Årets ellevte månad er nesten, nesten over. Berre morgondagen igjen. Og nei, den sluttar ikkje på topp om ein tenkjer på vêrfronten, men me skal berre to dagar tilbake då eg stod og vinka til meg sjølv, eller skuggen min. Novembersola laga skuggespel, og sollyset var både skarpt og mjukt om kvarandre. Lyseblåhimmel over Clarion Hotel Energy, symmetrien. Å gå til jobb slike dagar, det har blitt ein del av det i løpet av denne hausten, og eg set veldig pris på det. Eg kjenner at eg smiler der eg går, tar til meg siste rest av haustfargane som eg framleis får auge på frå forskjellige kantar.
29. nov. 2024
Blå himmel og solstrålar i november
Årets ellevte månad er nesten, nesten over. Berre morgondagen igjen. Og nei, den sluttar ikkje på topp om ein tenkjer på vêrfronten, men me skal berre to dagar tilbake då eg stod og vinka til meg sjølv, eller skuggen min. Novembersola laga skuggespel, og sollyset var både skarpt og mjukt om kvarandre. Lyseblåhimmel over Clarion Hotel Energy, symmetrien. Å gå til jobb slike dagar, det har blitt ein del av det i løpet av denne hausten, og eg set veldig pris på det. Eg kjenner at eg smiler der eg går, tar til meg siste rest av haustfargane som eg framleis får auge på frå forskjellige kantar.
Merkelapp
tur
27. nov. 2024
Musikal rett ved Themsen
25. juli i år, ein torsdag for litt meir enn fire månadar sidan. Det var vår siste heile dag i England, og når ein fyrst er i London, må ein jo nytte sjansen til å sjå ein musikal. Eller tre som det blei i år, tihi. Etter å ha vore innom Daunt Books, tok me undergrounden mot Tower Bridge og Bridge Theatre. Me skulle på matinéforestilling, dimed blei det middag etter forestillinga, men ein liten matbit i parken ved teateret rakk me. Og der såg me også eit søtt, lite ekorn. Musikalen me skulle sjå, var den klassiske Guys and Dolls med tekst og musikk av Frank Loesser og bok av Jo Swerling og Abe Burrows. Musikalen hadde premiere på Broadway i 1950 og er basert på to noveller av frå 1930-talet av Damon Runyon. Den vann Tony for beste musikal, og i 1953 hadde den premiere på West End
Bridge Theatre er eit relativt nytt teater – det opna i 2017 – og er bygd på ein unik måte: det er sitjeplassar på alle kantar slik at scena er i midten, og nokre av billettane er ståbillettar slik at ein står rett ved scena. På denne måten blir ein som publikum innimellom ein del av forestillinga (me hadde sitjeplassar vel å merke). Scena er i tillegg delt inn i små sonar som kan hevast og senkast, noko som gav ei kul og annleis oppleving av denne klassikaren av ein musikal. I filmen frå 1955, kan ein sjå mellom anna Frank Sinatra og Marlon Brandon i to av dei berande rollene, og det er gambling, gangsterar og kjærleik på høgt nivå. Songen "Sit Down, You're Rockin' the Boat" er frå denne musikalen, og den er så herleg artig. I pausen var det ekte pauseunderhalding, og det er vel ingen tvil om at me storkoste oss! Etter musikalen åt me middag på ein italiensk restaurant før me til slutt kom oss til hotellet. Me hadde tinga eit ganske enkelt hotell utan frukost, for dagen etter skulle me tidleg opp (og då meiner eg tidleg). Det viktigaste for oss var dimed at det låg nær togstasjonen St. Pancras. Så som du skjønner, blei det ein tidleg kveld på oss, den siste i London.
