og for å få med eit lite hint av blått, min absolutte favorittfarge og hovudfargen for dagen vår, blei det også nokre fine delfiniumblomar. Hadde også noko skogsgrønt i buketten, og saman med det kvite og det blå, var buketten heilt perfekt for meg! Buketten var bunde saman med hyssing, og ikkje med silkeband, for det er eg ikkje så stor fan av. I hyssingen hadde ho i butikken hjelpt meg med å feste fire små bileterammer, ei lita ramme for kvar av besteforeldra mine. Rammene er kjøpt på Panduro Hobby, og eg brukte decoupagelakk til å "lime" bileta på rammene. Sidan ingen av mine besteforeldre lever lenger, ville eg gjerne heidre dei på eit vis. Ved å ha dei hengande i små rammer i buketten, hadde eg dei med meg heile dagen ♡ Bilete nr.1 og 2 er forresten tatt av fotografen vår :) Og det var brudebuketten min, den finaste av dei alle! Vil elles få ønskje alle som les dette ei kjempefin helg!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Den var utrolig fin! Helt enig i at brudebuketten gjerne kan være enkel. Det enkle er ofte det beste ;) Og så koselig med besteforeldrebilder! Åh, det var en så fin touch som i hvertfall jeg synes gjorde buketten ekstra spesiell.

Silje sa...

Heilt einig, Ida! ;) Ein kjempefin og enkel bukett, akkurat passe stor. Og dei rammene var det som verkeleg gjorde buketten til min ^^

Legg igjen ein fin tanke