3. sep. 2014

Mormorserviset

Noko som er veldig fint, er å pakke ut alle eskene me har og finne ting eg har arva frå mormor. Etter jobb og slikt i dag, var me alle saman inne i leilegheita vår for å gjere ein innsats. Åt litt pizza (frå Pizzabakeren...) før me byrja slik at me hadde bensin i kroppen. Medan mamma og pappa fiksa den eine veggen inne stova og han der fine måla badegolvet, byrja eg å pakke ut av alle eskene, vaske nokre skap, setje på plass inne i skapa. Å kunne pakke ut dette fine serviset i kvitt og blått som tidlegare stod i mormor si leilegheit, gir meg ei kjensle av ro og gode minne ♥. Dette serviset kjem til å bli "finserviset" vårt, så no er det berre til å komme på besøk. I tillegg passar det godt til nokre av dei andre småtinga som eg skal ha på kjøkkenet, som klokka og tekanna :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Å - nå blir jeg litt misunnelig! Så fint servise - akkurat sånn som jeg liker, for jeg er også en litt "blå person" og liker glass og servise med blått i :-) Mye finere enn alt det moderne designet som de selger nå til dags! Vi får se om det blir en mulighet til å spise av dette en gang i hvertfall - det må vel la seg gjøre.
Og så henter vi deg på Vollen i morra :-)

Silje sa...

Serviset er heilt nydeleg (eg er jo, som du veit, veldig glad i blått) samstundes som det betyr litt ekstra å ha eit servise frå mormor ståande i skapet heime hos oss. Sender ei melding når eg sit på bussen i morgon :)

Legg igjen ein fin tanke