Fri på måndag, fire dagar i ny jobb og to dagar med helg. Eg har byrja midt i høgsesongen, for våren er nemleg den tida av året når ein byrjar å gjere klar alt i hagen. Min nye arbeidsplass er kontormedarbeidar ved Spiselighage. Fyrst og fremst skal eg svare på kundeserviceportalen, men eg har også (og kjem til) ekspedert kundar i butikken og pakka varer klare til Klikk-og-hent. Det har gått i eitt, alle er med for å få varene ut, både i den fysiske butikken og ikkje minst alle varene som går ut med posten. Eg har blitt godt tatt i mot, prøvd å svare på ein del hendvendingar aleine, og læringskurva er bratt. Veldig godt å komme heim til meir vanleg tid, for no jobbar eg berre dagtid måndag til fredag. Artig å starte helga med eit humorshow live saman med nokre veninner, og helga har vore ganske roleg. Mykje vind her denne uka, så ein lang tur har det ikkje blitt, men eg har no vore ute og gått eit par småturar i nærområdet likevel. Over til alt det andre før måndagen startar:
✦ årets fjerde Christie-bok var Mysterium i Vestindia med frøken Marple i spissen
✦ vakker morgonhimmel
✦ sjå ferdig ein påskekrim på NRK Nett-TV
✦ små, gode lesestunder etter jobb
✦ hallo, sjå så utruleg søte desse små geitekillingane er!
✦ lesing på bussen med morgonsola
✦ mi fyrste veke i ny jobb hos Spiselighage
✦ å stå i stova og få auge på ein vakker soloppgang gjennom vindauget
✦ Jane Carkill teiknar dei nydelegaste naturplakatane
✦ to gongar denne veka gå heim frå UiS, ein veldig grei spasertur
✦ stripete russeblåstjerner
✦ fy flate, boka En hyllest til livet av Gisèle Pelicot er heilt utruleg tøff, vond og så bra skriven
✦ måndagsfri med bok, kaffi og eit par bitar god sjokolade
✦ solnedgang over blokkane i det fjerne
✦ laurdagstaco og Poirot-episoden Mord etter alfabetet
✦ kveldslyset på ein av stoveveggane
✦ liten, fargerik blome på bakken
✦ songen "The Explorer and the Bear" frå musikalen Paddington – herleg musikk i ekte musikalstil
✦ bokrotta var med meg og boka på tur fram og tilbake jobben
✦ le høgt i lag med tre fine personar då me såg humorshowet "Norway for Beginners" på fredag
✦ lese Mord på skrivekurset, den tredje boka i kosekrimserien om Engel og Luna



Legg igjen ein fin tanke