For nesten to og eit halvt år sidan hadde eg lånt boka Hekta på hekling på biblioteket, og i boka fann eg ei oppskrift på eit enkelt panneband. Den gongen hekla eg eit kvitt panneband, og no ønskja eg å hekle eit til i ein annan farge. Laurdag for to veker sidan fann eg fram det kongeblå garnnøstet mitt, ei heklenål og kaffi attåt. Etter eit par timar var pannebandet klart til bruk.
Slik ser det altså ut når eg har det på. Det er jo ingen løyndom at blå, særskilt kongeblå, er min absolutt favorittfarge :) Veldig nøgd og det kjem verkeleg til å bli brukt no når dagane blir kaldare.
31. okt. 2016
30. okt. 2016
Vakre bøker, nye bøker og travle dagar
Seks dagar på jobb. Klassebesøk, nye bøker, mange kundar og ein haug med rydding. Travle og kjekke dagar med andre ord. Innimellom har eg hatt tid til å hekle og lese litt, han fine og eg stakk innom Stavanger Museum på fredagskveld der me høyrde om hermetikkbyen som forsvinn og folkesong inne på museumsbiblioteket. Etter jobben i går var eg på kafé med ei god veninne før det blei vegetaco og den vittige filmen The Inspector General her heime. Dagane har gått fort, og tenk at på tysdag er november. Akk, september og november har gått så veldig, veldig fort. Her har det vore ein roleg og avslappande sundag, heilt perfekt. Ein haug med fine punkt på sundagslista:
✦ nok ein gong ein kveld med ein vakker solnedgang
✦ så storslått natur og vakre bilete inne hos Rania
✦ lese ut den vakre boka Kunsten å høre hjerteslag
✦ sykle forbi bilkøen på veg frå jobb
✦ trur nok dette er meg om morgonen, og så sjekk ut desse to søtingane
✦ byrje å hekle på eit bestemorsrutepledd
✦ fascinerande at det går an å lage kunst av noko så smått
✦ gå tur rundt Vannassen i haustmørket, hand i hand med den aller beste
✦ songen "Perfect Day" med Miriam Stockley, eit fint barndomsminne
✦ 12 av 20 rette i Dag og Tid-quizen ;)
✦ Astrid klarer alltid å fange den fine kvardagsmagien, det er ei eiga stemning
✦ kafédate med ei god veninne etter jobben i går
✦ opne bokkassene frå byen og oppdage heilt nye utgåver av alle Harry Potter-bøkene :)
✦ om det å vere introvert inne hos Maria – viktig å hugse at me er forskjellige
✦ stikke innom Museumsnatt ved Stavanger Museum
✦ frost ute og rim på bakken på veg til jobben på tysdag
✦ tenne lys i haustmørket
✦ nydeleg dikt inne hos Ragnhild, og så vakkert skrive om det å vere nygift inne hos Sara
✦ at det har vore klarvêr om morgonen med eit varmt og gyllent lys på himmelen
✦ sjå filmen Brooklyn, ein (i mine auge) god filmatisering av boka med same namn

Merkelapp
sundagsliste
28. okt. 2016
Livet og kvardagen etter studiet
I slutten av juni posta eg dette innlegget. Eg ville vere ærleg om korleis kvardagen med masterstudiet eigentleg var, for då det stod på som verst, var det ikkje noko særskilt, verken det eine eller det andre. No er det heldigvis mykje betre, men det har tatt tid. Veldig klisjé, men eg har hatt ei kjensle av å "ha mista meg sjølv." Ikkje for det, ein person er stadig i endring og eg visste nok ikkje heilt kven eg var eller kva eg ville med studiet sånn hundre prosent før eg byrja. Men i løpet av masteren blei det i alle fall ikkje betre! Då sommaren kom, var eg heilt ferdig. Det gjekk greitt å ha nokre timar på jobb, slappe av med ei god bok, gå turar, sjå ein film, men elles var det tomt. Etter kvart blei det i tillegg ferie. Å komme oss vekk frå byen, vere på farten med bil, buss og båt i nesten tre veker, gjorde veldig godt. Oppleve noko heilt anna, treffe kjentfolk, senkje skuldrene.
Plutseleg kom august og eg visste ikkje kor eg skulle gjere av meg. Null oppgåver som skulle skrivast, null lesing av pensum, berre jobb på timebasis. Omgangskrinsen min her i byen er ikkje den største. Eg har hatt dagar der kroppen har vore ein plass, hovudet og tankane ein heilt annan. Utavmegsjølv-oppleving. Tårene har vore der meir enn normalt. Men no, dei siste vekene, kjenner eg at det har byrja å komme seg. Ting fell på plass. Skulle gjerne hatt ei stilling på hundre prosent på jobb, for eg er nok ein person som aller helst liker rutinar, å kunne vere førebudd på kva som ventar neste dag eller veke. Samstundes er det veldig kjekt å jobbe slik eg gjer no, for det blir ulike oppgåver dag for dag og ein variert jobbkvardag, noko som er spennande :) Nok skribleri om studiet no, for eg er ferdig, heilt ferdig, vitnemålet kom nettopp i postkassa og eg kan vere nøgd.

