Tenk. Den der tida. Den flyg av garde utan at me rekker å hengje med. Tenk at det allereie er ti år sidan den fyrste sommaren. Vår fyrste sommar i lag. Den sommaren eg fyrst var saman med familien min ei vekes tid på Hitra før eg tok båt og så buss vidare til barndomsheimen din. Ein busstur der eg måtte ta ei ferje før eg var framme. Om bord på ferja skreiv eg dette:
Land i sikte. Alle tankene mine blir avbrutt av det jeg ser. Solen stråler ennå og snart legger vi til kai. Det er på tide å avslutte og komme seg ned i bussen, slik at jeg ikke blir sittende her til det mørkner. Jeg kunne jo ha sittet litt lenger og undret og fundert, kjent og ha nytt denne opplevelsen med alle sommerfuglene i magen, blikkstille sjø og vakker natur. Men jeg vil videre, må videre. Til der mitt hjerte banker.Rart å lese desse orda, ord som blei skrivne den sommaren for ti år sidan. Då me var nyforelska og unge. Før me hadde sagt "eg elskar deg" til kvarandre, før me hadde blitt sambuarar, til og med før året mitt på folkehøgskulen. Eg drog for å besøke deg og din familie, treffe finaste Jeremias, helse på naboane dine, sjå garden der du vaks opp, heimbygda di. Og du stod der og venta på meg på busshaldeplassen, eg gjekk av bussen og sprang inn i armene dine, du kyssa meg.
Den sommaren du viste meg dei sunnmørske fjella, den sommaren eg fekk treffe kalvane på garden før drifta blei lagt ned, den sommaren me stakk ein tur til nabobyen og høyrde på MoldeJazz for fyrste gong. Ein sommar der kjenslene var mange og eg lot tårene renne. Fordi eg byrja å skjønne kor mykje du betydde for meg. Kor mykje du framleis betyr for meg. Og kjenslene er framleis mange, det same med tårene. På ein god måte, for det er slik eg er. Og du lot meg få vere slik, let meg vere den eg er. Den sommaren for ti år sidan, den kjem eg alltid til å hugse.
4 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Akk ja.... Slik går no dagan! Og så bomma svigermor fullstendig på den første middagen du skulle få servert her :-) Ingen fortalte meg at det som jeg trodde alle unge likte godt, ikke faller helt i smak hos sønnens kjæreste/kone!
Og så de nydelige kalvene - å, som jeg savner dem!! Bøllete kunne de bli etterhvert, men de var utrolig artige når de hoppet og lekte på marka. Og Jeremias er blitt en gammel pus på 17 år, med stive muskler og tidvis merkelig oppførsel :-) Men han er like god og snill.
Takk for at du fortsatt sørger for at mors attpåklatt har det bra og ikke opplever "ekteskaps kiv", som det sto i en viss sang!
Dei kalvane, altså. Kjempesøte, og eg hugsar enno kor kosete dei var (sjølv om dei nok var litt bøllete også). Og den middagen skal du ikkje tenkje på ;) Eg er no ein smule kresen, og slik er det berre. Han der fine passar no godt på meg også, så det går begge vegar :) Helse dei andre der oppe blant dei sunnmørske alpane! :D
Så fine og kjærlige ord Silje <3 Ble helt rørt ;)
Fine deg! Tusen takk <3
Legg igjen ein fin tanke