23. nov. 2015

Takkekortet vårt

Har visst heilt glømt å vise fram takkekortet vårt. Om ei veke er det plutseleg eit halvt år sidan me gifta oss. Takkekorta laga me sjølv, og dei blei tinga hos FotoKnudsen. Framsida er ein kollasj av fire bilete som bryllaupsfotografen tok og "Tusen takk" med prikkane me hadde på mange av trykksakene. Inne i kortet hadde me gjort plass til ei personleg helsing som me skreiv for hand i tillegg til ei felles helsing. Me hadde også tatt med datoen, fuglane som me også hadde brukt på dei andre trykksakene, to detaljbilete (eit av han og eit av meg) og i midten eit av dei finaste bileta, i alle fall i mine auge. Det heng jo til og med på veggen her i stova. På baksida kan ein sjå eit bilete av skoa våre, mine blå og hans brune, og buketten min i midten. Eit takkekort som me syntest var kjekt å lage, skrive på og sende ut, og eg håper så klart at folk sette pris på å få det i posten :)

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så fint! Dere var så fine begge to, altså. Elsker de blå detaljene!

Silje sa...

Ååå, så kjekk kommentar, Ida! :D Takk! Eg elskar jo den kongeblå fargen, så den måtte så klart vere ein del fargetemaet på den store dagen vår ;)

Sandra sa...

Superfint tackkort ju! Åh, så mysigt :)

Silje sa...

Kjekt å se at andre også syns de ble fine! :) Tusen takk for herlig kommentar, Sandra! :D

Legg igjen ein fin tanke