tankar og skribleri
26. okt. 2016
Breiavatnet v10
Ein annan dag var det litt gråare ute, men ikkje verre enn at sola titta litt fram og det same med den blå himmelen. I mine auge var det nesten endå finare ute den dagen enn den førre :) Neste månad blir nok ikkje fullt så fargerik, men som eg har sagt tidlegare så er det noko eige ved å kunne følgje ein plass årstid for årstid, uansett kva fargar det er ute eller kva vêr det er. Nesten litt magisk.
Merkelapp
kvardag
24. okt. 2016
Kveldstur i vakker solnedgang
På laurdag, etter at eg hadde vore på jobb, men før middag, tok me på oss ytterklede og gjekk ein liten tur i nærområdet. Høgt på himmelen såg me eit hjarte; det er rart korleis fantasien plutseleg ser noko som eigentleg ikke er der. Etter kvart byrja sola å gå ned, og for ein solnedgang det blei! Me var oppe på ein bakketopp med nydeleg utsikt. På biletet rett over kan ein sjå Ullrigg bada i lys.
Ullandhaugtårnet og nokre høyballar var også bada i det oransje og rosa skjæret. Vakkert! Tenk at me er i slutten av oktober og får oppleve slikt klarvêr! Me har så langt vore heldige denne hausten.
Heilt oppe på toppen av bakken blei me ståande ei stund. Stod der, stille. Såg utover fjorden, det nydelege lilla lyset som traff Ryfylkeheiane. Og nesten heime var det framleis så fint på himmelen.

foto
23. okt. 2016
Gule blad, brune blad og ei sundagsliste
I kveld har me hatt konsert med orkesteret, og me har nettopp komme heim. Når ein jobbar på laurdagen og bruker ein god del av timane på ein konsert på sundagen, ja då går helga litt for fort. Har jobba fem dagar denne veka, og neste veke blir det seks. Det går i eitt med andre ord, men det er jo okei så lenge det er kjekt :) Utanom det så har det ikkje skjedd noko særskilt anna enn at eg (nok ein gong) har lese mykje, og det gjer så godt å kjenne på lesegleda, slappe av med ei god bok! Håper du har hatt ei fin veke og ei topp helg – her kjem mine kjekke punkt for veka som har vore:
✦ sykle til jobb om morgonen under ein knallrosa himmel
✦ så kult å lese at det døgnopne biblioteket på UiS har fungert så bra
✦ lyset på Sølvberget og det vakre treet som står rett utanfor
✦ lese ut Du er så lys av Renberg og Voldens historie av Édouard Louis – sterke romanar begge to
✦ kan hende eg har delt denne før, men sjekk ut dei vakre og slåande skulpturane
✦ at Beat for beat er i gong igjen på NRK1
✦ og apropos Beat for beat: at Marte Wulff og Charlotte Qvale song "Vandrer på en sky"
✦ nok ein gong dei gule og vakre haustblada
✦ kule bidrag til oktobertemaet i Monthly Makers, blant anna inne hos Alicia og Anna María
✦ den nye, turkise clutchen min, laga av ei bok
✦ haustfargar og den skjønnaste dachshunden inne hos Emily
✦ sjå ein vakker solnedgang då me gjekk kveldstur i går
✦ lunsjbesøk av mamma og eit søskenbarn før konserten i dag
✦ ein heilt utruleg søt kattunge på Instagram
✦ lesedate inne på gjesterommet, han fine og eg, kvar vår bok og kvar vår kopp med kaffi
✦ spele konsert med orkesteret og ein kjempedyktig solist på fiolin
✦ at denne søtingen plutseleg dukka opp og nesten like plutseleg fekk ein heim
✦ meg i farta for å fikse kameraet då me skulle ta julekortbilete (diggar forresten dette biletet!)

