Sit heime i stova no, men mesteparten av dagane denne veka har me vore på hytta. Kom heim tidlegare i kveld, litt greitt å vaske klede og slikt og sidan ha ein heil dag fri her i heimen før kvardagen byrjar igjen. Godt med hyttepåske, ein slappar av på ein eigen måte når ein er oppe på fjellet. Jobba måndag og tysdag før det var påskeferie. Vêret oppe ved Moslivatnet har vore så som så, det skal eg ærleg innrømme, men om ikkje anna har me fått lese mykje, høyrt på radio ("Påskelabyrinten" i mitt hjarte), prøvd nye spel, høgtlesing frå ei quizbok, god mat og mykje hygge. Som du sikkert skjønner, klagar eg ikkje på den, den der påska på hytta. Meir påske:
✦ påskekrim og påskequiz, og så klart litt appelsin og Kvikk Lunsj
✦ solnedgang over vatnet ein av kveldane på hytta
✦ legje puslespel og løyse kryssord i lag med den finaste no i ferien
✦ påskestemning de luxe inne i hytta
✦ sykle til jobb langs Mosvatnet når sola skin og lagar lange skuggar
✦ Zalo ville også vere med å feire påska på hytta, og innimellom var han kongen på haugen
✦ og Balto fekk me også hengje med
✦ lilla krokus, kvart år eit vårteikn
✦ gammal, raud telefonkiosk som no er eit lite minibibliotek
✦ tihi, bøker om bøker er alltid ein slager, og The Littlest Library var akkurat passe søt
✦ strikke vidare på Twiggygenseren
✦ høyre "Påskelabyrinten" kvar morgon
✦ Marzahn, mon amour var ei underfundig og herleg lita bok
✦ gøy å avslutte kvar kveld på hytta med ein ordentleg quizrunde
✦ Bami og Dami er berre dei aller søtaste uansett kva dei finn på
✦ prøve ut eit nytt spel, nemleg "UNO Flip", ein (for meg) ny variant av det kjente kortspelet
✦ sola som skein inn gjennom terrassedøra på hytta medan eg sat og las i ei krimbok
✦ krimboka Skygge i snøen av Oriana Ramunno har eit mørkt bakteppe, men er veldig godt skriven!