No er det gått nokre veker sidan førre sundagsliste. Men sånn blir det når ein er ute og reiser to og ei halv veke i strekk. Er no heime igjen i Stavanger, for i morgon tidleg er det av garde til jobb på Gamlingen. Har hatt ei fin veke på Sunnmøre sjølv om vêret ikkje viste seg frå si aller beste side ;) Og i og med at det er ei stund sidan førre liste, vil det vere ein del punkt på lista denne sundagen:
✦ dei fine konsertane, dei beste folka og den herlege stemninga på Vinjerock
✦ denne fine teksten med alle dei ulike og vakre svara på korleis dei veit at partneren er den rette
✦ høyre på Reiseradioen og plutseleg få høyre songen "Hyllest til Larkollen", ein song eg hugsar frå TV-serien Campingliv som gjekk på NRK tidleg på 2000-talet
✦ "50 saker en kan göra på sommaren för nästan inga pengar alls" hos Emma
✦ å kjenne skuldrene senkje seg og berre nyte roa på hytta ute på Kråkerøy
✦ fullt hus, skjønnaste elefantungen, "How 'Bout A Cup Cat of Coffee?", søte andungar og desse kattungane, alle hos cuteoverload.com
✦ finne noko fint på bruktbutikken Kyrkjetorget
✦ snart vere ferdig med fotobok frå turen vår i fjor
✦ at fine Ida delte Vinjerock-innlegga mine i dette innlegget
✦ gå ein tur ikkje langt unna barndomsheimen til mannen min, sjå ein kul sykkel med ein blomekasse og berre ta livet med ro
✦ eit fantastisk fargerik blogginnlegg hos Girl with Curves
✦ ete lunsj og drikke kaffi på kaféen Tante Bruun i Ålesund
✦ å finne kjærleiken sjølv om ein er sytti år gammal
✦ kose med finaste Jeremias
✦ shoppe ute på Devoldfabrikken og vere på utflukt ute på Alnes fyr og Giske kyrkje
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
For en fin liste! Jeg likte også veldig godt teksten om hvordan man vet at partneren er den rette ^^ utrolig mange fine og koselige svar, likte også at det ikke trenger å være så komplisert. Noen ganger så vet man det bare, og så enkelt er det. Takk for link til bloggen min, fine du! ^^
Jepp, utruleg mange koselege og fine svar med det faktum at det ikkje alltid er så utruleg komplisert. Det berre er slik! :) Ønskjer deg ei kjempebra veke, Ida ^^
Legg igjen ein fin tanke