26. nov. 2024
24. nov. 2024
To orkesterkonsertar på ei og same helg
Akkurat regnar det her i byen. I går var det snø ute, dei andre dagane frost og solskin om kvarandre. Så ja, ordentleg vêrkontrastar denne veka (ha, ha, me nordmenn snakkar ofte om vêret, eg veit det). På jobb merkar eg at det byrjar å bli travlare sidan fleire og fleire er innom senteret for å handle julegåver. Det der er både og: kjekt at mange kjem innom for å handle bøker og brettspel, samstundes er det då mindre tid til å få ut varene og halde butikken fin og ryddig. Men å kunne starte begge kveldsvaktene denne veka med å gå til jobb i minusgrader og heilt herleg solskin, sukk, det var så herleg! To konsertar med orkesteret i helga, noko som vil seie at dette er ei ekte orkesterhelg. Og alltid kjekt med kjentfolk i salen som liker det me speler. Innimellom slaga har eg slappa av med bøkene mine (jepp, alltid bøker i fleirtal), og eit par av dei får du i sundagslista mi:
✦ bøker om bøker, denne gongen The Borrow a Bookshop Holiday av Kiley Dunbar
✦ morgonhimmel sett frå bussvindauget midtvegs i veka
✦ fredagsblome full av rim ✦ artikkel om julegåveforbruket, trur me alle treng ei påminning om kva det viktigaste med jula er
✦ novembersola, så varm og gyllen
✦ Zalo på hovudet mitt, tihi, han er så utruleg kul
✦ veit ikkje heilt om Utrolige skapninger fanga meg heilt, var no kjekt å ha lese den lell ✦ koselege julebøkertips i den nyaste vloggen frå Miranda
✦ lesestundene eg lagar meg om morgonane
✦ eit lite utdrag frå boka du kan sjå rett under
✦ å, Gutten, muldvarpen, reven og hesten av Charlie Mackesy er er nydeleg bok
✦ innmari stilig at Scenekvelder skal setje opp musikalen Wicked på Folketeateret til våren
✦ gjere det enkelt etter jobb på torsdag: ete middag på Jordbærpikene
✦ gøy at forlaget Gursli Berg delte mitt bilete av Osman-boka Vi løser mord
✦ ull frå topp til tå og sol i andletet på veg til jobb på fredag
✦ litt for tidleg med snø i november, men det lyste no opp gårsdagens formiddag
✦ "Top 10 Best Movie Musicals Endings" – her er både Grease og In the Heights
✦ byrje å tenkje å neste års lesemål
✦ ordentleg orkesterhelg med heile to konsertar
✦ skjønte kor historia var på veg, likte likevel å lese krimboka Dukken i tauet av Unni Lindell
✦ sundagskjensla med bok, englespel, kaffi og noko attåt
Merkelapp
sundagsliste
21. nov. 2024
Onsdagsrim
Lyset på haustlauvet på bakken, rimrosene overalt. Mosvatnet låg der blikkstille med ein blå himmel i sikte. Skuggespel av solstrålane. Eg gjekk til kveldsvakta i går med ull frå topp til tå, det var minusgrader og nesten litt vinterstemning trass at det framleis er november og haust.
20. nov. 2024
Frå Cambridge til London og ein av dei flottaste bokhandlane
Frostroser på vindauga her i byen i dag, noko heilt anna enn då me var i Cambridge i slutten av juli. Etter to heile dagar i byen, var det på tide å så vidt byrje å vende snuten heimover. Eg seier så vidt, for fyrst bar det til London for nok ein musikal. Togturen mellom Cambridge og London er kort, så me tok oss god tid til å ete frukost, pakke tinga våre og gå til togstasjonen. Fekk med meg mannen min på ein selfie foran stasjonen, er ikkje alltid at det skjer ;) Vel framme i London, la me frå oss bagasjen på hotellet me hadde tinga rett ved St. Pancras. Tok undergrunnen i retning Marylebone, og før me kom fram til eit av dagens mål, var me ein liten svipptur innom Regent's Park. Ikkje like lett å ta bilete der, for sollyset den dagen var sterkt. Men selfien blei no artig om ikkje anna (og det er ikkje kvar dag at han der fine går med på at eg tar to slike bilete på ein dag, tihi).
