Her skrubbast og vaskast det, me pakkar og ryddar, kryssar av på lista vår når det eine punktet etter det andre er gjort. Og så klart: oppi alt det som skal gjerast, er eg blitt så bort i hampen forkjøla. Ikkje noko særskilt gøy no, akkurat no når me skal til å flytte. Det byrja så vidt på syttande mai, og så er det blitt verre. Men pakke, vaske og flytte må me, og eg satsar på å vere frisk og rask til me reiser. For no er det plutseleg berre seks dagar igjen til me er av garde på tur :D
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Stress setter ned immunforsvaret! Du har nok hatt det for travelt :-)
Aldri opplevd det før.... Å, joda, det har eg :P Men er på veg til å bli betre, så det går vel helst bra :)
Legg igjen ein fin tanke