10. sep. 2014

Tidskapsel

Tenk å kunne reise tilbake i tid. Til 70-talet, litt 80-talet. Å nesten kjenne seg som Jennifer Cavalleri (Ali MacGraw) i Love Story med tanke på den raudruta kragen og mansjettane. Kunne ha på seg ein kjempefin sennepsgul genser som liknar på denne kjolen, og også ein stripete genser med ein brunfarge som skrik 70-talet. Slik opplev eg det å kunne gå i gamle klede. Ikkje berre er det kjekt å på ein måte kunne reise tilbake i tid, men det å bruke gamle klede er også bra for miljøet. Retro og gjenbruk er ordentleg fine greier. Dei fire øvste plagga er berre nokre av dei plagga eg fekk med meg heim i helga; mange av dei er varme vinterplagg, så fleire bilete får komme seinare. Den kvite toppen på det siste biletet er henta frå skapet til mormor, noko som gjer den ekstra spesiell.

2 kommentarer:

Moder'n på Møre sa...

He, he - tok du med den genseren med rutekragen? :-)
Jeg syns forresten at du kler den kvite, lodne genseren veldig godt. Fin krage som passer deg! Og så gleder jeg meg til du dukker opp i den blårutete kjolen :-)

Silje sa...

Gleder meg veldig til å bruke kjolen, anten som ein enkel sommarkjole eller no til hausten/vinteren med ei ullstrømpebukse under :)