26. apr. 2026

Søt kanin på jobb og skjønne lam i nærområdet






Etter tre veker i den nye jobben, har me funne ein rutine her heimen, særskilt om morgonen, og sjølv om me står opp tidlegare enn det me kanskje ønskjer, kjenner eg det gjer godt å ha meir normale arbeidstider. Eller, kva som er normalt vil jo alltid vere relativt, men du skjønner kva eg meiner. Åtte til fire, ikkje kveld og helger. Kjenner eg har vore litt susete i hovudet når eg har komme heim om kveldane, for som tidlegare nemnt er det midt i høgsesongen og timane går i eitt med alt som skal gjerast. Men det er kjekt å gjere noko nytt og eg er ikkje redd for å spørje når eg kjenner eg står litt fast. Senker skuldrene med lesing på bussen og lesing på senga om kveldane. Til veka skal me gi leilegheita vidare og me brukte ein del timar i går på å vaske og sjå over at ting og tang er slik dei skal vere. Sundagskjensla med litt husarbeid, tur, avslapping og så klart lesing:
 
✦ herleg feelgood til vakraste Lake District, endå ei finfin bok frå Jessica Redland
✦ Gro Holms De hvite kull frå 1936 var fjerde boka ut i mi eiga leseutfordring 
✦ blir aldri lei verken kveldslyset eller den gule lampa
✦ lyse kveldar og kveldslyset inn i huset
✦ søtaste gjengen: ein liten kvalp, ein større hund og ein passe stor katt 
✦ vaske ned leilegheita – på torsdag er det overtaking 
✦ raude tulipanar og russeblåstjerner langs grøftekanten 
✦ sundagskjensla med litt godt steikte kakekantar, kaffi, god bok og eit flott bokmerke 
✦ solnedgangen over eit nabohus 
✦ hengje opp eit par små bilete ved kontorplassen min 
✦ koseleg med kaninbesøk på jobb 
✦ å, dei søte lamma på Ullandhaug, kunne ha gått tur der kvar dag no i denne tida! 
✦ to norske nettbutikkar med flotte blomesmykke: her og her  
✦ høyre "Superstar" frå ein av dei kulaste musikalane på radioen 
✦ trass sur vind, var det godt å kjenne morgonsola 
✦ verdas bokdag med to boklege illustrasjonar av Lisa Aisato
✦ eg vel meg april, og The Enchanted April av Elizabeth von Arnim var ei fornøyeleg bok
✦ og kjekt å dykke litt meir ned i boka med denne The Comfort Book Club-episoden
✦ høyre på lydbok medan eg vaska i leilegheita
✦ gå ein liten tur mellom baking og lesing i dag, han fine og eg, hand i hand
✦ le høgt då me såg musikalklassikaren Bye, Bye Birdie med Dick van Dyke i ei av rollene 

Legg igjen ein fin tanke