22. okt. 2016
"Du er så lys"
"Han kom hardt inn i livet vårt, det er slik eg tenker på det. Det var ikkje greitt, alt i alt, det har skapt mykje uro og like mykje vondt, og vi står mørkare igjen, ikkje lysare, sidan det heile begynte." Starten på den nyaste romanen til Tore Renberg gir oss med ein gong ein liten pekepinn, orda set ei stemning for den historia som skal bli fortalt. September og oktober har vore veldig bra på bokfronten for min del, og Du er så lys er ei av de beste. Boka er ikkje stor, men den fortel likevel ei historie som er sterk, mystisk og sår. Eg veit at boka har blitt noko kritisert for den siste delen, men eg må seie at eg likte boka akkurat som den var. Og er. Tidlegare har eg lese Renberg sine bøker om Jarle Klepp, bøker som eg verkeleg har kost meg med. Du er så lys er kanskje ikkje ei bok ein koser seg med, men guri, så bra den er. Og så er den på nynorsk. Eit lite laurdagsboktips frå meg til deg :)
Merkelapp
bøker
21. okt. 2016
Gjenbruk av ei bok 📘
Endå eit lite DIY-prosjekt. Lenge har eg hatt lyst til å lage ei lita veske, eller ein clutch som ein også kallar det, av ei bok. Det har stått mellom to ulike modellar: denne og denne. Eg valde til slutt å gå for den med glidelås, og som inspirasjon og hjelp har eg for det mest brukt denne oppskrifta. Både boka og det turkise tøyet er gjenbruk, begge funne på gjenbruksbutikkar. Boka er forresten den same som eg brukte i ein del av septembertemaet i Monthly Makers. Den enklaste med prosjektet var å ta ut alle sidene frå boka, måle opp bitar av tøystykket slik at dei passa til boka og lime på bitane som skulle på utsida. Glidelåsen var det som var vanskeligst å få til, i alle fall på ein fin måte.
Men det gjekk på eit vis, og alt i alt, til å vere fyrste gong eg prøver meg på eit slikt prosjekt med tøy og glidelås, er eg nøgd. Diggar det turkise mot det grå, mønsteret er fint og clutchen blei akkurat passe stor. Eg har plass til nokre kort, blyantar og ei lita notisblokk, og om eg treng det litt sminke, eit panneband eller liknande. Prosjektet kosta heller ikkje skjorta, så dette kan gjerast av dei fleste.
Var ute på tur i går, og då berre måtte eg ha den med slik at min betre halvdel kunne ta bilete av den i bruk. Eg er vel ikkje den personen som bruker vesker til dagleg (går vel mest i ryggsekk på veg til og frå jobb), men det er jo likevel kult å ha ei slik lita veske i skapet når eg treng. Ingen som har lik, eg har laga den sjølv og det er gjenbruk. Kan det bli betre?! Vil forresten ønskje alle ei flott helg!

bøker,
diy,
loppis og gjenbruk
20. okt. 2016
Memory – eit enkelt spel for både små og store
Memory er kanskje ikkje det spelet me her heime speler mest om eg skal vere ærleg, men litt artig å ha likevel. Og så er det jo enkelt å ta med om me skal på besøk til niesene og nevøen vår, eller så kan me jo ta det fram viss me får besøk. Å, dette spelet drar meg rett tilbake til barndommen!
Merkelapp
diy
19. okt. 2016
Mosvatnet og kunstmuseet ein laurdag i oktober
Kvar gong eg syklar til jobb på Madla, syklar eg gjennom ein del av Mosvatnet. Kvar gong syklar eg forbi denne utsikta og denne alléen, men på sykkel på veg til jobb er det sjeldan eg har tid til å stoppe opp, berre sjå. Ta det inn over meg. Det gjorde eg derimot på laurdag då han fine og eg gjekk rundt vatnet. Utsikta, knallblå himmel, fargane på blada. Og så veit eg ikkje kva "betongsteinane" skal førestille, men Potter-fan som eg er, fekk eg ein liten assosiasjon til Trollmannssjakk ;)
Etter å ha gått ein runde, tok me turen bort til Stavanger kunstmuseum. Kvar laurdag er det fri entré, og etter dryge to år med museet i gåavstand, var det på tide at me kom oss dit bort. Fram til fyrste helga i november er det ei utstilling på museet som heiter "Look what the bird found", ei utstilling som viser fram dei detaljerte og varierte verka til Per Dybvig. Rett og slett stilig, og eg må seie at eg diggar streken hans som finst i barnebøker som Svein og Rotta og i biletebøkene om Reven og grisungen. Kjekt å bruke ein del av laurdagen på ein liten gåtur og ein museumstur.

17. okt. 2016
Midnattsbiblioteket 📚
Hei, hallo, god måndag og god kveld! Ville berre stikke innom for å tipse om denne vakre bileteboka. Kvar gong eg er på jobb, ser eg så mange bøker som eg vil plukke med meg heim. Har altfor mange som ligg og ventar på meg, men det er for det meste romanar. Så då eg såg denne lille saka her, lånte eg den ut og putta den i sekken. Berre tittelen er jo så kul i seg sjølv :) Koseleg å bla i slike bøker, med ei koseleg historie og herlege teikningar. Eit lite boktips på måndagskvelden.
Merkelapp
bøker
Abonner på:
Innlegg (Atom)