4. nov. 2015

Oppdage nye songar ☺︎



Når eg sit og arbeider med ei skuleoppgåve, slik som dette semesteret, er musikk noko av det som held meg oppe. Ikkje det at så fort eg set på musikk, så går skrivinga av seg sjølv, men med musikk så blir det i alle fall enklare. Eg høyrer fyrst og fremst på litt rolegare musikk når eg skriv, til dømes klassisk musikk, og gjerne frå filmar (Philip Glass sin musikk til filmen The Hours er ein av mine absolutte favorittar). Markéta Irglová og Laurence Fox er to musikarar eg høyrer mykje på, både når eg skriv og sånn utanom. Ein tredje er Glen Hansard. Både Irglová og Hansard høyrde eg fyrste gong i filmen Once. I etterkant har eg blitt meir og meir glad i songane deira, både dei songane dei syng saman (dei song saman i bandet The Swell Season) og dei songane dei syng kvar for seg. Hansard har nettopp komme ut med ein ny CD som eg henta på posten for to veker sidan. CD-en heiter Didn't He Ramble, og eg har allereie funne mine favorittar: "Grace Beneath the Pines", "McCormack's Wall" og "Her Mercy" (den fyrste kan de høyre i spelaren ovenfor). Rett og slett ei musikktilråding no når dagane blir mørkare og ein kanskje treng ei lita oppmuntring.

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Luisa Fernanda del Mar sa...

Så gøy å oppdage ny musikk! Ha en fin torsdag!

Silje sa...

Musikk er verkeleg noko som kan lyse opp kvardagen, og det å oppdage nye songar er jo som å tre inn i ein ny verd! Ønskjer deg også ein fin torsdag ^^

Ruth | HungryHeart.se sa...

Vad roligt att få lite nya musiktips!

Silje sa...

Når jeg hører noe jeg synes er veldig bra og fint, er det ekstra kjekt å tipse om det her på bloggen! :D

Legg igjen ein fin tanke