"That is one good thing about this world – there are always sure to be more springs." Sitatet er henta frå Anne of Avonlea av L. M. Montgomery, og sjølv om eg har brukt det før, gjer det meg ingenting å nemne det igjen. For våren er verkeleg noko av det alle finaste! Som eg skreiv førre veke, er det høgsesong for hagearbeid, og det merkar me på jobb. Anten det er på kontoret, i butikken eller på lageret, timane går unna og me har nok å gjere heile vegen. Kjekt å prøve ut nye ting, prate med kollegaar i lunsjen og komme heim til ein meir normal tid om ettermiddagane. Både i går og i dag har me vore sosiale, gjort husarbeid, gått ein liten tur og slappa av. Byrjar å bli klar for måndagen:
✦ boka Seascraper av Benjamin Wood var ei sakte leseoppleving som sat i lenge
✦ koseleg med laurdagstaco og bursdagsfeiring på Sola i går i lag med familien
✦ himmelen ein morgon, med sitt fine lys og eit tynt lag med skyer
✦ klokkeblåstjerner i fleng og mange gode boktips frå Miranda
✦ tilbakeblikk på den fine bokhylla me såg hos svogeren min i haust
✦ komme heim fredagsettermiddag til kaffi og ein liten kanelbolle
✦ Zalo er så klart med der det skjer, og det var han absolutt i går, han fekk til og med bursdagskake
✦ lese klassikaren The Picture of Dorian Gray med Leseklubben, gøy å følgje med på diskusjonane
✦ fargerike krokus – sukk, våren, du er så himla fin!
✦ få på plass skrivebordet oppe på kontoret her heime
✦ saknar å kunne traske til jobb, men tar det igjen med busslesing ;)
✦ 12 bokbyar å besøke i Europa, her er det fleire kjekke plassar eg gjerne vil utforske
✦ koser oss med å sjå Poirot-episodar
✦ fleire gode lesestunder
✦ morgonsola gjennom treet
✦ "Husavik" frå Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga gjer meg alltid varm om hjartet
✦ stikke innom biblioteket for å hente bøker
✦ bursdagskake, kaffi og "Hitster", det spelet er like morosamt kvar gong med speler det!
✦ Olive liker verkeleg å vere med ut på nye eventyr
✦ bli bettre kjent med mine nye kollegaar
✦ eitt lite lam ved jernaldergarden, for no er det lemmingstid
✦ skal innrømme at eg er hekta, og nyleg las eg Game Changer, den fyrste boka i denne hockeyserien


Legg igjen ein fin tanke