Her har helga gått fort med orkesterøving, konsert og kjøkkenoppussing. Heile veka, og som tidlegare nemnt: dei fyrste månadane, har vel sånn sett gått fort; snart skriv me juni. Men nok om det. Om ein ser bort frå all orkesterspelinga no i helga og 17. mai, har dette vore ei vanleg veke med jobb, eit par små turar i vårvêret og nokre timar med lesing. Å ta fram ei god bok, litt kaffi eller te og filmmusikk er i mine auge den ultimate måten å slappe av på. Håper de hadde ei fin og bra feiring av nasjonaldagen og at veka jamt over har vore like bra. Ei lita sundagsliste er no klar:
✦ å ha på blondeskjørt på jobb når sola tittar inn og lagar fine skuggar
✦ tenk å teikne slike teikningar utan å løfte blyanten
✦ lese i Filmklubben – så mange bra skildringar og referansar til kjente og gode filmar
✦ fantastiske, lyse netter fotografert av Jonna
✦ ønskjekonsert med orkesteret med blant anna musikk frå Ringenes Herre og "1812-ouverturen"
✦ må seie meg nøgd med Monthly Makers-bidraget denne månaden
✦ sjekk ut dette huset i Gamle Stavanger, eit hus som no blir freda
✦ rosa blomar på trea gir den ultimate vårkjensle
✦ alltid kjekt å sjå og lese om andre som har ein heim full av fargar
✦ bunad på 17. mai, og tenk at den er sekstito år no i mai
✦ tretten riktige i Dag og Tid-quizen
✦ denne bloggposten inne hos Isabelle der ho skriv om roadtrip i Europa
✦ gå ein liten tur i nærområdet og sjå på dei små gåsungane som nokre av gjæsene har fått
✦ humre for meg sjølv av desse: Samuel L. Jackson og Tom Hanks på besøk hos James Corden
✦ feire nasjonaldagen hos ei veninne tredje året på rad, det er vel nesten blitt ein tradisjon
✦ ein liten undulat som leikar med små kattungar
✦ at me kvar dag får gjort noko på kjøkkenet
✦ og endå fleire rosa blomar; det går ikkje an å bli lei
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Så fine mai-bilder og ikke minst en fin søndagsliste :)
Tusen takk, Luisa! Ønskjer deg ei superfin veke :)
Legg igjen ein fin tanke