30. nov. 2025

Litt adventsstemning i nyheimen






Trong denne sundagen. Ein sundag der det einaste me hadde på planen var å bake eit par julekaker og hengje opp ei hylle eller to, elles berre lese og ta fram litt av julepynten. I går var energinivået lågt og stressnivået høgt, for eg skal ikkje leggje skjul på at fredagen var travel. Ein ting er julestresset, ein annan black friday (eller no black week) der det går i eitt frå tidleg til seint, der me til og med opnar ein time tidlegare – sjølv er eg ikkje fan av dette kjøpepresset, men det er no ein gong slik. Lesestundar, kjekk orkesterøving, vakker morgonhimmel og sakte, men sikkert ta fram jula, helse på kjentfolk på jobb, strikke og sjå film, eg smiler av slike små gleder blant desse travle dagane:
 
✦ ta fram adventsstaken og tenne det fyrste adventslyset
✦ lese Som sunket i jorden, bok nummer to i den spennande krimserien om Karen Pirie
✦ nabokatten som stakk fram mellom søppelspanna
✦ Toby må jo vere den mest tolmodigaste hunden, berre sjå korleis han hjelper denne lille pusen
✦ eit einsleg haustblad midt i den fargerike lyngen
✦ skrive fleire julekort 
✦ las Fuglevokteren fra Vega i fjor, og det var kjekt å høyre Miranda prate om den i bokklubben 
✦ haustsolstråle
✦ sauane på jernaldergarden, alltid kjekt å gå ein tur i lag med ei god veninne
✦ is i graset
✦ få opp flotte utelys ved oppkøyrselen vår 
✦ med desse hovudrollene må eg nesten få med meg Les Misérables på Folketeateret neste år 
✦ å, det er gøy å lese klassikarar, og den siste eg las var Redderen i rugen av J. D. Salinger
✦ sukk, magisk soloppgang eit par av morgonane
✦ raudstrupen blant snøklokkene, Emily Duffin har fanga ei så fin stemning i denne illustrasjonen 
✦ småfuglane i hagen 
✦ kosekrimboka Med døden til bords var heldigvis noko betre enn den fyrste i serien
✦ stilig å lage ein bokhandel i ein nedlagt undergrunnsstasjon i London 
✦ ikkje berre magisk soloppgang, men også magisk solnedgang no i november
✦ morgonsola som lyser opp dei tørka blomane nær vindauget
✦ gøy at Viking er seriemeistarar for fyrste gong på 34 år – og her er høgdepunkta!
✦ gå til jobb i ti minutt og likevel lese eit par sider 
✦ årets julekakebaking 
✦ roleg morgonstund med litt julepynt på bordet 

28. nov. 2025

Moreton-in-Marsh



Markedsbyen Moreton-in-Marsh ligg i det pittoreske området Cotswold, og frå Oxford er det berre ein halvtime med toget. Me tok turen, og det var koseleg å gå litt i gatene, stikke innom eit par lokale butikkar, få auge på puben som visstnok skal vere Tolkiens inspirasjon då han skildra "Prancing Pony" og så klart ein knallraud buss. Ingen tur til dei britiske øyer utan ein slik buss.






Hadde me ein stor plan i sjølve byen? Nei, det hadde me ikkje, men me hadde heller ikkje noko me skulle rekkje å Oxford, så me enda opp me å gå til Batsford Arboretum. På førehand hadde me jo sjekka ut kva me eventuelt kunne finne på om me fyrst tok turen til Moreton-in-Marsh, og plutseleg var me av garde. Det er laga til ei rute frå byen og inn til arboretet som er enkel å følgje. Over eit jorde med fine sauar, eit lite hoppebilete måtte til, eit lite hus omringa av epletre, og korn så lang auga kunne sjå. Turen bort var nesten tre kilometer (og me gjekk dei jo tilbake også).






Arboretet var ein kjempefin plass som verkeleg fortener eit eige innlegg. Tilbake i sjølve sentrum, fann me fram til koselege Rixy's Cotswold Tearoom der me åt knallgod cream tea (eg juksa litt og hadde kaffi attåt medan min betre halvdel gjekk for den britiske utgåva). Smilte då eg såg denne bilen stå parkert i gata; for sjølv om det ikkje er den same bilen, fekk eg likevel assosiasjonar til Inspector Morse, for fargen og stilen var jo ganske lik den i TV-serien, i alle fall i mine auge. 

