9. nov. 2015

Om ein trettitre år gammal kjole

Eg har lenge visst at om eg ein dag skulle gifte meg, så ville eg gjerne bruke mamma sin brudekjole frå då ho gifta seg med pappa. Året dei gifta seg var 1982, og med tanke på 80-talsstilen, så det var ikkje sjølvsagt at eg ville like den. Men det har eg alltid gjort! Kjolen var heilt enkel, med blonder ytst og ein underkjole inst. Ermene gjekk ned til olbogane og var litt flagrande. I midja hadde mamma eit band som ho knytta i ei sløyfe bak på ryggen (viser ikkje på bileta). Halsen var rund med ein krage, og det "ruflete kragebandet" gjekk igjen både på ermene og eit stykke ned på kjolen.


Dei ruflete banda og det at halsen var rund, var det eg likte minst ved kjolen, så eg visste at det var noko små og store ting eg gjerne ville gjere for at kjolen skulle bli meir moderne, meir min. Mamma syntest det var stas at eg ville bruke hennar kjole og var med på idéen om å modernisere den. Me kontakta ein skreddar som kunne hjelpe oss, og sluttresultatet blei så meg, av mangel på andre ord. Alle dei ruflete banda blei tatt bort, og fordi det eine bandet hang fast på blondestoffet, blei den nedste delen av blondene tatt heilt bort. Det lause bandet i midja forsvann, men det blei sydd på eit anna tynt stoff på same sted for å markere midja. Slik er den nye versjonen i stil med den gamle.


Over har eg samla nokre detaljbilete av kjolen og av veska som blei sydd av noko av blondestoffet som blei tatt bort då me byrja å fikse på kjolen. Mamma sin kjole hadde to lag med blonder. For å få til det me ville med min versjon av kjolen, blei det berre eitt lag. Difor la skreddaren inn eit ekstra stoff slik at eg hadde to tynne underkjolar med eit tynt lag blonder ytst. Halsen på blondestoffet blei gjort om til V-hals medan underkjolane blei ein blanding av V-hals og hjarteforma hals. Det blei lagt til ekstra legg i underkjolane slik at det blei meir volum når eg gjekk og dansa, og også fordi sjølve blondekjolen var blitt kortare etter å ha tatt av den nedste delen. Ermene blei som nemnt kortare og ikkje fullt så flagrande, og på alle kantane la ho eit fint lite band. Ryggen var dekka med blonder, men underkjolane var kutta til ein V-fasong slik at kjolen ikkje skulle kjennast så tett. Sjølv om eg i byrjinga var skeptisk til å la blondekjolen vere kortarte enn underkjolane, så blei sluttresultatet eigentleg ganske friskt, og eg synest det gjorde kjolen litt ekstra leiken.


Og til slutt to bilete der ein kan sjå kjolen i profil, tatt av Julie Vold. Utruleg kjekt å sjå at kjolen fekk litt meir liv ved å leggje til nokre ekstra legg i underkjolane :) Eg kan enno hugse kjensla av å kjenne meg så vakker og så himla glad, og eg er evig takksam for å kunne bruke mamma sin brudekjole, men i ei ny drakt som passa meir til meg. Tusen takk til mamma for at eg fekk lov til å bruke kjolen og gjere den om til min eigen, og så klart takk til skreddaren for den fantastiske jobben! Å bere ein kjole med historie, ein som ingen andre har, er noko heilt spesielt!

9 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ruth | HungryHeart.se sa...

Så himla fin klänning! Alltid roligt att kunna använda det som gått i släkten och redan har en tradition och historia.

Silje sa...

Er så enig i at det alltid er kjekt og stas å kunne bruke et plagg som allerede har en historie :) Og når jeg alltid har hatt lyst til å bruke kjolen, var det ekstra kjekt å faktisk få det til på vår store dag! :D

Luisa Fernanda del Mar sa...

Så fint å kunne bruke kjolen til mamman din! :)

Silje sa...

For ein som elskar loppis, gjenbruk og ting som har ei historie, var det litt ekstra kjekt og utruleg fint å kunne bruke mamma sin gamle brudekjole! ^^

Sandra sa...

Så fint det gick att göra den. Vilken skatt!

Anonym sa...

Kjekt og rørende at du kunne bruke den Silje. Åh, hvor tiden flyr ! Over 33 år siden jeg brukte den selv..Og omsyingsresultatet ble virkelig bra !
Klemmer

Silje sa...

Sandra: Ble veldig fornøyd med kjolen, og som du sier så er det jo en ekte skatt. Så fin og unik! :D

Mamma: At tida flyr, trur eg det er mange som er einige i ;) Er uansett så nøgd og glad for å ha fått bruke den kjolen, sjølv etter trettitre år! Klem til deg også ^^

tea sa...

Åh, så utrolig fin! Og bare enda mer spesielt at den var moren din sin. Synes moderniseringen av kjolen var helt perfekt!

Silje sa...

For meg var ein del av opplevinga det at kjolen var eit arvestykke ^^ Det gjorde det heile så ekstra spesielt, og då me i tillegg fekk sydd den om til å bli meir moderne og litt meir den stilen eg ville ha, blei den berre endå finare!

Legg igjen ein fin tanke