28. juni 2026

Seint i juni






Bursdagsveke også denne veka sidan broremann hadde bursdag i går. Han er på besøk hos oss nokre dagar, og me feira dagen med Morgenlevering som mamma og pappa hadde bestilt (dei hadde verkeleg slått på stortromma), piknik og ordentleg filmkveld. Å ha på meg kjole utan strømpebukse gir meg ei ordentleg kjensle av sommar, og det skjedde faktisk både på fredag og i går. Litt annleis jobbveke sidan me har hatt vedlikehaldsstengt, og alle saman var med på å rydde, kaste, sjaue og organisere lagerhallane. Det blei jo tid til litt kontorarbeid innimellom, altså. Gode lesestunder om kveldane og i alle fall litt meir senka skuldre i helga, her er resten av seint i juni:
 
 bøkene i kosekrimserien Mord under solen, der Intriger i Amalfi er bok nr. to, er artige å lese
 sjeldan eg les gotisk horror, men Shirley Jacksons Vi har alltid budd på slottet er eit unnatak
 klokkeblåstjerner i fleire fargar 
 sjå eit par episodar av Mysteria i Brokenwood 
 finaste Buddy som helser på tre supersmå kattungar, og så tolmodig når ein annan herjar
 rydde og organisere lagerhallane på jobb 
 velfortent å ete vaffel ute i lunsjpausen etter all sjauinga
 gul blomekjole og vakre prestekragar 
 spele "Takenoko" (aka. Pandaspelet) etter laurdagstacoen
 traileren til ei ny filmatisering av Sense and Sensibility, denne skal i alle fall eg få med meg! 
 lesing i hagen nokre av dagane 
 regndropar på ein rododendron 
 høyre på lydbok medan eg jobba på kontoret 
 trass kritikk frå kundar, har me fått ein del skryt også i løpet av desse dagane 
 utruleg stilig å lage eit skjelpaddesmykke av slipte glasbrot 
 emballasje til nye produkt i fint design og herlege fargar 
 koselege Stavanger antikvariat 
 quiz, Morgenlevering og ein halvtidleg laurdagsfrukost
 kunne ha reist rundt i Belgia berre for å besøke alle dei vakre bokhandlane
 piknik i den botaniske hagen, det gir sommarkjensla, det!
 søt, liten måseunge rett ved inngangen til jobben 
 sprette champagnen som me fekk då me flytta inn (!), ete taco og sjå ein bra film 
 lese E. M. Forsters skeive klassikar Maurice

Legg igjen ein fin tanke