9. apr. 2026

Side etter side


Fyr i omnen då eg kom heim etter jobben i dag. Ute kjenner ein at vinden tar tak, og det er faktisk nokså surt sjølv om det var nærmare ti gradar om morgonen. Hovudet mitt er litt susete etter tre dagar i ny jobb med mykje ny informasjon og arbeidsoppgåver, samstundes er det kjekt å lære nye ting og kollegaane mine er veldig hyggelege. Eg får lese på bussen og om kveldane, og eg kjenner meg litt som ho i det eine Lisa Aisato-puslespelet som me endeleg har fått opp på veggen. 

Legg igjen ein fin tanke