9. jan. 2019

Mitt bokår 2018 📚

Viss nokon skulle lure, så las eg ein god del bøker i fjor, akkurat som året før det. Inne på bokelskere.no, der eg har ein profil, har eg registrert meir eller mindre 93 bøker. Ikkje alle bøkene er like lange og nokre av dei er barnebøker, men eg er likevel nøgd. Og så har eg i alle fall lese ei bok for ørtande gong, nemleg bok nr. to om Harry Potter. Eg hadde inga leseutfordring som eg var med på, verken som andre hadde laga eller som eg hadde laga til meg sjølv. Men i år har eg laga meg ei utfordring: nemleg lese ein klassikar i månaden. Det kan vere både barne- og vaksenbøker, og kva som er ein klassikar er jo subjektivt. Uansett, eg reknar med at de vil sjå kva som er månadens klassikar ;) No over til dei bøkene eg las i fjor. Synest alltid det er vanskeleg å oppsummere eit heilt år, men eg vil no prøve likevel. Og så veit eg at eg har ikkje fått posta bilete av alle enno, så eit par av dei kjem i løpet av den neste månaden (sjølv om me no skriv 2019). Betre seint enn aldri. Dei bøkene eg kanskje har kost meg aller mest med, kan eg vel seie å ha vore dei resterande bøkene i serien Anne of Green Gables. Kanskje ingen løyndom i og med at eg nemnde dei i oppsummeringa av 2018. Tenk at eg faktisk har vore der ute, der ute på PEI handlinga tar plass. Stor stas!


Fremdeles meg av Jojo Moyes var ei av dei fyrste bøkene eg koste meg med i fjor. Finfin avslutning på serien om Louisa Clark. I februar las eg ut klassikaren Det vokser et tre i Brooklyn av Betty Smith, og den var kjekkare å lese enn det eg hadde venta. Språkboka Lingo av Gaston Dorren var fascinerande og Arr av Auður Ava Ólafsdóttir var også ei bok som fascinerte meg.


2018 var året eg byrja å lese krimserien om Vera Stanhope av Ann Cleeves, og ei av dei var Telling Tales. Likte også godt krimboka An unwanted guest av Shari Lapena, Kvinnen i vinduet av A.J.Finn og Kastanjemannen av Søren Sveistrup.






Andre bøker eg har kost meg med, er Buzz Aldrin av Johan Harstad (eg får framleis lyst til å reise til Færøyane sånn no med ein gong), Vente på fuglen med mikronovellene av Frode Grytten, Attachements av Rainbow Rowell, den same forfattaren bak den nydelege boka Eleanor & Park som eg las i 2016, og Vi på Saltkråkan av besteste Astrid Lindgren.


Bøkene eg las i 2018 er nok kanskje ikkje dei mest morosamme bøker, og når eg skriv morosam, meiner eg bøker som ein ler av. For eg har jo lese bøker som har vore kjekke. Det har vore mange drama- og krimbøker, ein god del YA-bøker (eller ung vaksen), julebøker og eit par klassikarar. Men boka En uvanlig leser av Alan Bennett og Norske stiler, skrive av alltid dyktige Lars Saabye Christensen, er bøker som eg har ledd av. Eleanor Oliphant is Completely Fine fekk meg til å dra på smilebanda. Altså, alvor er det jo, men det er skrive på ein slik måte at ein likevel må smile. Og kaffi, både heime og på kafé, er visst ein gjengangar ;)


Tendensen i fjor er vel det at eg har lese dei fleste bøkene av rein glede, eg har plukka ut bøker som eg hadde lyst til å lese der og då. Eg trur lesing fungerer best slik for min del, at eg les akkurat det eg sjølv vil. Jenta som ble igjen, også denne av Jojo Moyes, og Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai av Mary Ann Shaffer, er endå eit par døme på bøker eg har kost meg med. Lethal White, den fjerde boka i serien om Cormoran Strike og Robin Ellacott, venta eg lenge på (altså, eg var den fyrste i køen på biblioteket, men eg venta lenge på den frå eg visste at den skulle komme ut til den faktisk var klar). Veit at ikkje alle var like overbevist over denne som ei andre i serien, men eg likte den veldig godt. Perfekt på gråvêrsdagar då det bøtta ned ute. 


Ingenlund: Morrigans forbannelse (eller Nevermoor: The trials of Morrigan Crow), skrive av Jessica Townsend, står for ei av overraskingane i fjor. Fallhøgda er alltid stor når ei bok blir skildra som den "nye Harry Potter". Men gurimalla, eg storkoste meg, og eg likte også godt bok nr. to, nemleg Wundersmith: The Calling of Morrigan Crow. Nå er alt av Amy Giles, ei YA-bok, og En begivenhetsrik uke i Glenn Johansens liv av Mari Kjos Hellum overraska også positivt.





Mot slutten av året las eg ein god del julebøker. Ei av desse bøkene, som eg då tjuvstarta og las i oktober, var Snøsøsteren av Maja Lunde med dei vakraste illustrasjonane av Lisa Aisato. Boka står igjen som ei av dei aller beste eg las i fjor. Rørande var den også. Den lille prinsen av Antoine de Saint-Exupéry og Call me be your name av André Aciman er to andre bøker som fekk fram tårene hos meg. Lisa Aisato illustrerte også ei anna bok som eg kjem til å hugse lenge: Til ungdommen av Linn Skåber. Varme, sårbarheit, humor og så mykje å kjenne seg igjen i. Ut av ensomheten, boka som nettopp var med i sundagslista, vil også vere ei av dei beste bøkene eg las i fjor. Som sagt, dette er eit forsøk på ei oppsummering, og eg veit at eg sikkert kunne ha nemnt ein drøss til.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Maria sa...

Så mange fine boktips. I år er jeg allerede godt igang med å lese mange flere bøker - ikke bare pensumbøker (selv om det blir endel av det også). Akkurat nå holder jeg på med "Notes on a nrvous planet" av Matt Haig. Utrolig god og tankevekkende bok.
Jeg har ikke hørt om bokelskeren.no men må kanskje sjekke det ut. :-)

Silje sa...

Må innrømme eg er glad eg er ferdig med å lese pensumbøker ;) Håper eg får like mange bra leseopplevingar i år som i fjor, og så langt har det starta bra. Bokelskere er noko liknande goodreads.com, men berre på norsk. Kan godt hende goodreads er betre (der er det i alle fall mange fleire brukarar), men for min del handlar det fyrst og fremst om å sortere og loggføre mi eiga lesing :)

Legg igjen ein fin tanke