Skuleåret er offisielt i gong. Har nettopp komme heim frå studiestartopninga der det blei halde taler av blant anna rektor, ordfører og også
kunnskapsministeren. I tillegg var det innslag av musikk, som
Tønes og og strykeensemblet
1b1, og humor med komikar
Rune Bjerga. Ein fin start på skuleåret. I morgon er det infomøte på studiet mitt; undervisninga startar ikkje før neste veke. Vil eigentleg berre dele eit par bilete frå kaffidaten vår som me hadde på laurdag. Då var me nemleg ein tur i Sandnes for nokre ærend, og då det var unnagjort, sat me oss ned på
GamlaVærket. Ting tok litt tid (mange folk), men etter kvart nøyt me kvar vår kopp med god kaffi og ein makron kvar. GamlaVærket har ordentleg god stemning, og sjølv om det ofte er mange folk og med det litt trangt, er dette ein stad der eg kan sitje, berre sjå på folka rundt, prate, slappe av.
Legg igjen ein fin tanke