21. nov. 2014

Eit lite fredagsbilete

Sånn som dette har dagen min sett ut i dag! Og for så vidt i går også, berre at då sat eg på skulen i staden for her heime. Elizabeth og Darcy står i fokus når eg prøver å bruke eit omgrep frå pensum i ein roman som er basert på Stolthet og fordom. Kjenner eg byrjar å bli lei, men på tysdag får eg enno ei eksamensoppgåve, så det har berre så vidt byrja. Men slik er det jo kvart år rett før jul, så eg veit det skal gå ;) Me har elles vore ein tur innom Kilden i dag for nokre småærend, og då slo det meg kor heldige me er som bur så nært det me treng, og då særskilt skulen – berre femten minuttar på sykkel. Denne helga blir nok for det meste brukt til skulearbeid, gå ein tur og skru TV-møbelet.

4 kommentarer:

Spissmorkel sa...

Har du lest wuthering Heights? Om du er glad i klassikere så burde du lese den :)

Silje sa...

Har nok lese den, ja, men det er ei god stund sidan. Kanskje eg skal låne den på biblioteket og lese den ein gong til i jula?! :)

Spissmorkel sa...

Det er en ganske tragisk bok med mye lidelser men absolutt verd og få med seg :)
selv skal jeg lese Charles Dickens i jula :)

Silje sa...

Akkurat no har eg nok med å konsentrere meg om pensum, men nettopp difor skal det bli så fint når jula kjem med stearinlys og bokhygge :)