20. nov. 2015
Luftballongar i stova
Før eg fekk den nye Macen, hadde eg lenge tenkt på å friske opp den gamle litt ved å lime på noko kontaktplast med marmormønster frå Panduro Hobby. Kontaktplasten kjøpte eg, men eg kom aldri noko lengre enn det. Så når eg då skaffa meg ny maskin, fann eg ut at no skulle eg gjere det. Hadde ikkje lenger lyst til å bruke marmormønsteret (kan heller bruke det på andre ting), så difor byrja eg å kikke litt rundt på nettet. Nettstaden society6.com er plassen å leite! Her finn ein personar som sel ørten forskjellige mønster, bilete, teikningar og liknande på alt frå T-skjorter til plakatar og slike klistremerke til datamaskinen. Nesten vanskeleg å velje fordi ein finn så mykje bra her, men eg klarte å velje til slutt. Motivet eg fall for, har eg eit lite bilete av på veggen inne på gjesterommet. Då eg såg at kunstnaren, David Fleck, sel motiva sine på forskjellige produkt hos society6, var det plutseleg enkelt. Tinga klistremerket heim, og det tok ikkje lang tid før det kom i posten. Enkelt å få det på dataen, og sjølv om eg ikkje har prøvd, er det nok relativt enkelt å få det av også om ein vil bytte; det er nemleg ikkje som eit heilt vanleg klistremerke, men litt tjukkare og spesiallaga til akkurat dette bruket. Synest Macen blei mykje meir meg, meir personleg og mykje friskare. Alltid kjekt med litt fargar samstundes som at motivet ikkje blei altfor mykje. Rett og slett kjempenøgd! Sit her med oppgåva, og seinare i dag er det av garde til jobben. I morgon er det helg :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Så fint det blev! Gjorde verkligen stor skillnad :)
Digger resultatet, og blir glad så av å se motivet lyse opp den grå høsten! :D
Legg igjen ein fin tanke