✦ kjøp av leilegheit
✦ ein adoptert og herleg katt som til no har meir enn 1 million følgjarar på Instagram
✦ få nydelege roser av kjærasten etter leilegheitskjøpet
✦ å le av denne videoen, for eg må ærleg innrømme at eg kjenner meg igjen
✦ høyre songen "Under Pressure" heilt isolert, kun med Freddie Mercury og David Bowie sine stemmer
✦ tenk at me har slike heilt utruleg fine hytter rundt om på fjella i Noreg
✦ ordentleg kjærastelaurdag med et par småinnkjøp til leilegheita, kafébesøk og filmkveld
✦ smile av dyrevideoar som denne frå akvariet i Ålesund og denne med nokre elefantar i sentrum
✦ sitje inne med ein kaffikopp i handa og høyre at det pøser, ja, det dett ned, med regn ute
✦ denne fantastiske talen om korleis det er å vekse opp med to mødre
✦ ha besøk av ei god barndomsveninne med taco, prat, film og litt feiring
Legg igjen ein fin tanke