8. nov. 2015

Korpskonkurranse og mykje anna bra



Dei fire siste dagane har gått i eitt med både det eine og det andre. Gårsdagen var nok den beste av dei alle med tanke på å sjå alle folka frå brassbandet igjen! Var jo også utruleg kjekt med konsert på torsdag saman med mannen min og mamma :) Og i same slengen så vil eg få gratulere den besteste pappaen så mykje med farsdagen! Akkurat no regnar det i bøtter og spann ute medan me (mest eg om me skal vere ærlege) sit inne og ser på Downton Abbey. Blei visst ei lang liste denne sundagen:

✦ treffe alle dei fine og kjekke folka i Agder Brass igjen :)
✦ høyre "Anthem" og "Love Is An Open Door" på Beat for beat
✦ få postkort frå Spania frå ei av mine beste veninner
✦ le høgt av denne (har sikkert delt den før), og kjenne meg igjen i dette sitatet
✦ tur innom PWC-messa
✦ desse fine tipsa hos Kristin til korleis ein kan få ein litt lysare november
✦ sjå gjennom reklame frå Ellos der dei viser undertøy på ei dame som har eit synleg arr – så utruleg kjekt å sjå uretusjerte bilete. Og denne saka på NRK
✦ høyre Agder Brass spele i Siddis Brass, og feire 5.plassen med dei (nr. 5 av 16 korps i 2.div)
✦ kjekt å lese at det blir gjensyn med serien Cold Feet (Kalde føtter på norsk)
✦ Tønes-konserten
✦ om det å seie "ha det" og at alt har sin tid, eit fint blogginnlegg hos Emma
✦ alltid kjekt med fleire bruktbutikkar i byen
✦ ha nok bøker å lese på, bøker som ikkje har noko å gjere med skule eller jobb
✦ herleg bileteserie med det skjønnaste piggsvinet, og desse søte kattungane
✦ den vittige serien Smæsj med kulaste Linda Eide
✦ "10 Things...To Do When You're Feeling Nostalgic"
✦ vil reise til Praha no med ein gong for å se dette biblioteket
✦ "Kassadama på Rimi" – ein fin og viktig liten kommentar
✦ tårar og latter om kvarandre når eg ser Downton Abbey. Den serien er verkeleg ein av dei beste!
✦ strøtankar som vekkjer kjensler
✦ dette lille biletet, kjenner meg veldig igjen ;)

0 kommentarer: