28. mars 2021
Påskehelsing 🐣
Merkelapp
hygge
26. mars 2021
Hei, hei, Melshei!
Merkelapp
tur
24. mars 2021
Ny Twiggygenser
Merkelapp
diy
22. mars 2021
Krokus langs grøftekanten
Merkelapp
kvardag
21. mars 2021
Rolege fridagar
Morgonvakt på måndag, kveldsvakta på tysdag og ei morgonvakt igjen på onsdag. Litt rart skift denne veka, men av og til blir det slik når ein hjelper kvarandre og med det byttar noko om på skiftplanen. I løpet av fridagane mine har eg for det meste brukt tida mi på å lese og strikke. Høyrt på roleg musikk, sett eit par episodar av Mord i paradis og fått med meg ein del av innslaga på den digitale Krimfestivalen. To turar til biblioteket (må ha bøker til påska), fint vårvêr både til og frå jobb og ein bra sundagstur med den vanlege kohorten er anna fint i det siste, under kjem resten:
✦ kjøpe ein liten ildtopp i ein gul og kul vase til mannen min... vel, til heimen vår ;)
✦ starte veka med å gå heim frå jobb i strålande solskin
✦ kjempefint puslespel (og Mira er som vanleg ein nysgjerrig og finfin pus)
✦ lese ut den tredje boka i Kroken og Koldens nynorske krimserie
✦ kjærleikstemaet frå Cinema Paradiso på piano i den nyaste episoden av Eides språksjov
✦ og så temaet frå Poirot under opninga av (den i år digitale) Krimfestivalen
✦ Synnes innlegg om at det er eitt år sidan me fyrst stengde landet – les det no!
✦ knallbar vårvêr til og frå jobb tidleg i veka
✦ strikke ferdig Twiggygenseren og sy på albuelappar
✦ og byrje å strikke ein ny topp
✦ knallblå himmel og herleg solskin vegg i vegg med svømmehallen
✦ sollyset mellom trea ved Mosvatnet ein dag
✦ fuglane som syng så høgt, så høgt
✦ den perfekte påskekaka
✦ krokusar og endå fleire snøklokker – våren er verkeleg noko av det finaste
✦ tur i Melsheia tidlegare i dag, artig å sjå små trestubbar fulle av mose
✦ full "krig" om ein eplebit mellom eit ekorn og ein fugl
✦ Judy Collins med "Send in the Clowns" på radioen då me køyrde heim frå dagens tur
✦ tetid med ein liten kjeks og ei god bok, liker slike kveldar
✦ ete god laurdagstaco, spele "Dominion" og kose oss med Kompani Lauritzen på skjermen
✦ sidan me ikkje kan reise for tida: Togeventyret av Bjørn Stærk er den perfekte boka nett no
Merkelapp
sundagsliste
19. mars 2021
Småsyssel
17. mars 2021
Snøklokkebonanza
Merkelapp
foto,
tankar og skribleri
15. mars 2021
To av fleire gode bøker
"Biskopen og sognepresten sto lenge i forundring foran bokryggene, mens Ole Neset stilte seg bak dem, rolig og oppmerksom, støttet til sine to stokker. Det ble ikke sagt et ord. Det var som de alle tre ble stille i bøkenes nærvær." (s. 15)
"Today in Mr. Creighton's class, he does a quick lesson on pronouns before we break into critique groups to work on our stories. He says some of us aren't using them correctly.
He. She. It. They. We. Them.
Mr. Creighton's right. Some people don't use pronouns correctly. For example, “she” is the correct pronoun for me. But people keep incorrectly referring to me as “he.”
She.
I can't wait until the whole world calls me by the correct pronoun.
She.
Someday, they'll get it right.
She.
Someday..." (s. 81)
He. She. It. They. We. Them.
Mr. Creighton's right. Some people don't use pronouns correctly. For example, “she” is the correct pronoun for me. But people keep incorrectly referring to me as “he.”
She.
I can't wait until the whole world calls me by the correct pronoun.
She.
Someday, they'll get it right.
She.
Someday..." (s. 81)
To gode sitat frå to bøker eg nyleg har lese. Heivolls Øksa og ishavet valde eg som denne månadens novellesamling. Skriving og forfattarskap, litteratur og liv og nye horisontar er hovudtema. Også i denne bok skriv Heivoll med ei kraft som treff hardt, og eg ser ikkje bort frå at eg kjem til å lese fleire av hans bøker i framtida. YA-boka Lily and Dunkin av Donna Gephart trefte også hardt med historia om Lily. Ho ønskjer å bli kalla Lily, men dessverre er det ikkje alle som ser og forstår at ho identifiserer som ei jente sidan ho er fødd gut. Dunkin er ny på skulen og slit med å passe inn – kven skal han vere og kven kan han stole på? For også Dunkin har sin bagasje. Desse to tar oss med på ei reise om venskap, identitet, fysiske og psykiske utfordringar og korleis det er å vekse opp i dag. Og slik fortset eg leseåret 2021. Fram til no har eg lese nærmare tretti bøker, dei aller fleste gode og kjekke å lese. Skal snart ta fram ei av bøkene eg les for tida og slappe av resten av kvelden.
