13. aug. 2014

Interiør og mitt fine instrument

Sit her i stova og koser meg med ein kopp kaffi medan eg blar litt i den nye IKEA-katalogen. Me har ikkje funne ein bustad enno, men eg må jo få lov til å drøyme meg litt vekk og kikke på alle tinga dei har på IKEA. Heldigvis har me jo ein stad å bu i motsetning til mange andre, så det går greitt enn så lenge. Tidlegare i dag tok eg fram trombonen, fekk smurt den litt og til og med spelt nokre tonar. For ja, eg har hatt sommarferie og har ikkje rørt instrumentet på ei god stund. Det gjekk overraskande greitt, men heilt i toppform er eg ikkje. Får vel øve litt kvar dag, så er eg der ;)

2 kommentarer:

Randi sa...

Å Silje! Nå va det så lenge siden eg hadde sitt på bloggen din, eg leste ikkje alle innleggene, men såååå mye fine bilder; og de forteller jo også historien :D ser ut som du har hatt ein super sommar! Klem fra Randi

Silje sa...

For ein fin kommentar, Randi! :D Jepp, sommaren min har til no vore veldig bra med ein del reising, litt jobbing og så har eg også fått tid til vener. Akkurat slik ein sommar skal vere :) Håper du også har hatt det fint, og at du får ein fin haust! Klem tilbake! :)