29. juni 2016

Om studietida i Stavanger

Kva skal det bli av meg? Kva er det eg held på med? Sidan eg byrja på studiet i fjor haust, har eg stadig tatt meg sjølv i å lure på kva det er eg eigentleg vil. Eg har enno ikkje komme fram til noko svar. Då studiet byrja, var eg pepp og klar til å ta fatt på nye utfordringar og lære ny kunnskap. Eg skal ikkje seie at eg ikkje har lært noko, for det har eg. Men som einaste fulltidstudent har det vore vanskeleg å få til eit ordentleg miljø. I tillegg, når lærararne innanfor det same emnet ikkje er einige seg i mellom, eller ikkje klarer å formidle kva krava for ei gitt oppgåve er, er det tøft. Annakvart emne har vore bra strukturert, så eg meiner ikkje å sutre og klage på alt, men hadde eg visst det eg veit no, trur eg me hadde blitt i Kr.sand. Der kunne eg ha studert nordisk språk og litteratur samstundes som eg hadde eit sosialt miljø både på skulen, i brassbandet og i jobben som korpsinstruktør. Eg liker å bu i Stavanger, eg liker byen og området, og heldigvis har me nokre fine folk som me kan vere med. Men å kjenne at ein ikkje er ein del av eit studentmiljø og også slite med å forstå kva det er ein eigentleg studererer, er tungt. For etter endt mastergrad, kva jobbar kan eg få, kva kompetanse har eg når eg ikkje heilt forstår kva studie eg har gått?

Kanskje hadde eg for høge forventningar då eg byrja, men eg er ikkje den einaste som har vore frustrert. Og kanskje er det den mørke årstida som gjer at eg kjenner meg litt ekstra frustrert akkurat no. Eg veit ikkje. Eg veit eg er heldig som har mogelegheita til å studere det eg vil. Eg veit eg har det trygt og godt i motsetnad til så mange andre her i verda. Men eg treng likevel å få ut noko av frustrasjonen, og sjølv om bloggen min for det meste handlar om dei små gledene i kvardagen, er det her eg faktisk kan skrive ned det eg går og tenkjer på.

Dette skreiv eg i midten av november i fjor, med andre ord for over eit halvt år sidan, faktisk nærmare åtte månadar sidan. Eg har ikkje posta innlegget før no av fleire årsaker. For det fyrste så treng slike blogginnlegg å modnast litt innimellom slik at eg ikkje skriv noko eg ikkje meiner. For det andre trengte eg "berre" å skrive det ned ein plass for å kunne gå vidare. For det tredje har det skjedd mykje sidan eg byrja på innlegget, og eg har kjent på at eg ikkje kunne leggje ut alt medan eg framleis heldt på å skrive masteroppgåva. Men de har sikkert skjønt at det har vore tungt. Ein ting er det med studentmiljøet som eg allereie skreiv i november og også det at lærarane ikkje alltid har vore einige seg i mellom. Noko anna er det når administrasjonen på instituttet ikkje har fungert optimalt, lærarar har blitt permittert, andre lærarar har vore sjukemelde utan at me har fått beskjed og generell informasjon over itslearning har vore lik null. Og dette er berre noko av det.

Det er så mykje som har gjort at prosessen med å skrive denne oppgåva har vore mykje tyngre enn det hadde trengt å vere. Eg har ikkje tal på kor mange gongar per veke eg har gråte i denne perioden. Greitt, eg er ein emosjonell person til vanleg, men dei siste månadane har det vore endå meir enn vanleg. Eg har jamt over vore sliten, trøytt og ganske mange gongar hatt lyst til å gi faen i heile oppgåva. Til å vere ein person som sjeldan banner, er dette sterke ord, men det er sant. Heldigvis er det litt lettare no. Eg veit enno ikkje heilt kva eg "kjem til å bli", men eg har i alle fall fått gode jobberfaringar ved biblioteket. Smilebandet er stadig oftare framme, det same er roa. Når det gjeld tida mi ved UiS: No kan eg leggje det bak meg, eg er ferdig med mastergraden, ferdig med ørten månadar med oppgåveskriving, ferdig med munnleg eksamen. No kan eg leggje det bak meg.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

<3<3<3 Kjære deg. Jeg kjenner til hvordan det er å ikke ha et studiemiljø, jeg byttet jo halvveis og havnet mellom to stoler, kan man vel si. Det er ikke noe gøy i det hele tatt. Man føler seg veldig alene. Bedre blir det ikke når lærerne og foreleserne som skal hjelpe deg, ikke er enige og når opplegget rundt svikter. Det er ikke lett å forutse slike ting på forhånd, jeg vil si at det nærmest er umulig. Tøft av deg å velge noe hvor du var eneste student! Og tøft av deg å fullføre! Jeg synes du har all grunn til å være stolt av deg selv. Det høres ut som du har hatt det veldig tøft, men du kom deg i mål! Og som du sier, nå kan du legge UiS bak deg. Du er ferdig med det.

Klem <3 og god helg!

Silje sa...

Kjære gode, fine Ida! <3 Er så godt å høyre at andre også har hatt det tøft til tider og kan kjenne seg igjen. Ikkje sånn, eg unner jo ingen dette, men at andre har vore i same situasjon gjer det litt lettare. Må vel innrømme at eg akkurat no ikkje heilt ser kva utbytte eg har fått av å ta denne mastergraden, men samstundes er eg glad og nøgd for å ha fullført ^^

Tusen takk for dei alltid fine, oppmuntrande og gode kommentarane du legg igjen her. Eg set sånn pris på det <3 Klemmar, og god helg til deg også ^^

Legg igjen ein fin tanke