26. nov. 2025

Orkesteret




Per Dybvig har gjort det igjen! I fjor var det boka De står i kø som fekk meg til å smile breitt, i år er det Orkesteret. Han teiknar dei artigaste karakterane, fargebruken er herleg, og for oss som speler i eit orkester, er det kanskje litt ekstra kjennbart, tihi! Tubaen som er større enn musikaren og ikkje minst den lange trombonen – for han speler jo tuba og eg trombone. Detaljane i boka er superstilige, og så får me berre håpe at vårt orkester bokstaveleg tala ikkje fell gjennom golvet ;)

24. nov. 2025

Glitter i graset



Ti minutt tar det å gå til jobb. Ein tur vil eg ikkje kalle det, men førre veke måtte eg likevel ta med meg kameraet den ein dagen eg traska til jobb. Rimet glitra i graset, dei varme haustfargane var blitt dusare med eit tynt, kvitt lag av den kalde frosten. Ull frå topp til tå, og sola varma i andletet.

23. nov. 2025

Novembertravelt






Byrjinga av veka var kald, i alle fall til Stavanger å vere. Eg måtte passe på kor eg gjekk, for det var fleire dagar med ei tynn, lita hinne av is i gatene. Men rim på bakken og på haustlauvet er no om ikkje anna eit veldig fint syn! Tempoet både på jobb og her heime er litt for høgt for min smak; på jobb er som nemnt julestresset i gong og her heime er det stadig ting og tang som skal på plass. Eg prøver å få lese litt kvar dag, høyre på roleg musikk, sende meldingar til fine folk og tenne stearinlys i novembermørket. Det hjelper. I går åt me frukost hos eit venepar, og i lag gjorde me det ganske greitt på quizen i Dag og Tid. Og så klart er det andre fine lyspunkt når dagane går litt for fort:
 
✦ lese Lady Susan, tenk at det er 250 år sidan Jane Austen blei fødd!
✦ byrje å skrive julekort
✦ kan ikkje anna enn å smile breitt av Per Dybvigs nyaste bok Orkesteret 
✦ sol, haustfargar og eit lite hint av rim 
✦ spele "Benedictus" av Karl Jenkins med orkesteret 
✦ endå meir Oxford-glimt i denne nye vloggen frå Miranda, eg drøymer meg tilbake til byen!
✦ sukk, sollyset inn i heimen, eg blir ikkje lei 
✦ quizfrukost hos eit venepar i går 
✦ lage surdeigskanelsnurrar til quizfrukosten
✦ ha, ha, eg er ikkje veldig fotballinteressert, men gøy å sjå høgdepunkta frå kampen førre helg 
✦ ein heilt nydeleg soloppgang fredagsmorgon 
✦ gå ein akkurat passe tur med ei god veninne
✦ morgonsola på tretoppane
✦ ordentleg artig å vere på "ein slags julekonsert" med Tønes, Ingvar Hovland, Sigfrida og Johanne 
✦ og når me fyrst pratar om fotball: denne langlesinga om dommaren då Noreg slo Brasil 2-1 i 1998 
✦ asfaltfint med keramikskår 
✦ laurdagstaco og bra film 
✦ rim på haustlauvet på bakken
✦ "Top 10 Rewatchable Male Broadway Belts" – her er både Les Misérables og The Book of Mormon
✦ tinge heim ei lita bokhylle til stova vår 
✦ tre forskjellige utgåver av Frankenstein på jobb 
✦ sundagskjensla med bok, Mummi-englespelet, kaffi og noko attår 
✦ og endå litt meir Oxford sidan eg nyleg las ut bok nr. tre i serien om Inspector Morse

20. nov. 2025

Ein smak av Oxford





Radcliffe Camera, fargerik husrekkje midt i sentrum, ordentleg Narnia-lyktestolpe og skuggespel, universitetsområdet, Bodleian Library og Hertford Bridge (eller "sukkenes bru", berre i Oxford). Å gå litt i fotspora til Morse. Eit inntrykk frå den fyrste ettermiddagen og kvelden i Oxford mot slutten av juli. Ved togstasjonen var det mykje arbeid, og det var generelt varmt i lufta, men me fann no fram til vertshuset, la frå oss bagasjen og gjekk inn til sentrum. Gjorde ikkje så mykje den kvelden anna enn å gå i bygatene og sidan ete ein enkel middag på ein pub i nærleiken av verthuset.

