Tenk at det er fyrste sundag i advent om berre ei veke! Denne hausten har gått så fort, både på godt og vondt. Godt fordi eg heile vegen er nærmare fullført mastergrad, vondt fordi eg kjenner på stress og dårleg tid angåande det same temaet. Veka har vore tung når det gjeld oppgåveskriving og innhenting av datamateriale, men eg skal komme i mål til slutt. Eg skal. Har heldigvis skjedd ein del gode og fine ting denne veka som gjer at smiler likevel :) Og under kjem dei aller fleste:
✦ klare å gjette mange av oppgåvene i Beat for beat før deltakarane :)
✦ "Adele goes undercover" – herleg og morosam video med Adele i spissen
✦ lunsj i byen med tre fine damer
✦ 5 fanteoriar om Harry Potter
✦ dei svarte polaroidbileta frå Polabora som kom i posten
✦ Synne sin mini-podcast :)
✦ ete middag på skulen saman med dei andre som tar masteroppgåvemnet
✦ fint innlegg om å leve her og no hos Maria, og dette innlegget hos Sandra om det å angre seg og skifte retning – så bra skrivne om viktige emne
✦ roleg laurdagskveld med den beste pizzaen, finaste mannen og The Producers frå 1967
✦ kjenner meg veldig igjen i det Ina skriv i dette innlegget: "Om livet hadde tatt en annen retning"
✦ få adventsmagasinet, som Mariell har laga, i posten (sparer det til neste helg, for det er jo fyrst då at adventstida har byrja)
✦ ha besøk av ei god veninne
✦ så herlege dyr hos cuteoverload.com: søtaste koalaen, dei raraste holepiggsvina og desse her
✦ lukta av nysteikt brød i heimen
✦ for eit søtt bokmerke; eg vil også ha ;)
✦ ha nok bøker å lese på innimellom skulearbeidet
✦ "Om att trivast i sitt eget sällskap" og "Jeg var utbrent"
✦ så smått byrje å høyre på julesongar
✦ finfin inspirasjon angåande det å pakke inn julegåver
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Hm... Jeg lurer på hvordan min snute er kommet på det bildet?
Hilsen fra Jeremias - med påholden pote.
Må jo ha med Jeremias på nokre bilete her i heimen :D
Legg igjen ein fin tanke