13. nov. 2014
Globuslampe i taket
Hugsar ikkje heilt kor eg fann idéen, men eg trur det var på Pinterest. Men: sidan eg fann denne idéen, så har eg heile vegen hatt den i bakhovudet og eg visste at ein slik ein skulle me ha når me ein gong fekk vår eigen plass å bu. Som sagt, så gjort. Ei globuslampe i taket skulle me ha! Sjølve globusen kjøpte eg for over eit år sidan, på ein loppemarknad i Kr.sand. Etter at me (endeleg) kjøpte oss ei leilegheit, søkte eg litt rundt på nettet, og det var vel denne eg brukte mest for å få inspirasjon og som ei lita oppskrift på korleis dette best kunne la seg gjere. Pappa hjalp meg med å lage eit nokonlunde rett og beint hol og også med det elektriske (for eg var nok litt ambisiøs der, ja). Kjøpte eit naturfarga linband hos Stoff & Stil, limte det på nedst med ein solid lim, og med det var kanten fin og lampa kunne hengjast opp. Den gir godt lys, og me er i det heile tatt kjempenøgd med det ferdige resulatet! Lampa heng over spisebordet vårt i stova, og er med det også eit lite blikkfang med ein gong ein kjem inn i rommet. Eit ordentleg fint samarbeidsprosjekt :)
Merkelapp
diy,
interiør og bustad,
loppis og gjenbruk
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Det ble jo en akseptabel og brukbar løsning !! :-)
Må seie oss nøgde med den, ja :D
Legg igjen ein fin tanke