8. juli 2015

Feriero

Dagane går i eitt, og etter åtte dagar i strekk på jobb, merkar eg at det skal bli godt med littegrann ferie. Har ikkje skjedd så mykje her dei siste dagane bortsett frå at eg har jobba, så eg sleng ved to bilete av eit fint tre som bloma så fint her utanfor blokka vår. Blomar på tre gir meg ei god kjensle i kroppen, ei ro som er så innmari fin, både dei rosa på kirsebærtrea og desse kvite. Ikkje at dette er så mykje å dele, men på ein eller annan måte blir eg glad inni meg av å sjå på slike bilete :) Som sagt så er det elles lite nytt her. Eller: eit venepar av oss har trulova seg, og eg må jo berre nok ein gong gratulere dei så mykje! Finingar ♡ Og så gleder eg meg til Fredrikstadtur og Vinjerock :)

Legg igjen ein fin tanke