15. jul. 2015

Gamlebyen i Fredrikstad (og litt frå sentrum)

Etter å ha fått oss ein god natt med søvn og ete ein perfekt frukost på laurdag, køyrde me alle fire bort til gangbrua som går frå Kråkerøy og over til Fredrikstad sentrum. Me tok beina fatt og gjekk over brua før me så gjekk litt rundt ved Glomma, titta og nøyt det fine og varme vêret. Tok byferja over til Gamlebyen og der var det ein god del med folk kan ein trygt seie. Me åt ein softis kvar, vandra rundt blant bruktskattane på torget, titta over til Fredrikstad domkirke og hadde ein god lunsj medan me fekk ein minikonsert på Café Magenta. Før me vende snuten tilbake til hytta, gjekk me litt rundt på vollane, såg ein finfin telefonkiosk og eit morosamt skilt. Tok ferja tilbake til sentrum igjen, gjekk over gangbrua og måtte også beundre den stilige kunsten på Kråkerøysida. Resten av dagen sat me ute i sola, las i kvar vår bok og kjente på at det er godt å ha ferie :)

Legg igjen ein fin tanke