18. nov. 2025

Lyset i vår nye heim




Puslespelbilete på veggen, flotte klassikarar på ei hylle, kjente og kjære gjenstandar på eit skap – dei er ikkje naudsynt akkurat der dei skal vere, men det er fint å ha pakka opp ein del av tinga våre slik at det liknar ein heim. Og så sollyset inn i stova vår om dagane. Morgonlyset som lagar skuggespel på veggane, som får bøkene til å skine litt ekstra, dagslyset som gjer at eg står stille eit par sekund, berre nyt det. Lyset i vår nye heim, for sjølv om det snør akkurat no, såg det slik ut i går.

16. nov. 2025

Fyr og flamme i Stavanger

God kveld i stuggu. Eller noko sånn. Som vanleg prøver eg å vere effektiv når eg skal oppsummere veka, eg prøver verkeleg å starte litt halvtidleg på kvelden med å velje ut bilete og skrive ned fine punkt, likevel tar det alltid litt lenger tid enn eg trur, og det er snart på tide å komme seg i seng. Framleis har me eit par fulle flytteesker ståande rundt om i huset, og sjølv om eg veit at ikkje alt må vere i orden med ein gong, klør det i fingrane etter å få ting på plass. Men det å finne akkurat dei hyllene me ser etter, det er ikkje berre berre. På jobb har det dessverre vore eit par kundar som anten har stått opp med feil fot eller som har latt julestresset ta overhand allereie, for på eit tidspunkt var det meir kjefting og sutring enn vanleg. Med jobb også i går, kjente eg at eg var litt ekstra sliten i dag. Ein liten tur til julemarknad på Varatun blei det no lell, ein plass kor me stadig finn kjekke julegåver (og jepp, det gjorde me også i år). Elles har kvardagen sett slik ut:

✦ den ellevte Christie-boka i år, blei Katt i dueslaget
✦ gå tur med ei god veninne i starten av veka, praten gjekk og det va herleg å bevege oss
✦ magisk morgonhimmel tysdagsmorgon, himmelen stod i brann!
✦ biletet er litt lite, men Tordendronningen av Maja Lunde og Lisa Aisato er er kjempefin bok
✦ haustfarga lerk 
✦ og særskilt Aisatos illustrasjonar er så vakre, du kan sjå og lese meir om boka her 
✦ laurdagskveld med film, surdeigspizza og strikking
✦ nytt prosjekt med orkesteret 
✦ lyslenkje mot ein gyllen solnedgang 
✦ skjønn gjeng med både lam og kattar 
✦ julemarknad på Varatun gård 
✦ kul veteranbuss sett rett ved julemarknaden
✦ ikkje beste boka frå Stefánsson, men Himmelsk måne over verdens ytterste rand har flotte ord
✦ gode lesestundar, både til jobb og her heime trass nok å gjere med flyttelasset
✦ fyr i vedomnen for fyrste gong
✦ bra varer frå REKO-ringen 
✦ Mirandas nyaste vlog med bokleg utflukt
✦ å, sollyset inn i heimen vår 
✦ sei kva du vil om betongbrutalismen, men det er stilig at svømmehallen nyleg vann denne prisen
✦ kjekt å sjå at blomane som eg fekk på døra førre helga framleis står i ein vase i stova
✦ eit lite "hei" i haustmørket
✦ kalde haustblad, for det låg rim på bakken rett før helga tok til
✦ ekte sundagskjensle med bok, blomar, kaffi og noko godt attåt kaffien

14. nov. 2025

To flyttebilete og fire togbilete


To bilete frå nesten akkurat to veker sidan. Du lurer sikkert på korleis det ser ut her i nyhuset, og då seier eg at du får vente litt til. For det fyrste er det ikkje berre berre å ta innebilete på denne tida av året, for det andre er det framleis eit par esker som står rundt omkring, me manglar hyller og ting er generelt ikkje på plass. Slik er det jo med flytting, og over ser du to bilete frå vår fyrste heile dag her. Flytteesker over heile stova og ein nokså improvisert frukost med kaffi i turkoppane våre.
 



Og no over til noko heilt anna; eg sleng med fire bilete frå ein togtur mellom Newcastle og Oxford. Eg sit framleis og sorterer bileta frå interrailturen vår, og desse er neste i rekkja. Etter å ha vinka farvel til finaste Bilton Barns, køyrde me til Newcastle i leigebilen, leverte den frå oss ved togstasjonen og venta sidan på toget som skulle ta oss med til Oxford. Togstasjonane i Storbritannia er som regel alltid flotte å sjå på! Sjølve toguren var ikkje så veldig spennande – det var eit ekspresstog med null bytte og tok berre litt over fire timar – men eg titta no likevel ut togruta innimellom kaffidrikking og krimboklesing. Og plutseleg var me framme i Oxford.