Merkelapp
bøker
14. mars 2021
Sundagsliste etter ei lang jobbhelg
✦ gøy å lese Thirteen at dinner (aka. Lord Edgeware Dies) med Poirot og Hastings i spissen
✦ kjempekoseleg å ete taco og sjå Kompani Lauritzen i lag med to gode veninner i går
✦ Michael Palin som ser tilbake på sine beste reiser – å kunne reise med Palin er ei lita glede
✦ takksam for å komme heim til knallgod vegetarpizza etter jobb i dag
✦ plassen Haworth og Brontë Personage Museum i ein Med kjærlighet for kanaler-episode
✦ åtte "perfekte" filmar ifølgje Metacritic – her er både Boyhood, Rear Window og Citizen Kane
✦ tinge meir garn slik at eg kan strikke ferdig Twiggygenseren
✦ snøklokker rett ved ei av blokkene her i nabolaget
✦ og lange skuggar på blokka vår
✦ Mira er ein ordentleg kosepus, ho er berre så skjønn
✦ berre gå ein liten runde rett utanfor heimen for å kjenne sola i andletet
✦ skrive og sende av garde dei søte klemmekorta
✦ ein moderne versjon av ei steppescene frå Singin' in the Rain, meir steppedans til folket!
✦ stilige fargar og god lavendellukt på eit såpestykka
✦ TV-seriane Mord i paradis og The Goldbergs, artige på kvar sin måte
✦ eit bilete av ein fin og nysgjerrig rev
✦ redde ein katt frå eit lite tak på jobb
✦ god svømmeøkt på jobb
✦ hihi, ein søt, liten kvalp som ventar på mat
✦ lese sommarfugleffekt-boka Eleven av Mark Watson
✦ setje på NRK2 måndagsettermiddag for å sjå den aller fyrste Poirot-episoden
✦ roe ned etter jobbhelg med roleg musikk og stearinlys
Merkelapp
sundagsliste
12. mars 2021
Skuggespel tidlegare i veka
Kanskje ikkje heilt vår enno, for på onsdag sludda det jamt og trutt. Men det er Stavanger i eit nøtteskal, og sidan det er mars og snøklokkene har poppa opp, vel eg likevel å seie og tenkje at det er vår ;) Før eg byrja på kveldsskiftet, hadde eg fri måndag og tysdag. Sola skein og eg måtte ut for å kjenne vårlyset i andletet. Eg vinka til mi eiga skugga og stod ei stund og beundra dei lange skuggane på blokka vår. Skal jobbe i helga, så eg skal no vere inne i hallen uansett om det bøttar ned ute eller om sola kjem til å skine slik den berre gjer om våren. Håper på badegjestar som ikkje klagar for mykje på bookingsystemet og kor treigt det går, satsar på tid til litt lesing innimellom og kanskje får me betre vêr neste helg. Uansett. Ønskjer alle som les dette ei riktig god helg.
Merkelapp
kvardag
10. mars 2021
Ein klem i postkassa
Merkelapp
hygge
8. mars 2021
Austre Åmøyturen
Ut på tur ute på ei øy. Åmøy ligg ein tunnelkøyretur unna sentrum, men er likevel ein plass eg berre har høyrt om, aldri besøkt. I går lånte me bil, fekk med oss broremann og stakk ut til Austre Åmøy for å gå den merkte kvardagsturen. Vestre og Austre Åmøy var tidlegare delt mellom kommunane Rennesøy og Stavanger, men med samanslåinga i fjor ligg heile øya no i Stavanger kommune. Litt sur vind innimellom, noko som ikkje så mykje sidan det stort sett var sol og flott vêr. Måtte le litt av "here's Johnny"-teikninga på ei raud låvedør. Og så vegane som møttest, nord møter sør ;)
Vidare traska me langs hovudvegen før me skulle inn i eit lite skogområde. Barnålane på bakken var i ein vakker rustraud farge. Me fann ein benk der me åt ein liten matbit og drakk god termoskaffi. Sat ikkje lenge, for akkurat der var det kaldt med vind i nakken. Fint var det no lell med vatnet som skvulpa, alle dei runde steinane, stilla og ei eiga ro, to fine personar.
Etter samanslåinga av Finnøy, Rennesøy og Stavanger, er no Stavanger den kommunen i Noreg med flest sauar. Tihi! Såg fleire av dei langs vegen i går, men det aller finaste var snøklokkene på bakken og ein liten hest som kom for å møte oss. For eit snilt og koseleg andlet! Midt i slike rare dagar, er det slike turar som får fram smilet. Gleder meg til å uforske fleire turar i vår eigen by.
Merkelapp
tur
Abonner på:
Innlegg (Atom)