17. sep. 2014

Bryllaupstankar midt i ein travel kvardag

Fotograf til bryllaupet er no i boks saman med kyrkja og lokalet. Om ikkje mange månadar er det på tide å sende ut invitasjonar, og allereie no tenkjer eg på korleis eg vil dekorasjonen skal sjå ut, kva fargar eg vil ha og kjolen må eg snart få tilpassa. I og med at eksamenstida kjem fort nok slik den alltid gjer om hausten, prøver eg å gjere litt bryllaupsrelaterte ting innimellom pensumlesing og fiksing i leilegheita. Så eg tek fram forskjellige bryllaupsmagasin, bryllaupseskene mine og til helga har eg sett av tid slik at eg kan få gjort ferdig eit utkast med tanke på invitasjonane. Er det forresten nokon som klarer å gjette kva farge som er hovudfargen?! Ganske så okei å ha noko anna å tenkje på som ikkje er skule- eller oppussingsrelatert, og når dei største tinga er på plass, kjenner eg at eg klarer å senke skuldrene og ikkje stresse. Bryllaup skal vere noko fint, noko som ein skal ha det kjekt med. Det er mykje som skal på plass, mykje som skal ordnast, men om ikkje alt er hundre prosent perfekt til den store dagen; gjer det eigentleg noko?! Altså: eg stressar jo litt med bryllaupet (som mange av oss jenter gjer), men eg har også byrja å innsjå at det som verkeleg betyr noko er at eg skal seie "ja" til mannen i mitt liv, me skal seie "ja" til kvarandre foran familie og vener, me skal feire vår kjærleik ein heil dag. Det er det som betyr noko, ikkje om bordkorta eller andre smådetaljar ikkje blei hundreogti prosent perfekt eller om håret ikkje ligg akkurat slik eg såg for meg i hovudet. Vel, no skriv eg dette i ein augneblink av ro, for når tida kjem er sikkert skuldrene mine langt oppe i vêret. Men eg vil prøve å kose meg med førebuingane så langt det lar seg gjere. Til sjuande og sist er det viktigast at det blir ein strålande dag saman med dei som betyr noko 

Legg igjen ein fin tanke