Bypåske kan vere ganske fint det også sjølv om eg skal innrømme at det er litt rart å ikkje vere på hytta oppe ved Moslivatnet i år. Men slik er det når doen held på å bli oppgradert, og med påskekrim, påskequiz, påskeegg og generell påskestemning her i heimen, skal eg ikkje klage. Dagane har gått litt for fort; på måndag hadde eg min siste dag på jobb og på onsdag var eg innom nyjobben. Eg byrjar der rett etter påske og antar at det kjem til å bli mange nye inntrykk og mykje eg skal lære. Kjempekoseleg å ha påskefrukost med quiz her på torsdag, på fredag var familien min her på middag og i dag – trass ekstremvêret "Dave" – blei det både bowling, middag, kaker, gaver og hygge, for det var bursdagssundag. Hipp, hipp hurra for meg ;) Mykje lesing og mange koppar kaffi, eit par små gåturar og elles berre prøve å senke skuldrene før det brakar laus med nye jobbutfordringar:
✦ påskegule tulipanar, ein klassikar, nytrakta kaffi og noko søtt attåt
✦ stelle i stand påskemiddag her på fredag
✦ få nydelege solsikkar og kjekt kort frå jobben
✦ kjempekoseleg å invitere på påskefrukost og quiz på torsdag, og me sat ein del timar rundt bordet
✦ kul og fargerik keramikk laga av Marlene Eilertsen
✦ spele bowling med ein finfin gjeng tidlegare i dag
✦ fleire gode lesestunder
✦ endeleg byrje å hengje opp fleire bilete her i heimen
✦ sjå ferdig Oscar-vinnaren One Battle After Another
✦ må smile litt av Pudding, denne pusen er ein artig skrue
✦ har eigentleg vore ganske fint å ha bypåske
✦ bursdagskake heime på Sola
✦ Ursula K. Le
Guins kattebok var ei fin og morosam lita bok
✦ påskeballongar på senteret
✦ ei av bøkene til Carley Fortune, This Summer Will Be Different, skal bli til film, PEI i mitt hjarte
✦ humle og krokusar
✦ ordne nye pass
✦ veggpynten på nyjobben, kjekt å stikke innom og helse på fleire av mine nye kollegaar
✦ Steve Balsamo som syng "Gethsemane", for ein falsett på den høgaste tonen!
✦ fy flate, Alt et av Leander Djønne er ei veldig ubehageleg og samstundes så utruleg god bok
✦ å sjå ein miniklatrar då me var ute og gjekk tur
✦ dei herlege illustrasjonane i nemnde kattebok
✦ lese krim, det er jo påske, og eg las Skjelettets vei av Val McDermid, bok nr. tre om Karen Pirie


Legg igjen ein fin tanke