Målet for dagens matinéforestilling, var Daunt Books i Marylebone. Sist gong me var der (det byrjar å bli nokre år sidan), var det januar og kald vinter, og dimed også færre folk i butikken enn midt på sommaren. Litt enklare å ta bilete når det er få folk i butikken, så viss du er interessert, kan du ta ein titt på dette innlegget. Uansett, det var stor stas å besøke denne bokhandelen igjen, for den er berre nydeleg med sine møkrebrune bokhyller, bogne vindauge, flott farge på veggane og den generelle koselege atmosfæren. Å, kunne ikkje alle bokbutikkane vore slik?! Mannen min fann ei bok om bokhandlane i London, og det blei den perfekte boka til å ha med oss heim som ein liten suvenir.
19. nov. 2024
Undulatbesøk
Zalo seier "hei". Seinare i dag skal han heim etter å ha vore her hos oss halvanna veke. Han er like artig kvar gong han er på besøk. Å sitje høgt oppe ein stad, er det aller beste, då er han verkeleg kongen på haugen. Han er ein kul, liten raring som veit akkurat kva han vil gjere eller kva han vil ha.
Innimellom tar han seg ein god flytur i stova, og det går fort, så akkurat det er ikkje så lett å fange med kameraet ;) Om morgonen er han i sitt ess når han kan sitje oppå buret, for då vil han ete frukost i lag med oss. Og så er han veldig god på å rydde etter seg når det ikkje er meir mat igjen (sjå videoen over). Aller helst vil han ha den maten et, til dømes blomkålsuppe og guacamole. Me passar på slik han berre får i seg det ein liten fugl kan ha, og tomat er ein vinnar. I alle fall ifølgje Zalo.
Merkelapp
hygge
17. nov. 2024
Det viktige sollyset
Kvar morgon har starta med frukost i lag med mannen min og Zalo. For han der luringen kjem ut med ein gong med opnar for han, og han nærmast ventar på å få mat, ho, ho. Veka har elles vore verkeleg november med mykje gråvêr og sur vind. Men innimellom har det glimta til, mellom anna då eg gjekk til jobb i solskinet på måndag, så det tar eg med meg som små, men likevel viktige, kvardagsgleder. Fri i helga, og i tillegg til å slappe av, var me innom julemarknaden på Varatun gård. Godt besøkt, kjekk stemning og mykje å sjå på. Fekk med oss eit par julegåver heim, og det var også ein bra fangst på REKO-ringen tidlegare denne veka. Over til resten av dei fine tinga:
✦ hugsa lite av Den tredje piken, og det var gøy å lese denne boka med Poirot i storform
✦ å, haustsolskinet inn i stova eit par av dagane, trass ein veke med gråvêr
✦ klagar ikkje på å prate litt med ei veninne som stakk innom jobben i byrjinga av veka
✦ gå til jobb på måndag, nyte sollyset og skuggespelet mellom alt haustlauvet
✦ lese Coming Home to Seashell Cottage av Jessica Redland, den siste boka i akkurat den serien
✦ Zalo er så artig når han sit oppå buret og et frukost i lag med oss
✦ regndropar på ein spindelvev
✦ klassikaren A Month in the Country av J. L. Carr er ei fin lita perle av ein kortroman
✦ framleis nokre tre med knallgule blad rundt omkring
✦ veldig kjekt å lese denne artikkelen der Skolekorpset Sola, mitt gamle skulekorps, er med
✦ bileteboka Hvem skal trøste knøttet? av Tove Jansson er rett og slett koseleg
✦ joda, eg gjekk til jobb på onsdag trass yr, så godt å bevege meg ute
✦ lese på bussen torsdagsmorgon då sola byrja å titte fram, og tur innom REKO-ringen på kvelden
✦ "Suo Gân" – nydeleg walisisk låt med harpe som hovudinstrumentet
✦ mykje gøy å sjå (og nokre julegåver i boks) på julemarknaden på Varatun gård
✦ og den automatiserte miniatyrjuleverkstaden var like kul i år også
✦ høyre to musikalsongar på rad på radioen ein morgon
✦ søvnig kvalp som blir passa på ein av mykje større hund
✦ laurdagstaco og eit gjensyn med Blazing Saddles frå 1974
✦ fikse ein cardigan og ein hanske som begge hadde hòl
✦ Tove Janssons Trollvinter må vere ei av dei aller finaste Mummibøkene
Merkelapp
sundagsliste
Abonner på:
Innlegg (Atom)