27. nov. 2014

Smil og fargar i eksamenstida

No om hausten er det spesielt kjekt å kunne ha på meg nokre fargerike genserar. Altså – eg gjer det jo året rundt, men i og med at hausten har ein tendens til å vere ein mørk, trist og går årstid, er det noko ekstra med fargar. Og det å kunne ta på meg ein genser som eg har fått (les dette og dette innlegget), gjer det jo berre endå betre :) Hadde ein bra dag på skulen i går medan eg i dag tok ein heimedag med litt skulearbeid, ein liten gåtur, vaska klede og høyrt mykje på musikk. Tre veker kjem til å gå fort, så eg veit at eg ikkje har supergod tid, men eg treng ein slik dag oppi det heile. Så får det heller bli skulen både i morgon og på laurdag og ein del dagar framover (og så beklagar eg om bileta ser litt "slørete" ut; har merka at det skjer av og til når eg lastar dei opp til bloggen...).

2 kommentarer:

Moder'n påMøre sa...

He, he - fine gensere :-) Spesielt liker jeg den grønne - den ble jo brukt noen ganger av undertegnede. Håper den ikke er noe særlig slitt :-)
Her har det vært Moadag i dag + at "faderen" var på sykehuset og ble "skutt" i øynene! Ikke så ille som det høres ut, men en nødvendig greie for å forebygge alvorlig øyesykdom seinere.

Silje sa...

Den sjøgrøne er berre nydeleg! :) Høyrde om det med augo, og håper jo så klart at det går bra. Her er det ikkje så mykje nytt; for det meste eksamensskriving og jobb ;)